Det bar rett til Egon i 5-tida, der me var ein god gjeng frå klassen. God mat, gode vener og fint vèr. Det var berre legendarisk. Etterpå gjekk me på Brunello og kjøpte kaffi.
Gjengen på Egon
Onsdagar = swingtrening for min del, så eg måtte svinsa avgarde. Eg er verkeleg så glad i denne dansinga mi! Kanskje masar eg litt vel mykje slik at dansepartnaren min vert litt irritert.. Ups! Jaja, trene må me! Eg blei kjempeglad for fine kommentarar frå Nils som meinte at me var blitt flinke. Og så må eg nemne at han tykte at eg hadde fin spenning i armen. JESS! Endeleg har eg klart å finne spenninga. Det er vanskelegare enn ein skulle tru.
Etter trening gjekk eg, Elisabeth, Lys, Daniel og Christian på Kvarteret ein liten tur. Der sat me ei lita stund og prata. Sosialt, koseleg - fin avslutting på kvelden rett og slett.
I dag var det syntaks det gjekk i på skulen. Skremande utvikling. Det vert vanskelegare og vanskelegare. Uff. Men etterpå blei det is utanfor DNS i lag med ein stor gjeng. Eg ELSKAR det fine vèret!
Trine og Siriann utanfor teateret
1 kommentar:
Hurra for is og is og bursdag og swing og SOL og det heile! Eg ventar på at sola skal nå huset vårt, då skal eg ut og kjenne på den for å byrje dagen!
HERLEG!
kjekt med ped?
Legg inn en kommentar