tirsdag 9. januar 2007

KRL vs. Grey's Anatomy

Det går verkeleg i KRL for tida. Eg har rotta meg saman med Malene, så me oppsummerar og greier. Eg føler meg skikkelig smart som har utsett mykje lesing til no. Og eg har så klart gløymt det eg har lese tidlegare. Hjelp! Enno betre. Så visst det er nokon der ute som kjenner at dei har god peiling på verdsreligionane, filosofi og livssyn og ting i den gata der så lyttar eg gjerne! I alle fall har det blitt mykje lesing i dag, så mykje at eg tente fyr på markeringspennen min i rein frustrasjon. Det var forresten ganske tøft.

Har gitt meg for kvelden, og no har eg nett sett Grey's Anatomy. Jippi! Har ete ein halv pose ostepop, så no er eg ganske kvalm også. Herleg.

Ja, som de ser så er eg tilbake i Bergen og skulen er i full gong. Hurra!

1 kommentar:

Unknown sa...

Det er vel kje tvil om at KRL'en bør vike for Grey's Anatomy, og eg må tilføye at du har gjort eit knakande bra val! Eg gav meg klokka åtte, då eg fekk pizza og greier, og is etterpå, og koste meg.

Meredith ekje den einaste som strikka genser, for å sei det som kommentar på dagens episode. ;p
(har sjølvsagt sett den før)

No har eg bloggert meg òg.