Då var feiringa over, og for ei feiring! Trur faktisk dette var den beste nyttårsafta nokonsinne. Me var på Sønstabø ein heil gjeng, og det var fantastisk gøy. Eg blei møtt med ein masse gratulasjonar som tante, skulle nesten tru det var eg som hadde fødd. Men det var kjempekoslig. Gjengen som var samla hos Torstein: Meg, Agnete, Øyvind, Bernt, Anders, Siv, Vegar, Torstein og dama hans (Heidi?), Marius, Kvingen, Jens Magne, nokre rubbarar som eg ikkje hugsar kva heiter, Karianne og enno ei som eg ikkje hugsar namnet på, Marit Johanne og sikkert enno fleire. Me var mange, og det var heilt genialt!
Først satt me og prata om alt og ingenting, og den stakkars intetanande Vegar fekk vete at også broder'n skal ha ein liten ein. Elles så diskuterte me fantasispeling med "ekteparet" Bernt og Øyvind, der stemninga hadde blitt meir og meir amper etterkvart som at dei oppdaga at ingen av dei kunne teikne. Kvingen svinsa rundt med ein rosa champange som me desverre fekk sjå meir til utover kvelden. Dette kjem eg tilbake til.
Då klokka vart slagen, for å seie det sånn, hadde me klart å jogge ut i kryssen, og dei modige fyrte opp rakettar (midt i vegen.) Det blei mykje kos og klem og gratulasjonar og slike ting som er vanleg på ein slik dag, og me klumpa oss saman for å halde varmen i regnet. Bernten var ein smule skuffa over den eine DIGRE raketten han hadde investert i, for den sa berre "foff" og blei totalt overskygga av det digre "dynamittkassebatteriet" til Jensen. Elles så blei det stor jubel for Big Bertha og Big Bang. Dei blir nok neste års investeringar. Tilskodarane gjekk inn då dei smellglade karane, som faktisk hadde vernebriller, begynte med dei billige fiserakettane og knalltanks.

Eg og MJ feirer nyttår i regnet. Eg ser ut som diplomiseskimoen

00:00
Resten av kvelden var legendarisk. Eg og Agnete begynte så smått med litt cha cha cha, det var kjekt bortsett frå at Agnete fekk seg ein aldri så liten idrettsskade som følge av det. Det tok heilt av då vampdvden blei satt på og fellesdansen byrja. Fantastisk! Stovegolvet vart omgjort til eit flott dansegolv ved hjelp av litt møbelstuing. Me haldt det gåande til i tretida, og det blei mykje improvisert swing og vakker dansing. Diverre for oss hadde Kvingen kjøpt seg "best i test i vg"-champange for anledninga. Denne var rosa. Og derfor burde den sprettast under særleg festlege omgjevnadar, nemleg midt på dansegolvet. Det heile enda med at Bernten vaska stovegolvet med eit handkle og jif kjøkenspray. Det var ganske underhaldande i grunn. Og så byrja dansen igjen, og det var knallskoy!
Takk for ein fantastisk bra kveld!