tirsdag 24. juli 2007

Festivalsommar

Den overskrifta ser me i alle aviser, vekeblad og liknande trykksaker kvar sommar, så kvifor ikkje nytte den i bloggen min? Eg har nemleg vore på to festivalar i sommar, om dei no er litt lokale...

Etter at eg kom heim frå Bergen på laurdag, bar det ut til Gloadungsøya og mikrofestivalen Dungstock for å møte mykje smikka* og høvesvis få folk. Eg var så heldig at eg fekk plass på ein skyssbåt sjølv om eg var litt seint ute, og eg hadde pakka soveposen i tilfelle eg ikkje skulle kome meg heimatt. Vel framme sto alle festivaldeltakarane og vinka og Torstein, initiativtakar og sjølvutnemnd festivalsjef, kom oss i møte på flytebryggja.

Bernt Ståle på flytebryggja med den gule båten sin i bakgrunnen. Foto: Agnete

Kvelden gjekk unna med grilling og leirbål utandørs og eit heise** ljosshow innandørs. Vegar og Øyvind hadde nemleg investert i ljosanlegg i høve festivalen. Her var det både røykmaskinar, diskokuler, blits og ymse andre ljoseffektar som skulle gjere oss glade. Musikken var det heller ingenting å seie på, her var det alt frå blues til lovsong, så dansegolvet var ikkje trygt eit sekund. Alt dette vart driven av eit aggeregat innleigd for høvet, det er nemleg ikkje straum på Gloadungsøy. Leirbålet var særskilt koseleg, og eg imponerte alle med uthaldet mitt i varmen. Klokka vart 4 før eg fekk fylgje av slekta opp til Hotell Gloadungen der eg fann meg ein ledig plass på kjøkengolvet. Eg sovna nok momentant, for det neste eg hugsar var ljoden av noko som eg trudde var eit sagbruk. Det var no sundag morgon og det viste seg at det berre var ein stovebebuar som snorka. På trass av dette sov eg godt vidare til vekkingskomitèen trampa inn med morgonsong og eit ynskje om å kome seg av øya.

Alt ljod- og ljosutstyret vart snøgt lasta i båtane, ingenting gjekk på sjøen, og Dungstock 2007 var med det over. Bernten skyssa folk inn til Steganeset med den gule båten sin, og heime kunne ein endeleg vaske vekk myggsaft og bållukt som no var det einaste som framleis vitna om festivalsommar (i alle fall for meg, det var vel kanskje nokre som hadde andre symptom :P)

Heime hadde me familiebesøk frå austlandet, og det er alltid godt å sjå att slekta. Vebjørn sjarmerte alle med sitt litt ustabile humør og det var god mat og mykje moro med syskenborna mine på høvesvis 4 og 9 år. Dei fekk til og med ri på ponni utanfor, så då var dagen berga.


For Vebjørn svinga det raskt mellom lått og smil og...

...ei skikkeleg leppe og brelehumør.

På kveldstid gjekk eg og Elisabeth ein tur på Siggjo, noko som var kjempeherleg! Det var kaldt på toppen, men det var friskt og godt å røre litt på seg.

*bittesmå mygg
**voldsomt

Ingen kommentarer: