fredag 26. januar 2007

Snø blir til slaps

Om dagen var det lyst og kvitt
Det lava vakkert ned så vidt
Sola gløtta smilande fram
og gjorde snøen passe kram
Så blei det mildt nok ein gong
Regnet summar sin eigen song
Fukta meiner det er vår
Han seier skvup! skvup! når eg går
Kulda trekkjer sakte inn
og sender tankar til stille sinn
Kvifor blir det slik eit graps
kvar gong snøen blir til slaps?


Sydneskleiven før snøen blei til slaps

1 kommentar:

Unknown sa...

Likte diktet ditt.
I like stor grad som eg mislikar snøslapssnøslapsSNØSLAPS- fordelinga sånn annankvar dag. Fekk nesten sjokk då eg gjekk ut døra idag, det var då snø inatt då eg kom heim?