søndag 8. juli 2007

Kulturoverdose

Eg har vore særs kulturell dei siste dagane. Då eg er heime på den "sommarlege" øya, er det stor sjans for å oppleve noko.

Det fyrste eg opplevde var å gå meg vill på Goddo i lag med Monica torsdag kveld. Det er kanskje litt hardt å seie at me hadde gått oss vill, men me kom i alle høve ikkje ut på vegen der me hadde tenkt på trass av at Bømlo kommune lokkar med godt merka turløyper. Me kom plutseleg attende til plassar me hadde vore før (ergo; me gjekk i ring), så det enda med at me måtte gå tilbake og ut stien me kom frå. Herleg. Turen vart både lengre og lenger enn me hadde tenkt, men det var no ein gild tur likevel.

På fredag bar det rett til Melkevikfestivalen etter jobb. Eg hadde med meg Anna Kristin, og på Kanalen møtte me både Øyvind, Bernten, Vegar, eit syskenbarn av Vegar, Agnete, Marit Johanne med fleire.

Det heile byrja med Astrid Kloster (vokalist i Aftenlandet) som hadde minnekonsert for Kenneth Sivertsen. Ein fin konsert. Det gjorde seg at Jan Ingvar Toft var gjestevokalist.

Så kom det nokre som kalla seg Malt og bråka noko helselaust. I byrjinga hadde me mykje moro med å imitere "Jazzhjørna" og kalle det veldig eksperimentell jazz som ikkje var jazz. Då vokalisten byrja å "synge," hadde me lyst å be dei skru ned litt slik at me kunne høyre dei me snakka med. Det var ikkje heilt vår stil for å seie det slik.

Diverre spelte Toften på den litle scenen, så me fekk faktisk ikkje plass til å sjå på han. Det fekk vere med det me høyrte på Kloster, så me tvihaldt på bordet vårt som sto inni teltet, sjølv om det ikkje regna! Jippi!

Då det var klart for Brynjar Stautland med band, måtte me fint reise oss. Då kom det nemleg nokre og knabba bordet på ein serdeles frekk måte. Det gjorde ikkje så mykje, for me koste oss med rulle-r og med brødremusikk sidan eg og Agnete hadde brødre med i bandet. Det tok heilt av då Bømlasongen kom - treng eg seia meir enn: "Me har bedehus og blåkors og Moster Amfi, so kulturhus og flyplass da drite me i. Kunst og kultur da har me i blo,' so lengje ferjo går so klara me oss me ho"

Etter Brynjar var det Møllo Blues Band. Det var rett og slett genialt! Her fekk me gode, gamle klassikarar som "You can leave your hat on," "I feel good" og ikkje minst "Mustang Sally" og det var gildt som berre det. Sigurd Sele var i kjempeslag, og begge Frodane spela så klart òg. Det var så moro og det kribla noko heise i danseføtene mine. Då ynskja eg meg sterkt ein BSI-gut å danse med! AAA! Jaja. Kjekt var det uansett!

På laurdag var eg og Mamma på Espevær på Sisselkonsert. Mamma vart litt smigra då ho til lokalavisa hadde sagt at det ho hugsa frå sist gong ho var på Bømlo, var at ho budde hjå nokre veldig trivelege folk. Det var faktisk oss! Kor triveleg eg var er vel eit spørsmål, då eg berre var nokre få månadar gamal, men me har i alle fall bilete av at ho held meg på fonget. Jepp. Så då måtte me nesten reise ut for å høyre på. Det var kanskje ikkje den mest fantastiske konserten eg har vore på, for det vart ganske keisamt til tider, men det var kjekt å høyre dei gode, gamle slagarane. Forresten så fekk eg særs lyst til å danse her òg. Det var faktisk ei heil flytebrygge som eg såg føre meg hadde vore genial til eit slikt formål. Diverre var det ikkje nokon å danse med her heller... Konserten vart avslutta med titanicnynninga hennar som ho blanda inn i ei salme, noko som var veldig fint og eit absolutt høgdepunkt denne kvelden. Andre fine opplevingar var "Sukiaki" (som eg ikkje veit om eg skriv rett) og voggevisa "Sarah's song."

I dag har me hatt besøk av Vebjørn, Frode og Elisabeth, og Vebjørn fekk sitje ved middagsbordet for fyrste gong. Han er så søt!

No skulle eg eigentleg ha gått på tur på Siggjo, men det regnar trollkjerringar ute, så eg trur eg drøyar det litt.

Have fun, go mad!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Tihi... D e så gøy å lesa p siå di :=) Klem Elisabeth

Liquan sa...

Frode & Frode forever asso!! Va rett å slett ein fantastisk kveld, spesielt me smikko og regne sitt fravær.. =o)