På lørdag var eg som kjent på avsluttingsfest med BSI, og det tok like mykje av som eg hadde håpa. Me dansa som nokre galningar og hadde det umåteleg kjekt. Og gjett om eg ikkje slo til og vann dansekonkurransen i lag med ein salsafyr?! Premien var gavekort hos fysioterapeut, noko som var heilt genialt. Det tok like mykje av då eg skreiv ei lita oppsummering av kvelden. Les: Til midt-natt i Bjørgvin by.
Dagen etter var eg tidleg oppe for å reise til Bømlo. Eg skulle i barnedåp til Vebjørn, i tillegg så hadde dei spurt meg om å vere fadder, noko som eg syns var veldig stas. Eg skal passe godt på han :)
Det vart mykje mat, kaker og kos heile dagen. Eg likar tantepliktene mine.
mandag 23. april 2007
lørdag 21. april 2007
Dansedans
Sist helg var me ein gjeng på Dombås på Snøhetta Cup. Me skulle swinge oss i lag med dansarar frå heile landet og kose oss stort. Det gjorde me òg! Gjengen som reiste besto av meg, Henrik, Elisabeth, Per-Sindre, Solbjørg, Magnar, Wenche, Tormod, Vibeke, Daniel, Renate, Preben, Monika og Vidar. Les om turen vår her, og sjå video her. Det var så gøy!
I kveld blir det avsluttingsfest med BSI, noko som blir kanonbra. Eg gler meg. Skal danse som ein helt og ta heilt av. Det vert så bra. Einaste problemet er å finne ut kva eg skal ha på meg. Jaja, ikkje så nøye i grunn :)

torsdag 5. april 2007
Påskeferie
No er eg heime på Bømlo på ferie. Det går for det meste i å sitje i sofaen med beina på bordet og i å henge med tantebarn m/familie (les: for det meste Monica.) Foten er faktisk betre, så eg satsar på å kunne danse att når eg kjem tilbake til Bergen. Eg må berre få teken på teiping sånn at eg ser skikkeleg atletisk ut. Idrettsskade. Ganske kult.
I dag har eg lekt ride/køyrelærar for ein gjeng, noko som var morosamt. Nicko var så flink i dressuren i dag, eg var heilt imponert. No, derimot, er eg heilt ramponert etter ein looooong dag med trøing rundt i grusen. Eg ser fram til å leggje meg på sofaen og blunde litt.
Forresten så har Steinar bursdag i dag. Sidan eg veit at han er ein av mine trufaste lesarar, vert han heidra med ei høgvørdeg helsing her. Grautlera! (Eller gratulera.) Både med dagen og med heidringa. =)

Abonner på:
Innlegg (Atom)