torsdag 18. januar 2007

Ein vakker, vakker dag til slutt

Tenk. No er eg ferdig med den KRL'en eg var så nervøs for. Og i tillegg gjekk det bra! Er berre så utruleg letta. Må berre skryte litt, for eg fekk beskjed om at eg var god til ein A. (Men dette var berre "godkjent" evt. "ikkje godkjent" altså.) Så happy happy. Eg feira med å kjøpe babyklede til Litle-Jesper og Vebjørn. ÅÅÅ!

Så var det den fagoppgåva om leseopplæring. Gler meg til å byrje på den. Eigentleg ikkje. Men det er i alle fall skapande arbeid.

Og så har eg ein del (EDIT: der skreiv eg faktisk fy-orda. Bømlalappen neste) pedagogikk å lese. Men det tar me i helga (sikkert! Hah!)

3 kommentarer:

Eva sa...

Gratulerer med bestått og vel så det! :)

Unknown sa...

shalabaiis :)
har faktisk ikkje fått stappa kjærleiken i munnen endå, og hadde eg funne den så skulle eg teke den no, men de nhar rett og slett forsvunne. Får finne den imåro og ete den til barneTV. kjekt heime?

God for ein A, gitt; kje dålreg!

Liquan sa...

Gratulera så meget!! =oD
Håpe me ser deg hos Jensn i kvell, hadde vore skikkeli kos om du kom asso.. =o)