I dag har eg faktisk vore på Svortland og kjøpt dåpspresang og kjøpt "ingrediensar" til eit kort. Dette har eg òg laga. Heilt sjølv! Eg byrjer å bli ein helt på kort. Det aktar eg å gjere til ein god tradisjon. Eg er rimeleg nøgd med meg sjølv når eg har laga eit kort som folk blir glad for. Eg har gått i meg sjølv og tenkt litt på kva det finaste og kjekkaste eg kan få frå nokon er. Då kom eg fram til at noko som vedkommande har lagt litt omtanke ned i, som til dømes eit kort eller ein presang det er ein tanke bak, DET er noko eg verkeleg set pris på. Berre det at nokon hugsar på noko ein har sagt eller gjort, at nokon fortel meg om nokon av mine positive sider eller berre gjer meg ein fortjent eller ufortjent klem - det gjer meg verkeleg glad. Sidan eg er sikker på at mine tankar kan tilpassast dei aller fleste (med mindre du har ingen kjensler!), håpar eg og trur at mine kreative påfunn kan glede litt.
Elles så har eg vore hjå Monica (kalenderpiken :P) på Stoffbua (!) og funne meg litt husmormoro. Eg trur eg byrjer å finne mine kreative og praktiske dimensjonar, så eg har investert i enno fleire strikkepinnar og nokre nøster med alpakkaull. I fylgje Sara så er alpakkaull den beste ullen som fins. Dette vonar eg å få oppleve. I tillegg så fann eg meg ein utruleg søt kjole som eg har tenkt å sy. Type 50-tals med skikkeleg heftig svingskjørt med tyllfyll (oo, smak på det ordet!) og halterneckstropper. Det vert så bra! Gler meg til dei får inn mønsteret. Då skal eg jammen meg sy. Det blir moro!
Seinare på dagen vart det sosialisering med Litle-Jesper og Monica. Fyrst heime på Stølo før me forflytta oss til Kastet. Litt morosamt då Monica skulle inn og handle litt mat medan eg satt i bilen med småen. Han likar nemleg ikkje at bilen står i ro. Det er det same som vill hyling i baksetet. Så eg køyrde rundt, eg... Att og fram på Svortland, rundt og rundt på ein parkeringsplass. Eg er viss på at nokon byrja å lure på meg, men det var i grunn berre litt løye :) Vel fremme i rorbua drypte det både arveklede og lån av dansesko og dansemusikk. Eg er no bra heldig eg ja!
Eg må nesten fortelje litt om gårsdagen sidan eg er så godt i gong her. Då hadde me besøk av Frode, Elisabeth og Vebjørn. Så då fekk eg kosa litt med den babyen òg. Eg likar å vere tante. Eg får halde dei medan dei søv og er søte og snille. Og så får eg ta mange bilete av dei. Og så får eg gje dei frå meg når dei skrik. Eg er ei god tante, er eg ikkje? Vebjørn var no så god - han har forresten bevist at han skal bli musikar og lysteknikar og har visst allereie hatt omvisning i studioet til Frode.
Vebjørn er trøytt!
Tre generasjonar Jesper
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar