lørdag 24. februar 2007

Hendige jenter og namnekonkurranse

Soleis. Då har eg og Katrine montert kommoden eg kjøpte på Ikea i går. Takk for haiken Hilde Marie! Eg fekk pakken inn til slutt. Det gjorde seg med litt hjelp. Den var overraskande tung. De veit, eg er jo ingen svekling ;) Så tung, det var den altså.


1. Ramma blir skrudd i saman. Eg og Katrine kosar oss med det.
(Legg merke til julesokken som framleis heng i bakgrunnen)


2. Bank, bank. Dette blir bra. Skuffemontering. Full konsentrasjon.




3. Det endelege produktet. Særs vakkert.


Om dette ikkje var nok, så har me i tillegg satt opp akvariumet mitt. No skal det godgjere seg ei stund før me skaffar oss innhald. Sidan me ikkje har råd til det, så vurderar me å krevje fisk, planter eller evt. pusling av minst 5 brikker i puslespelet vårt (som har tendensar til å aldri bli ferdig) av kosekvelddeltakarar. Forslaget vart, til fordel for dei trufaste kosekameratane våre, forkasta.

Toalettestetikk

Dei har mykje rart på Ikea i grunn. Eg har dekorert badet vårt òg no. Utruleg kjekt å ha noko å kike på medan ein set på do. Vona er at den lever i ein månad. Namneforslag er Potteplanten Lotte og Krølle. Har de andre forslag? Det vert premiering av beste namn og sjølvsagt får de æra av at dassplanta blir heitande dette... Heng dykk på folkens! Vinnaren vert bestemt i det Ineneske fellesutval og kan avgjerda kan ikkje ankast.

Oppdatering fylgjer...

Takk!

8 kommentarer:

Anonym sa...

Syns an bør hetta Don King. An ligna litt...

Unknown sa...

Eg tykkjer Lotte- Mona må vere eit flott namn til planten din; Mona til ære for den nedlagde butikken i Svelgen. Eventuelt Bella- Mona, då blir det ei blanding av meg, lady&landstrykeren og Den nedlagde blomsterbutikken i Svelgen.

Eg hadde sikkert hatt lyst på bollar om eg ikkje hadde vore 3 timar og 45 minuttar på teater fyrst. Vil sjå igjen forresten, vere med?

Eg likar helst akvarium utan fisk. Men eg kan godt pusle puslespel.

Anonym sa...

Anders Appelsin!!!

Kristine sa...

Oioi! Eit nytt forslag! Fantastisk! Men de må hugse at de ikkje må vere så anonyme. Me må jo få vete kven som skal ha premien. Så murberry kan godt identifisere seg ;) Takk for fine forslag. Konkurransen er enno open!

Anonym sa...

Jan tore fåreslår "Natt-potta"hehe...kul blogg!:-)
Esse!

Raring sa...

Hmm, cen såg litt bustete ut, kan det komme av alle dei traumatiske opplevingane han ser på badet. Eg driv og pønsker på eit forslag, men det blir sikkert dårlig når det kjem.

Anonym sa...

hehe, e tykkjy planta døkkors ska hæite Do-Dolly!=)

Anonym sa...

Eg syns rett og slett potteplanto bør hetta Leif eg!Da e jo passe harry,så gløyme du ikkje ut litlasøsto!I da minsta ikkje mens du sitte på trykkeriet;)

Andre (særdeles?) goe navn må vel væra:
*Pottytrainer (i dobbel betydning!)
*The hot pot

Jaa...der rauk orginaliteten min!Ein trøstepremie har eg vel i da minsta fortjent:P

Ps: Kanskje best å la avgjerda felle før potteplanta dør?;)