fredag 27. juli 2007

Lesestoff

Det regnar i dag. Difor har eg funne meg eit tema det passar å irritere seg over i innevèr. Det har seg nemlig slik at det jobbar mange sosiale konsulentar på kulturhuset på Bømlo. Nettopp. Sosial konsulentar og ikkje sosialkonsulentar. Eg vert opprørt og ein smule irritabel når eg ser slikt. Og HALLO! I eit kommunalt bygg! Det neste eg får er vel eit skilt det står "rein haldar" på. Det er rett og slett grysjeleg! (Ja, det er faktisk eit ord som skildrar både seg sjølv og slike evneveike orddelingsfeil opp og ned tusen gongar.)

Eg må nemne eit uttrykk òg: "ein heil del." Kva er så ein heil del? Ein heil del problem. I alle dagar. Ein heil del, ein god del og kvasomhelst del: det er for søren ikkje brøk me snakkar om. Eit tåpeleg uttrykk som er hjarteleg omfamna av Bømlo-nytt. Usj. Og medan eg pratar om Bømlo-nytt, så må eg le høgt og rått: det er greit at det er agurktid, men å bruke ei heil side i avisa på å skrive om at julenissen er observert sovande i kjellaren på Amfisenteret på Stord er jo rett og slett latterleg! Sitat:

"(...) Under ein tur på Amfisenteret på Leirvik kjem underteikna tilfeldigvis forbi ein kjendis som ligg og slumrar i kjellaren. Det er sjølvaste Julenissen som ligg i djup søvn i ein diger kasse med julepynt. Oppi kassa sit også alven, den vesle hjelparen til Julenissen. Etter travle tider med utdeling av presangar og snop i desember, og ein vår med førebuingar til jul, ser det ut til at Julenissen har teke turen frå Nordpolen til Stord for å få litt fred frå alt kjas og mas. Ein litt motvillig alv fortel at nissen gjerne tek seg ein lang og god lur på denne tida av året, for å lade opp til ei travel førjulstid og juletid. (...)"

Jaha - to fargebilete av ein plastnisse oppå ein kasse med julepynt og ein tekst om INGENTING. Det er greit at dette er ei lokalavis, men dette er jo beyond idiotisk. Når journalisten i tillegg klarar å røpe at han har vore på handelslekkasje til Stord og skriv om ein julenisse han fann der, altså, på STORD, kan ein byrje å lure på opplegget. Har Bømlalappen ein hemmeleg agenda om å propagandere samanslåing av Bømlo og Stord til ein kommune? Er journalisten kjøpt og betalt av næringslivet på Stord for å oppmuntre til handelslekkasje over bruene? Har julerushet og kjøpepresset starta rekordtidleg i år?

Nei, eg seier som Brynjar Stautland i eit vers av Bømlasongen: "Kver onsdag og fredag føle adle seg snytt, for at di betala abbonementet på Bømlanytt. For der står jo bere da so skjedde i går, og da vett me jo frå før for rykto dei går."

tirsdag 24. juli 2007

Festivalsommar

Den overskrifta ser me i alle aviser, vekeblad og liknande trykksaker kvar sommar, så kvifor ikkje nytte den i bloggen min? Eg har nemleg vore på to festivalar i sommar, om dei no er litt lokale...

Etter at eg kom heim frå Bergen på laurdag, bar det ut til Gloadungsøya og mikrofestivalen Dungstock for å møte mykje smikka* og høvesvis få folk. Eg var så heldig at eg fekk plass på ein skyssbåt sjølv om eg var litt seint ute, og eg hadde pakka soveposen i tilfelle eg ikkje skulle kome meg heimatt. Vel framme sto alle festivaldeltakarane og vinka og Torstein, initiativtakar og sjølvutnemnd festivalsjef, kom oss i møte på flytebryggja.

Bernt Ståle på flytebryggja med den gule båten sin i bakgrunnen. Foto: Agnete

Kvelden gjekk unna med grilling og leirbål utandørs og eit heise** ljosshow innandørs. Vegar og Øyvind hadde nemleg investert i ljosanlegg i høve festivalen. Her var det både røykmaskinar, diskokuler, blits og ymse andre ljoseffektar som skulle gjere oss glade. Musikken var det heller ingenting å seie på, her var det alt frå blues til lovsong, så dansegolvet var ikkje trygt eit sekund. Alt dette vart driven av eit aggeregat innleigd for høvet, det er nemleg ikkje straum på Gloadungsøy. Leirbålet var særskilt koseleg, og eg imponerte alle med uthaldet mitt i varmen. Klokka vart 4 før eg fekk fylgje av slekta opp til Hotell Gloadungen der eg fann meg ein ledig plass på kjøkengolvet. Eg sovna nok momentant, for det neste eg hugsar var ljoden av noko som eg trudde var eit sagbruk. Det var no sundag morgon og det viste seg at det berre var ein stovebebuar som snorka. På trass av dette sov eg godt vidare til vekkingskomitèen trampa inn med morgonsong og eit ynskje om å kome seg av øya.

Alt ljod- og ljosutstyret vart snøgt lasta i båtane, ingenting gjekk på sjøen, og Dungstock 2007 var med det over. Bernten skyssa folk inn til Steganeset med den gule båten sin, og heime kunne ein endeleg vaske vekk myggsaft og bållukt som no var det einaste som framleis vitna om festivalsommar (i alle fall for meg, det var vel kanskje nokre som hadde andre symptom :P)

Heime hadde me familiebesøk frå austlandet, og det er alltid godt å sjå att slekta. Vebjørn sjarmerte alle med sitt litt ustabile humør og det var god mat og mykje moro med syskenborna mine på høvesvis 4 og 9 år. Dei fekk til og med ri på ponni utanfor, så då var dagen berga.


For Vebjørn svinga det raskt mellom lått og smil og...

...ei skikkeleg leppe og brelehumør.

På kveldstid gjekk eg og Elisabeth ein tur på Siggjo, noko som var kjempeherleg! Det var kaldt på toppen, men det var friskt og godt å røre litt på seg.

*bittesmå mygg
**voldsomt

søndag 22. juli 2007

Bergenstur - "Parskjesjøfvålåbia"

På fredag reiste eg til byn for å arrangere avsluttingsfest for Solbjørg og Magnar, noko som eg hadde gledd meg til i lang tid. Ikkje at eg vil bli kvitt dei, men ein fest med mat, fantastiske folk og påfylgjande dansing er verkeleg ikkje feil. Som de kanskje har sett i eit tidlegare blogginnlegg, så driv eg og jobbar på kulturhuset, så eg meiner bestemt at eit lite avbrekk er meg vèl unt.

Dagen byrja med jobb, og så kom eg for seint til kystbussen. Herleg. Heldigvis fekk eg ta neste buss med den same biletten fordi eg faktisk HADDE komt i tide. Det var nemleg bussen som gjekk før tida. Faktisk.

Eg hadde ca. 2 timar på meg før folka kom då eg kom inn dørene, så eg vaska i rekordfart. Eg var ein smule stressa, men det ordna seg sidan eg har blitt så ekstremt dyktig til vasking denne sommaren. Stort utbyte av sommarjobben dette året. Overraskande nok var det Makalani som ringte på fyrst denne kvelden, og så kom den eine etter den andre. Til slutt var stova fylt til randa, og me sette fram bollar, kaker og anna knask. Dette var ein ekstremt kjekk kveld. Eg trur alle likte seg og åt seg mette (og kvalme?) på kakemat. Låtten runga høgt og Elisabeth sine blonde kommentarar var i stor grad tilstandeverande.

Eg bakte bollar til festen. Skulebollar. Nam!

Koseleg! Makalani, Ida, Lennart Andrè, Cecilie og Lill-Ann i sofaen.


Gode vener fortener litt merksemd, så eg tenkte å lage noko heilt spesielt til dei. Kanskje er eg gamaldags, men eg tykkjer heimesnekra saker som nokon har lagt litt tid og sjel i, er dei flottaste presangane. Og sidan eg trur alle tenkjer det same som meg: då vert det slik :) Solbjørg sitt inspirasjons- og oppmuntringskort vart ganske så vellykka faktisk. Nokre av lukene er eg ganske stolt av. Diverre brukte eg så hinsides lang tid på dette kortet at eg hadde eit problem då eg skulle lage noko til Magnar. Kortet hans vart mindre omfattande pga. av tidsmangel og elendig prioritering (av slike ting som svevn og mat i staden for), og sidan eg hadde brukt opp alle ideane mine, sleit eg bigtime. Likevel vart det no eit kort ut av det, eg hadde nok vore rimeleg nøgd med det viss ikkje det andre hadde vore så konge. Hehe. Uansett - eg trur dei vart glade. Og då vert eg glad òg! Eg får gjere opp for forskjellsbehandlinga (kva er det nynorske ordet for dette?) ved eit anna høve.

Eg trur Magnar vart nøgd med kortet, eg.

Etter at me hadde ete og prata var det sjølvsagt tid for litt dansing. Me invaderte Scotsman, og Tormod ordna at Elisabeth fekk komme inn! Det var heilt fantastisk. Eg tipsa faktisk dei som jobba der på grunn av dette. Elisabeth sprada nøgd rundt med dei store, stygge, raude kryssa på hendene - no kunne endeleg ho vere med òg! Her var me til kvelden senka seg over Bergen. Då dei skrudde opp volumet til utålelege høgder, glei me ut i dei mørke kveldsskuggane for å finne vegen heim. På vegen fekk me le litt av folk i Harry Potter-kø, me dansa litt og var samde om at me hadde hatt det fint. Plutseleg kom Katrine òg, ho hadde fått seg bok etter å ha stått i kø. Så fekk eg fylgje heile vegen heim. Kvelden var enno ung, så me tok oss tid til litt jentesnakk før me la oss. Klokka 3. Hehe.

På laurdagen sto eg opp tidleg, klokka var vel 9. Eg rydda og vaska etter gårsdagen, og så gjekk eg opp ved Johanneskyrkja for å slappe av. Der løyste eg ein kabal for fyrste gong (altså, ikkje ein vanleg kabal, evneveik er eg ikkje) medan eg grilla meg litt i solsteiken. Magnar kom labbandes etter ei stund for å kaste skjorta og diskutere kor tidleg eg var oppe. Elisabeth dukka opp etter å ha gjort seg ferdig med inflyttingsdetaljar, og det heile vart enno betre. Restebollar, sol, prat og kvalitetstid med to gode vener - det er så fint det!

Tillegg: Me diskuterte òg mandige, turkise saumar sidan Magnar overraska oss med å leggje merke til dei turkise saumane på buksa mi. Han kunne fortelje oss at det var særs mandig å leggje merke til turkise saumar. Då lo jentene. Eg hadde faktisk gløymt å skrive om dette sjølv om eg lovte å gjere det. Den distrè Kristine slår til nok ein gong. Og når eg tenkjer over det: eg har gløymt det nye dataordet eg lærte òg. Så trist!


Turen heimatt til Bømlo var flott. Med Elisabeth rett på sida av meg heile vegen og bursdagspresangen til Irene i boks, var det heile plankekjøring. Ein triveleg tur rett og slett.

Trøytt no. Kjem litt om familiebesøk og festival seinare. Nait nait!

Griseri

Eg må berre leggje inn eit bilete frå jobb på laurdag i forrige veke. Dette var nemleg dagen etter Harry Potter-premieren. Då eg jobbar som reinhaldar på kulturhuset, er det nemleg min jobb å vaske i kinosalane. Eg vart litt sjokka, så sjokka at eg måtte sende ei biletmelding til Isabel og vise tilstandane. I meldinga eg fekk attende sto det noko slikt som: "Eg er sjokkert. Har de ikkje bossbøtter? Korleis er det mogele å rote så mykje?" Så her får de prov på rotet:


Alvorleg talt

onsdag 11. juli 2007

Fjellgeit

Mandag byrja eg i sommarjobben min i kulturhuset. Vaske, vaske. Ikkje meir å seie om det. På ettermiddagen gjekk eg på Siggjo med Anna Kristin. Det var veldig triveleg, og me pesa oss opp til den forblåste toppen. Der vart me verande akkurat så lenge at me fekk signert i boka og spurta opp til masta, før me flykta frå den kalde skoddehatten. Ja, for det er som dei seier - når Siggjo har hatt, vert det regn. Og tenk på at denne toppen har vore landkjenning lenge! Som Roald Amundsen sa det: "med ein fart av 8 a 9 mil gjør det hurtig mon på distansen mellom Skotland og Norge. Utover eftermiddagen lørdag den niende juli gav kulingen sig, og samtidig rapporterte utkiken land i sigte. Det var Siggen på Bømmeløen."

Tysdag byrja med jobb att før eg og Kristin hoppa ut på tur med dei to gule gampane. Det var lenge sidan sist, men me hadde framleis teken. Me gjekk langt om lenge og lengre enn langt og utforska nye stiar og følte oss som verkelege villmarksfolk. Dette vara heilt til Nicko parkerte og nekta å gå over ei myr. Etter mykje om og men snudde me og trødde den same vegen attende. Det var ein gild tur likevel. Og så viste det seg at Nicko hadde sett seg fast i den myra i påsken, så det var i grunn like greit at han hugsa det. Puh! :)

Dei to eventyrarane var dødssvoltne etter turen, så dei gjekk på Da Vinci og kjøpte pizza. Caroline joina oss, og me prata stort sett heile kvelden.

Onsdag, i dag faktisk, gjekk alarmen på kulturhuset. Med meg inni. Det var litt stress. Fyrst trudde eg at det var eg som hadde utløyst den, men det viste seg at det var nokre damer som hadde nytta den andre døra som var syndarane. Eg vakna i alle fall.

Etter jobb gjekk eg og handla. Det er alltid like farleg. Eg kjøpte meg sovepose og turjakke, og eg klarte å halde meg under tusenlappen. Imponert? Denne testa eg ut på tur i marka (Goddo) med Monica. Den er så fin og raud og vindtett!

Det må nemnast at eg faktisk har nytta litt tid i lag med ei mattebok i dag. Eg har rekna òg. Det var fint. Og så trur eg ikkje at eg er så dum som eg trudde. Det var oppløftande. Eg har lokalisert problemet mitt når det gjeld matematikk - eg har vanskeleg for å identifisere problemet. Jepp. Det var noko eg las i pedagogikkboka mi ein gong. Stemmer.

søndag 8. juli 2007

Kulturoverdose

Eg har vore særs kulturell dei siste dagane. Då eg er heime på den "sommarlege" øya, er det stor sjans for å oppleve noko.

Det fyrste eg opplevde var å gå meg vill på Goddo i lag med Monica torsdag kveld. Det er kanskje litt hardt å seie at me hadde gått oss vill, men me kom i alle høve ikkje ut på vegen der me hadde tenkt på trass av at Bømlo kommune lokkar med godt merka turløyper. Me kom plutseleg attende til plassar me hadde vore før (ergo; me gjekk i ring), så det enda med at me måtte gå tilbake og ut stien me kom frå. Herleg. Turen vart både lengre og lenger enn me hadde tenkt, men det var no ein gild tur likevel.

På fredag bar det rett til Melkevikfestivalen etter jobb. Eg hadde med meg Anna Kristin, og på Kanalen møtte me både Øyvind, Bernten, Vegar, eit syskenbarn av Vegar, Agnete, Marit Johanne med fleire.

Det heile byrja med Astrid Kloster (vokalist i Aftenlandet) som hadde minnekonsert for Kenneth Sivertsen. Ein fin konsert. Det gjorde seg at Jan Ingvar Toft var gjestevokalist.

Så kom det nokre som kalla seg Malt og bråka noko helselaust. I byrjinga hadde me mykje moro med å imitere "Jazzhjørna" og kalle det veldig eksperimentell jazz som ikkje var jazz. Då vokalisten byrja å "synge," hadde me lyst å be dei skru ned litt slik at me kunne høyre dei me snakka med. Det var ikkje heilt vår stil for å seie det slik.

Diverre spelte Toften på den litle scenen, så me fekk faktisk ikkje plass til å sjå på han. Det fekk vere med det me høyrte på Kloster, så me tvihaldt på bordet vårt som sto inni teltet, sjølv om det ikkje regna! Jippi!

Då det var klart for Brynjar Stautland med band, måtte me fint reise oss. Då kom det nemleg nokre og knabba bordet på ein serdeles frekk måte. Det gjorde ikkje så mykje, for me koste oss med rulle-r og med brødremusikk sidan eg og Agnete hadde brødre med i bandet. Det tok heilt av då Bømlasongen kom - treng eg seia meir enn: "Me har bedehus og blåkors og Moster Amfi, so kulturhus og flyplass da drite me i. Kunst og kultur da har me i blo,' so lengje ferjo går so klara me oss me ho"

Etter Brynjar var det Møllo Blues Band. Det var rett og slett genialt! Her fekk me gode, gamle klassikarar som "You can leave your hat on," "I feel good" og ikkje minst "Mustang Sally" og det var gildt som berre det. Sigurd Sele var i kjempeslag, og begge Frodane spela så klart òg. Det var så moro og det kribla noko heise i danseføtene mine. Då ynskja eg meg sterkt ein BSI-gut å danse med! AAA! Jaja. Kjekt var det uansett!

På laurdag var eg og Mamma på Espevær på Sisselkonsert. Mamma vart litt smigra då ho til lokalavisa hadde sagt at det ho hugsa frå sist gong ho var på Bømlo, var at ho budde hjå nokre veldig trivelege folk. Det var faktisk oss! Kor triveleg eg var er vel eit spørsmål, då eg berre var nokre få månadar gamal, men me har i alle fall bilete av at ho held meg på fonget. Jepp. Så då måtte me nesten reise ut for å høyre på. Det var kanskje ikkje den mest fantastiske konserten eg har vore på, for det vart ganske keisamt til tider, men det var kjekt å høyre dei gode, gamle slagarane. Forresten så fekk eg særs lyst til å danse her òg. Det var faktisk ei heil flytebrygge som eg såg føre meg hadde vore genial til eit slikt formål. Diverre var det ikkje nokon å danse med her heller... Konserten vart avslutta med titanicnynninga hennar som ho blanda inn i ei salme, noko som var veldig fint og eit absolutt høgdepunkt denne kvelden. Andre fine opplevingar var "Sukiaki" (som eg ikkje veit om eg skriv rett) og voggevisa "Sarah's song."

I dag har me hatt besøk av Vebjørn, Frode og Elisabeth, og Vebjørn fekk sitje ved middagsbordet for fyrste gong. Han er så søt!

No skulle eg eigentleg ha gått på tur på Siggjo, men det regnar trollkjerringar ute, så eg trur eg drøyar det litt.

Have fun, go mad!

onsdag 4. juli 2007

Sommar og øybuar

No er eg altså heime på Bømlo for å yte ein innsats for litt cash. Og her snakkar me ikkje Johnny altså! Når eg ikkje jobbe, går eg mykje ute i skauen. Eg tok faktisk knekken på pappa på søndag. Han vrikka likegodt foten sin på veg ned frå Varafjedlet. Så no ligg han for det meste i ro, då ankelen fekk seg ein trøkk. Ups. Det høyrer med til historia at me gjekk opp på Grimsfjedlet etter at han skada seg, noko som er nesten like tøft som å danse resten av kvelden... Elles så har eg no vore på diverse turar åleine. Det er fint.

I går var det jentekveld hjå Katrine, noko som var ein slager. Eg åt til eg hadde vondt i magen, så det var garantert ein fin kveld. Koseleg var det òg! Eg, Katrine, Elisabeth S, Hilde Marie og Anita nytta kvelden optimalt. Jamvel Elisabeth Ø stakk innom utpå kvelden, noko som var til stor glede for alle dei kjekke jentene.

Forrige veke var eg i Bø i Telemark på leir. Juhuu! Det var moro, det. Solbjørg og Magnar inviterte meg til å vera med dei som leiar og instruktør i den nystarta aktiviteten deira; boogie woogie. Så slik gjekk det. Eg reiste på tur med ikkje mindre enn tre Myrtveitar og det var ei triveleg oppleving. Ungdommane var kjempegreie, og me hadde det veldig løye. Boogiejentene (og -guten) vart ganske flinke til å berre ha dansa i tre dagar! Møta var fine og var eit herleg avbrekk der ein til og med fekk moglegheit for å syngje litt. Nice - kva meir kan ein ynskje seg? Eg møtte mange trivelege folk og eg kom faktisk heim med eit kvitsundhandkle (ein vidaregåande skule)! Så no er eg spent på når dei (Kvitsundfolket) legg ut video frå Singstartevlinga som me deltok i. Me fekk kanskje ikkje dei høgaste poengsummane, men det var i alle høve synging med kropp og sjel. Forresten så KNUSTE eg Magnar. Bohahahaha! Elles vil eg nytte høve til å takke for dei gode stolane me fekk låne inne hjå dei kjekke Kviteseidbebuarane kvar gong me kom labbande med middagen vår.

Action fekk eg prøve meg på slakk line, noko som eg stinka i. Jepp. Og så fekk eg prøve meg som streng nattevakt og faktisk også som "godnattpersonale" i lag med Olav, ein triveleg Rogalending som faktisk òg går på HIB på Landås. Verda er jammen meg lita! Elles så var eg utruleg tøff i badeland, kanskje overraskande tøff, noko som resulterte i skyhøg personleg utvikling. Kveldane gjekk mykje i dansing, noko som var stas. Me fann faktisk nokre gutar som svinga seg med oss, og det var kjempestas! "Han gule," eller Torbjørn, var rå og hevda at han kunne dansa berre fordi han var frå bygda. Spørsmålet eg stiller meg er: Kvar ligg denne bygda hen? Eg trur nesten eg vil ta meg ein tur dit og rekruttere dansarar til BSI.

Teltlivet var som det plar vere, uorganisert dog koseleg. Eg trudde eg gjorde eit sjakktrekk ved å leggje meg midt mellom Solbjørg og Ingrid, men eg fraus likevel. Typisk. Eg lurer på om Katrine burde fått seg ein betre sovepose... Tanken om å kjøpe ein sjølv har faktisk streifa meg. Det står i alle høve på "må-ha-lista" mi no.

I dag har eg kjøpt meg bilett til Melkevikfestivalen på fredagen. Eg og Anna Kristin skal kosa oss kjempe! Da gler eg meg til. Toften, Kloster, Stautland og Møllo mellom anna. Det vert konge.