lørdag 13. januar 2007

Yesterday

Dette var då gårsdagens innlegg som av ein eller anna grunn ikkje heilt ville. I går vel å merke. Så det blir i dag... Men det er i går. Ok?

"Eg vakna ganske nøyaktig 07:46 i dag. Litt stress kanskje då bussen går i 8 tida oppi gata. Då eg kom spurtande oppover, rakk eg akkurat å sjå 31-bussen blinke seg ut frå haldeplassen. Ånei! Eg vifta fabrilsk som den halvvakne og ustelte jenta eg var, og mot alle odds; bussen stoppa faktisk for meg! Det var ei oppleving av det skjeldne, så den skal eg for alltid bere i hjarta mitt. Takk, du fantastiske bussjåfør!

Og så: Det blei berre betre. Frode og Elisabeth har fått ein liten prins i dag! Han var faktisk bitteliten, under 3000 g, men god som gull! Så no har eg to små tantebarn eg kan skjemma vekk. Herlig!

Elles så har det så klart gått i KRL, i dag har eg jobba meg gjennom buddhisme og hinduisme. All right! No tar eg meg fri resten av dagen. Eg skal ta meg eit tur til Anna Kristin og vere litt sosial.

Dagen tok seg verkeleg opp frå ein brå start!"

Ingen kommentarer: