Då var endeleg dagen for blogging her att. Eg fekk litt dårleg samvit då ein viss Nordneskonge kommenterte mi manglande tilstadevering i bloggen. Så no skal eg oppdatere litt.
Dagane har gått fort, nesten for fort. Kristine kan no endre relationshipstatus på facebook, ho har teke opp ein ny hobby, ho har stressa og ho har jobba med både skule- og danseting.
I dag tenkte eg at eg skulle fortelje litt om den nye tidtrøyta mi, slik at dei som vart frykteleg nyfikne på relationshipstatus vert enno meir nyfikne.
Eg sydde som kjent ein kjole til 17. mai, noko som vart stor suksess. Eg har tenkt å vidareføre desse nye kunnskapane, og lage litt custom made klede etter kvart, mykje grunna den fantastiske julegåva eg fekk hjå mamma og pappa til jul. (Red. anm: symaskin) Resultatet har til no vore varierande. Det fyrste prosjektet vart eit skjørt, noko som såg særs lovande ut før eg fann ut at det vart for lite til meg. Eg tok fatt på oppgåva med å skøyte på meir stoff og tenkte som så at det var på denne måten eg lærte. Då det likevel viste seg at skjørtet nok hadde passa, vart kanten oppe ein stor
blubb. Denne sydde eg saman på eit vis, men framleis ser det ikkje bra ut. Mission failed. Eg kan bruke det med ein long topp i alle høve.
Neste prosjekt vart årets (les: fjorårets forseinka) julegåve til mi amerikanske venninne, Jenna. Sjølv om mamma (og andre) lo av meg grunna for vanskeleg stoffval, vart resultatet slettes ikkje verst. Kanskje vart eg så innbitt av å prove alle feil? Eg har i allefall sydd ein kjole i brun taft med brodade av gull og brunt. Den er stroppelaus og har snøring i ryggen. Og den er sabla fin!
Eg legg ut bilete av den, men dette er før eg fekk snøringa i bak. Ha litt tålmod med meg, så får du kanskje sjå korleis den ser ut der òg. Det er nemleg den finaste delen av den :)
Her ser de kjolen på meg
Sett frå sidaMission completed!