Onsdag var ein fin dag. På swingen hadde me først klatring på kvarandre. Det tok dei faktisk bilete av -
sjå kor gøy det var! Så lærte me mellom anna turen "vippedisso" som var umåteleg morosam. Eg klarte å løfta ein gut! I tillegg så fekk eg meg dansepartnar til Snøhetta. Så no skal me faktisk gjere det. Eg berre kviskrar mottoet mitt inni meg kvar gong eg er i tvil (densomaldrigjernokodumterikkjesåkloksomhansjølvtrurdensomaldrigjernokodumterikkjesåkloksomhansjølvtrurdensomaldrigjernokodumterikkjesåkloksomhansjølvtrur)
Etterpå var det iskveld heime hjå oss! Det var verkeleg kjekt. Då kunne ein helse på mellom anna Susanne Sebra, Magnar Moskus, Henrik Hund, Marianne Maurslukar, Solbjørg Sursild osb. Blodsukkeret gjekk no opp att etter hard trening :)

Marianne, Renate og Ragnhild

Katrine og Stine
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar