søndag 7. januar 2007

Stort sett fredeleg

Gårsdagen var ein fin dag. Eg sov til ti og satt veldig fredeleg i stova ei stund. Du skal ikkje sjå bort i frå at eg var litt fornuftig i tillegg, så eg kosa meg med litt hjernetrim rundt eksistensialisme. Eigentleg ganske negative greier det der, men i for seg heilt greie idear som ein ikkje skal kimse av. Så Jean Paul og Simone - I've heard it.

Det blei også tid til ein tur på Svortland med mamma, Monica og Jesper III. Det er forresten offisielt at den litle heiter Jesper. Så no veit de det. Me trilla rundt og fekk stor merksemd, noko som me var særs nøgde med. Og Monica fekk kjøpe alt ho ynskja seg då ho hadde fått med seg visakortet til den stolte far. Nokre bedrevitarar vil kanskje ikkje karakterisere dette som eit sjakktrekk då kvinner har ein tendens til å forelske seg i alt babytøy i storleik 50, men det gjekk etter måten bra på grunn av "halvprissal" på Cubus. Både mor og barn returnerte til bilen med nye tilskot til garderoben og andre naudsynte ting då me skulle heim til dagens middag.

Eg tok meg ein tur til Moster for å instruere litt denne dagen også, og det var kjempegøy. Hest er best, er det ikkje slik? Då det lakka mot kveld fann eg endeleg fram til skogsvegen som Elisabeth guida meg til på trass av at den låg på høgre side, i motsetning til instruksjonane. Der fekk eg omvisning og godteri. Eg likar slikt, så eg blei sitjande ei god stund med ho, og me prata om alt frå semesteroppgåver til glatt utsjånad. Kjempekoseleg :)

Då eg kom heim, rakk Jesper akkurat å gulpe på meg før han skulle av garde, så då var dagen berga for hans del. Turen gjekk vidare til Reidun der me hadde ein koseleg kveld med enno meir godteri. Der og då bestemte eg meg for at eg burde vere flinkare med tannhygienen. Det blei vel det tredje nyttårsforsettet.

I dag har eg ikkje gjort ein drit. Og det kjennes forfriskande bra ut. No ventar eg på bussen som skal ta meg attende til Bergen og det harde studentlivet. Sjarmerande.

Ingen kommentarer: