søndag 20. april 2008

Snøhetta Cup

No har me nettopp komt tilbake frå Snøhetta Cup på Dombås, og sjølv om eg er trøytt, er eg ganske så nøgd! Dette var verkeleg ei kjekk helg med mange gode vener!

Det vert ny klubbrekord i deltakande par, og me utklassa NTNUI i heiing, noko som var fantastisk sidan dei slo oss i alt anna. Hehe. Eigen innsats er det ingenting å seie på, me dansa berre betre og betre for kvar runde, og hamna i B-klassen! Jippi! Kjekt å sjå på, og heie på, mange gode dansarar frå heile Norge. Paret som vann juniorklassen hadde ei runde ut av denne verda, og det var så inspirerande å sjå på. A-klasse i BW og Lindy var absolutte høgdepunkt tilskodarmessig, men ingenting slår kjensla av å vere nøgd med det ein har gjort sjølv. Det faktum at Jørgen Sandnes gav oss callback til finalen i B-klassen gjorde helga absolutt fullkommen - jee! Kort sagt: ein knallbra tur! Kjem nok attende med eit lite referat på BSI Dans sine sider om ikkje så lenge...