søndag 22. juli 2007

Bergenstur - "Parskjesjøfvålåbia"

På fredag reiste eg til byn for å arrangere avsluttingsfest for Solbjørg og Magnar, noko som eg hadde gledd meg til i lang tid. Ikkje at eg vil bli kvitt dei, men ein fest med mat, fantastiske folk og påfylgjande dansing er verkeleg ikkje feil. Som de kanskje har sett i eit tidlegare blogginnlegg, så driv eg og jobbar på kulturhuset, så eg meiner bestemt at eit lite avbrekk er meg vèl unt.

Dagen byrja med jobb, og så kom eg for seint til kystbussen. Herleg. Heldigvis fekk eg ta neste buss med den same biletten fordi eg faktisk HADDE komt i tide. Det var nemleg bussen som gjekk før tida. Faktisk.

Eg hadde ca. 2 timar på meg før folka kom då eg kom inn dørene, så eg vaska i rekordfart. Eg var ein smule stressa, men det ordna seg sidan eg har blitt så ekstremt dyktig til vasking denne sommaren. Stort utbyte av sommarjobben dette året. Overraskande nok var det Makalani som ringte på fyrst denne kvelden, og så kom den eine etter den andre. Til slutt var stova fylt til randa, og me sette fram bollar, kaker og anna knask. Dette var ein ekstremt kjekk kveld. Eg trur alle likte seg og åt seg mette (og kvalme?) på kakemat. Låtten runga høgt og Elisabeth sine blonde kommentarar var i stor grad tilstandeverande.

Eg bakte bollar til festen. Skulebollar. Nam!

Koseleg! Makalani, Ida, Lennart Andrè, Cecilie og Lill-Ann i sofaen.


Gode vener fortener litt merksemd, så eg tenkte å lage noko heilt spesielt til dei. Kanskje er eg gamaldags, men eg tykkjer heimesnekra saker som nokon har lagt litt tid og sjel i, er dei flottaste presangane. Og sidan eg trur alle tenkjer det same som meg: då vert det slik :) Solbjørg sitt inspirasjons- og oppmuntringskort vart ganske så vellykka faktisk. Nokre av lukene er eg ganske stolt av. Diverre brukte eg så hinsides lang tid på dette kortet at eg hadde eit problem då eg skulle lage noko til Magnar. Kortet hans vart mindre omfattande pga. av tidsmangel og elendig prioritering (av slike ting som svevn og mat i staden for), og sidan eg hadde brukt opp alle ideane mine, sleit eg bigtime. Likevel vart det no eit kort ut av det, eg hadde nok vore rimeleg nøgd med det viss ikkje det andre hadde vore så konge. Hehe. Uansett - eg trur dei vart glade. Og då vert eg glad òg! Eg får gjere opp for forskjellsbehandlinga (kva er det nynorske ordet for dette?) ved eit anna høve.

Eg trur Magnar vart nøgd med kortet, eg.

Etter at me hadde ete og prata var det sjølvsagt tid for litt dansing. Me invaderte Scotsman, og Tormod ordna at Elisabeth fekk komme inn! Det var heilt fantastisk. Eg tipsa faktisk dei som jobba der på grunn av dette. Elisabeth sprada nøgd rundt med dei store, stygge, raude kryssa på hendene - no kunne endeleg ho vere med òg! Her var me til kvelden senka seg over Bergen. Då dei skrudde opp volumet til utålelege høgder, glei me ut i dei mørke kveldsskuggane for å finne vegen heim. På vegen fekk me le litt av folk i Harry Potter-kø, me dansa litt og var samde om at me hadde hatt det fint. Plutseleg kom Katrine òg, ho hadde fått seg bok etter å ha stått i kø. Så fekk eg fylgje heile vegen heim. Kvelden var enno ung, så me tok oss tid til litt jentesnakk før me la oss. Klokka 3. Hehe.

På laurdagen sto eg opp tidleg, klokka var vel 9. Eg rydda og vaska etter gårsdagen, og så gjekk eg opp ved Johanneskyrkja for å slappe av. Der løyste eg ein kabal for fyrste gong (altså, ikkje ein vanleg kabal, evneveik er eg ikkje) medan eg grilla meg litt i solsteiken. Magnar kom labbandes etter ei stund for å kaste skjorta og diskutere kor tidleg eg var oppe. Elisabeth dukka opp etter å ha gjort seg ferdig med inflyttingsdetaljar, og det heile vart enno betre. Restebollar, sol, prat og kvalitetstid med to gode vener - det er så fint det!

Tillegg: Me diskuterte òg mandige, turkise saumar sidan Magnar overraska oss med å leggje merke til dei turkise saumane på buksa mi. Han kunne fortelje oss at det var særs mandig å leggje merke til turkise saumar. Då lo jentene. Eg hadde faktisk gløymt å skrive om dette sjølv om eg lovte å gjere det. Den distrè Kristine slår til nok ein gong. Og når eg tenkjer over det: eg har gløymt det nye dataordet eg lærte òg. Så trist!


Turen heimatt til Bømlo var flott. Med Elisabeth rett på sida av meg heile vegen og bursdagspresangen til Irene i boks, var det heile plankekjøring. Ein triveleg tur rett og slett.

Trøytt no. Kjem litt om familiebesøk og festival seinare. Nait nait!

4 kommentarer:

Magnar sa...

Eg vart særs glad for kortet mitt, ja! :) Og eg er takksam for at du er ei så fantastisk jente og steller i stand fest! Du er rett og slett legendarisk :D

Eg tenkjer du er den koselegaste jenta eg kjenner! Kodos til deg ;)

Etter ein del tankeverksemd, kjem eg fram til at det beste ordet eg kan finna for "forskjellsbehandling" er skilnadshandsaming ;)

Det stod ingen ting om mandige turkise saumar her, men det var gjerne like greitt :P

Kristine sa...

Ååå! Kjekt å høyre. Eg raudnar. Nei.. Berre nesten. :)

Skilnadshandsaming var eit av orda eg vurderte, men eg fann ut at det var eit ganske dårleg ord. Eg meinar at det bør opprettast eit godt synonym til den bokmålske versjonen - for det fins faktisk ikkje så vidt eg veit. Eg skal jobbe med det.

No står det om mandige turkise saumar. Jommen om eg ikkje hadde gløymt det. Huff. Der ser du - eg er gløymsk! Det er ikkje berre noko eg seier.

Anonym sa...

Hei! Blonde kommentarer, ka ska d bety?! pysj... Å og eg sprada ikkje rondt! Men d va bra du tog me di turkise sømmene, planen va jo at innlegge sko ha d som øveskrift... jaja...

Koselig blogg har du nå jaffal, kanskje litt for god, for nå sidde eg her me brente frokost :P

Kristine sa...

Bohahaha! Brent frukost. Da varme hjarta mitt :)