I det siste har eg hatt eit skikkeleg sosialt liv. Det nokon vil kalle for normal sosial omgong kanskje, men eit unnatak for meg. Treigingen.
På torsdag var eg hos Øystein borte på Gyldenpris, og der fekk eg jo òg sjå igjen Karis, Hanne, Jane og Ole. Ekstremt koseleg. I tillegg fekk eg innblikk i ein malawibiotop OG sjå fôringsroboten til Øystein. Eg må innrømma at den var ein nedtur, men det var eg jo blitt førespegla, så eg kan ikkje nett klage. Eg fekk ny iver i akvarieprosjektet. Me må berre ha ei hylle først. Jupp. Og då skal du hjelpe meg Øystein. Så det så!
På fredag bar det også over puddingen der eg og Stine vitja Nelkeen (i nabohuset til Øystein!) Her var det ekstremt mange pskykologistudentar, så det var litt skremande, men me klara oss fint. Eg møtte faktisk ei jente frå Eid der! Og ei som hadde gått på folkehøgskule med Øyvind, som i tillegg var bestevenninne med søskenbornet til ei frå Bømlo. Ei lita verd! Men Elisabeth har framleis stor latter, så me klarar oss!
I helga hadde eg det fint og sosialt att. (Ikkje det at eg ikkje har det fint vanlegvis, men dette var ekstra fint.) På fredag var eg med Maria til Bontveit (eller Almeland då for dei som skal vere pirkete,) og der ridde me på tur. Skikkelig sosialt og koslig. Og eg fekk ri i cowboysal og følte meg som ein skikkeleg hick. That's the stuff! På ein tinker!
På kveldstid bar det til Fyllingsdalen på besøk til Mia og Steinar. Og det var berre heilt fantastisk! Kanongod mat, kanongodt selskap og kanonmykje latter. Me fekk omvisning, dei hadde fyrt i omnen for oss, eg fekk snoke i biblioteket, me fekk prate med Gus og ete brownies. Treng eg seie meir?
Eg og Mia i ein ekstremkos
Søndag: Eg var Glade Kristine på MSN, for det er eg sanneleg. På dagen var eg og Blakken på fjelltur der me både hoppa, klatra og prøvde racergiret hans. Og sanneleg kom det nokre glytt av sol! Og det er alltid like morosamt å stinke hest på bussen heim ;) Så kom tida for å røre litt (meir) på lekamen og dette gjorde eg så klart på eigentrening på dans. Eg byrja med standard og latin klokka 17.45 der eg og Elisabeth tok heilt av på sambavrikkingtrening. Så var det swingtrening som var kjempegøy. Eg fekk danse med så flinke folk! Då er jo eg lykkeleg veit de. Takk for tålmodet - trur det er slik ein lærer fortast. Som om ikkje dette var nok så var eg att på folkedans. Mest på grunn av vèret kanskje (det lyna og regna og hagla og you name it), men eg fekk då danse litt vals og halling (?). Morosamt!
Frå fjelltur med hest og sol!
Eg har det bra! Takk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar