Laurdag kom, og me skulle møte dei andre i 11-tida. Eg og Torkil gjekk fyrst på Ute og kjøpte nytt tau og nye klatresko til Torkil. Det var ein dyr affære, men det skulle vise seg å verte verdt det. Tida for møting kom og gjekk, og me sulla rundt i byn. Halv 1 kom Steffen og Lin til Puddefjordsbrua, og me kunne endeleg snurre avgarde. Turen gjekk til Øygarden og Uteveggen. Tida matcha godt, for me traff Makalani, Magnar, Daniel og Sigve på parkeringsplassen. Makalani hadde kjøpt seg ein bøttegrill som ho var strålande nøgd med, blå og fin. Det ho ikkje hadde kjøpt var tennvæske og fyrstikker, men etter at Magnar hadde stoppa ein bil for å spørja om veg og lengd til næraste butikk/bensinstasjon, fòr Makalani og Daniel avgarde dei tre minutta det tok.
Gjengen på tur. Grilling med bøttegrill. Foto: Magnar
Vel nede i veggen, byrja tankane å kverne. Eg var ikkje viss på om dette var ein sport for meg. Torkil opna sterkt ved å lede den fyrste veggen, noko som var halsbrekkande spør du meg. Heldigvis hadde han roen, faktisk var det ingen som døydde denne dagen. Eg var nest sist til å prøve meg. Opp kom eg, men så kom problemet - det hadde ikkje slått oss at det var skummelt å hoppe ned att. "Eg vil ikkje, stopp, uæææ!" Dette var meg, going down. Eg kom meg ned til slutt, sjølv om Magnar snakka om å dette med hovudet fyrst og så vidare. For ein gjeng! Det er lov å vere litt skeptisk fyrste gongen ;)
Meg i bergveggen. Foto: Magnar
Me klatra og koste oss, etter kvart vart eg litt meir sikker òg. Det hjalp at eg fekk setje meg i selen eit par gongar og trena på å komme ned. Greit å gjere det på 2 meters høgd og ikkje 14 slik som sist. I løpet av dagen kom denne jenta seg opp både 4-, 4 og 4+, noko ho måtte seie seg særs nøgd med. Dei andre var litt meir røynde, så dei klatra likegodt 6-arruter og 5-arruter. Stilig!
Me haldt på heile dagen, og var ikkje heime før i 9-tida på kvelden. Då hadde me allereie sagt ja til å gå Vidden by night saman med Makalani & co. Jada. Galne som me er.
Etter litt mat og "eg-veit-ikkje-kva-eg-skal-ha-med-meg-pakking," vandra me avgarde til bussen. Hanne var i byn og kom for å helse på meg, noko som var aldeles fortreffeleg koseleg. Det var så lenge sidan!
Vel oppe ved Montana, fann me no ein sti. Me gjekk sakte opp slik at ABB skulle ta oss att. Han var nemleg i fjøyfjellstunellen då me byrja oppstiging. Dette var kanskje den minst anstrengande turen eg har hatt til Ulriken. Me tok bilete, me song, me høyrde på nerdehumor og me gjekk på kryss og tvers. Det var godt tima, for ABBen tok oss att nett under masta, og me kunne nyte utsikten frå Ulriken. Magnar tok vare på augneblinkane ved å fotografere.
Me ventar på Andreas. Her er det photoshoot på veg opp Ulriken. Foto: Magnar
Klokka 2 gjekk me frå Ulriken. Me møtte likegodt ein heil symjeklubb, og kunne konstatere at det var fleire enn oss som hadde denne ideen. Me gjekk og me gjekk og me gjekk. Eg vart søvnigare og søvnigare, og beina ville ikkje samarbeide heilt. Eg har bestemt meg for å kjøpe meg nokre gode joggesko, for å seie det sånn... Kl. 04.30 såg me soloppgongen med ein varde i ryggen. Nokre meter bortanfor, sat det ein anna gjeng som gjekk tur på nattestid. Det var fredeleg og vent, dog litt kaldt. Det hjalp på å kome i aktivitet igjen. Turen gjekk radig, men det skulle vise seg å vere verre når me skulle ned frå Rundemanen. Turen ned til byn gjekk ufatteleg seint, og var ufatteleg vondt. Kneet mitt hadde fått nok, og sa tydeleg i frå. Beina mine protesterte mot dårlege sko. Det var ikkje ein behageleg tur, men me beit tenna saman. Heile vegen tenkte eg på kor fint det hadde vore å trent kondisjon for maraton (med hest) der oppe på nydelege, gruslagde vegar. Kanskje ein vakker dag..? Eg har i alle høve lyst til å ta Vidden med hest ein gong. Genialt!
Rundemanen frå Ulriksida av Vidden. Foto: Magnar
Nydeleg soloppgong klokka omlag 04.30... Foto: Magnar
Eg og Torkil ved foten av Rundemanen. Litt trøytte. Foto: Magnar
Me kom oss ned, og Deli De Luca serverte oss frukost. Etterpå bar det rett til køys. Klokka var 8 på morgonen, og eg skulle sove godt, det var sikkert. Det gjorde eg, og kom meg ikkje opp før i 4-tida. Resten av dagen var me øydelagde. Me såg film og slaura før eg hjalp Torkil med romrydding. Kan tru det vart fint!
Dagen enda med at eg, Katrine og Ragnhild satt på kjøkenet og åt vassmelon og sladra. Det var artig. I dag er det spelekveld. Jippi!