fredag 27. juli 2007

Lesestoff

Det regnar i dag. Difor har eg funne meg eit tema det passar å irritere seg over i innevèr. Det har seg nemlig slik at det jobbar mange sosiale konsulentar på kulturhuset på Bømlo. Nettopp. Sosial konsulentar og ikkje sosialkonsulentar. Eg vert opprørt og ein smule irritabel når eg ser slikt. Og HALLO! I eit kommunalt bygg! Det neste eg får er vel eit skilt det står "rein haldar" på. Det er rett og slett grysjeleg! (Ja, det er faktisk eit ord som skildrar både seg sjølv og slike evneveike orddelingsfeil opp og ned tusen gongar.)

Eg må nemne eit uttrykk òg: "ein heil del." Kva er så ein heil del? Ein heil del problem. I alle dagar. Ein heil del, ein god del og kvasomhelst del: det er for søren ikkje brøk me snakkar om. Eit tåpeleg uttrykk som er hjarteleg omfamna av Bømlo-nytt. Usj. Og medan eg pratar om Bømlo-nytt, så må eg le høgt og rått: det er greit at det er agurktid, men å bruke ei heil side i avisa på å skrive om at julenissen er observert sovande i kjellaren på Amfisenteret på Stord er jo rett og slett latterleg! Sitat:

"(...) Under ein tur på Amfisenteret på Leirvik kjem underteikna tilfeldigvis forbi ein kjendis som ligg og slumrar i kjellaren. Det er sjølvaste Julenissen som ligg i djup søvn i ein diger kasse med julepynt. Oppi kassa sit også alven, den vesle hjelparen til Julenissen. Etter travle tider med utdeling av presangar og snop i desember, og ein vår med førebuingar til jul, ser det ut til at Julenissen har teke turen frå Nordpolen til Stord for å få litt fred frå alt kjas og mas. Ein litt motvillig alv fortel at nissen gjerne tek seg ein lang og god lur på denne tida av året, for å lade opp til ei travel førjulstid og juletid. (...)"

Jaha - to fargebilete av ein plastnisse oppå ein kasse med julepynt og ein tekst om INGENTING. Det er greit at dette er ei lokalavis, men dette er jo beyond idiotisk. Når journalisten i tillegg klarar å røpe at han har vore på handelslekkasje til Stord og skriv om ein julenisse han fann der, altså, på STORD, kan ein byrje å lure på opplegget. Har Bømlalappen ein hemmeleg agenda om å propagandere samanslåing av Bømlo og Stord til ein kommune? Er journalisten kjøpt og betalt av næringslivet på Stord for å oppmuntre til handelslekkasje over bruene? Har julerushet og kjøpepresset starta rekordtidleg i år?

Nei, eg seier som Brynjar Stautland i eit vers av Bømlasongen: "Kver onsdag og fredag føle adle seg snytt, for at di betala abbonementet på Bømlanytt. For der står jo bere da so skjedde i går, og da vett me jo frå før for rykto dei går."

3 kommentarer:

Anonym sa...

Uff og huff... så møje sinne... Går d bra me dg Kristine? Tror d e bra eg komme oppp t Bergen nå, eg blei nesten litt bekymra... Eg bler kje eingang så sint av å ha mussta 1000 kr...! Å d e ein god del viktigåre enn orddeling og agurknyheder... akk...

Anonym sa...

hm... du bør prøva å stilla den klokkå der, blei nesten litt redd eg hadde mussta bussen! :P

Kristine sa...

Hehe. Sinne var å ta litt hardt i. Eg er ikkje sint i røynda :)

Forresten so har du ikkje mista tusen kroner, du har berre rota dei vekk :P

Og klokka - den har vel lyst å vise tida i USA eller noko. Skal sjå kva eg kan gjere.