mandag 18. juni 2007

Mine krumspring i det siste

Eg har leika tante i fleire dagar. På torsdag kom nemleg Monica og litle Jesper på besøk, og dei var her til laurdag. Me har i grunn slappa av og ete godt. På fredagen inviterte me Solbjørg på spelekveld med is og fruktsalat. Eg og Monica vann faktisk over Stine og Solbjørg i TP, så mitt spelesjølvbilde vart styrka, takk for det. Då det nerma seg 23.00 og spelestart på Scotsman, tok eg og Solbjørg turen for å swinge oss litt. Det var stor suksess, for her var det mange BSIarar som kunne by oss opp. Eg fekk til og med danse svensk bugg då ein svenske kom bort til meg; "Kan du bugga også? Sådär svensk bugg?" Det kunne eg ikkje, men eg lærte "snabbt" så han sa, so eg trur eg fekk det sånn halvveis til. Moro var det uansett :) I halv 2-tida kunne to smilande og svette jenter vandre nøgde heimatt.

Laurdag besto for det meste av ein long spasertur rundt om i Bergen sentrum før eg pakka syster og tantebarn inn på båten. Etterpå vart eg hengande i byn, og av ein eller anna mystisk grunn var eg i shoppehumør. Så eg kjøpte meg eit skjørt og så plutseleg hamna eg i ein sportsbutikk. Då kjøpte eg meg fjellsko og bergansbukse. Oi! Så no skal eg nytte det flotte skaparverket litt hadde eg tenkt. Laurdag kveld gjekk med til grilling i Løbergveien studentheim, noko som var koseleg. Stine vart med og me grilla og prata med nye folk. I 12-tida gjekk me heim, gode og mette. Alle var samde om at det hadde vore ein fin kveld.

Sundag måtte eg teste det nye utstyret mitt, så eg og Per tok oss ein tur i marka. Me gjekk Stoltzekleiven opp til Sandviksfjellet før me labba over til Fløyen. Eg hadde tendensar til gnagsår sjølv om eg hadde plastra meg med compeed. Det viste seg at compeeden hadde sklidd ned på hælen, så eg teipa heller med sportsteip. Då gjekk det glimrande. Ein fin tur!

Prov: Meg på Sandviksfjellet

Sjølvsagt var det eigentrening på kvelden, så eg troppa opp der. Eg måtte jo teipe meg litt att, men det gjekk glimrande. Så dansa me. Eg og Renate (som ikkje går standard og latin) kasta oss ut i ein wienervals, noko som var moro. :) Swingtreninga gav meg mange nye turar (jess!) og eg fekk tips til teknikktrening. Det skal takast til følge. I tillegg så fekk eg trene på å vere gut, sidan eg må lære meg det på ei veke, så det var ein fordel. Eg fekk til både plassbyte, inn i lukka, ut av lukka, dei ulike spinnane og sugarpush. Så no får eg berre trene hardt på grunnsteg slik at eg hugsar at dei er motsett. ;) Eg gler meg til neste veke!

onsdag 13. juni 2007

Overskya?

Eg har ei litt morosam kjensle. Eg tykkjer nemleg at det er rart at det er overskya. Tenk å sitje i Bergen og seie noko sånt? Slik vert det når ein er vorten godt vant. Litt bortskjemd faktisk. Eg elskar Bergen i sol!

Dagane har for det meste gått med til grilling, bading og soling. Eg har prøvd å vere ein god ven og muntre opp dei som framleis set med eksamenslesing. Det må vere ganske trist å ikkje vere ferdig. Det er jo faktisk litt trist for meg og, fordi då kan dei ikkje leike med meg, dei kan berre leike med bøkene sine.

I morgon kjem Monica og litle-Jesper på besøk til meg, noko som eg ser fram til. Då skal me kose oss og berre ta det rolig.

onsdag 6. juni 2007

Ei legendarisk helg

No er det sommar i Bergen, og flaks for meg - eg er her enno.

I helga var eg på swingkurs (boogie woogie) med nokre fantastisk flinke svenskar, nemleg Henric og Johanna. Fredagen gjekk mest i teknikk, noko som var nyttig. Veldig fint å lære litt teknikk. Rett etter kurset gjekk me på Scotsman og dansa frå oss. Sjølvsagt måtte det gå galt. Og sjølvsagt måtte det gå galt heilt tidleg på kvelden! Magnar hadde ein morosam tur, noko som var så morosamt at eg spant rett i golvet og eg klarte å vri kneet mitt. Ao. Så no har eg tatt både ankel og kne på mitt venstre bein. Fantastisk. Heldigvis lærte eg på Hence og Jojo at alt er guten sin feil. Uansett så hadde me ein triveleg kveld med mykje dans, kanskje ikkje så mykje for meg, men litt vart det no. Alt går :) Bortsett frå å sove om natta, noko som ikkje gjekk. Då eg fann ut at eg kanskje kunne ta meg litt smertestillande hjalp det jo :P

Laurdag skulle me på familiedag i parken, men der var det ingen familiar, så me åt frukost og sjonglerte i staden. Så bar det rett avgarde til Vågsallmenningen for å finne Daniel og haike ut til Rock'n Rolf. Eg hadde så klart støtta opp kneet så godt som det lot seg gjere, for eg lar meg ikkje stagge av litt smerte. Me lærte nye turar, og eg vart (er) heilt imponert over føringa og følginga til desse to svenskane! Wow!

Eg fekk sove litt før eg vart oppringt av Magnar som hadde lyst til å ete. Så eg tok med meg tacoingrediensar og svinsa ned i Veslehuset der me laga mat til Solbjørg. Ho vart kjempeglad. Og då vart me glade òg. Så spelte me litt gitar i parken og tok oss ein aldri så liten tur på Fløien. Kneet? Heng framleis på.

Etter nok ei svevnlaus natt var det hardt å gå på kurs, men me trente på føring og følging, og det var ein gut der som skraut over dei gode armane mine. Jee! Tenk det! Ein kan jo vakne av mindre. Eg kjem til å leve på det der i lengre tid kjenner eg.

Eg og Elisabeth tok oss ein is på veg heim, og då me kom til Sydneskleiven vart me inviterte på grilling. Solbjørg og Magnar kunne no fortelje oss om smell i universet sidan dei kom rett frå eit foredrag med Knut Jørgen Røed Ødegaard. Me grilla, eller, folk grilla medan eg sov litt på ein benk, og me kosa oss i det fantastisk flotte veret. Etterpå vart det til at me gjekk ein liten tur. Nordnes er flott om ein ser bort frå gugget i sjøen.

Den natta sov eg godt. Måndag fekk eg opplæring i BSI Dans sine nettsider og diverse andre ting som ein infoleiar skal vite. Tenk at eg vert infoleiar til hausten. Eg er jo så dum at eg seier ja til ting. Sånn kan det gå. Mat fekk eg òg. God kveldsmat med egg og bacon. André hadde hamstra bacon til 30 kr, noko som var særs gunstig. Etterpå lærte Magnar oss om korleis PCen til Ida fekk rett spenning i høve til kva dei bittesmå komponentane inni tålte. Ida lærte at den svarte boksen på ledningen til PCen ikkje er eit batteri, men ein trafo. Eg lærte at det var ekstremt lenge sidan eg hadde tenkt på slikt. Me lærte om vekselstraum og andre spanande ting. Eg datt litt av då Magnar skulle forklare kva han laga for fagprøven sin, men det var moro å høyre om dopplereffekt og tiltsensorar. Avansert for meg, men kanskje eg vert smart ein dag?

I går hadde eg min fyrste dag åleine på jobb. Det var hektisk, men det gjekk bra. Eg fekk tusen telefonar om ingenting, det var litt fortvilande sidan eg ikkje fekk gjort så mykje som eg hadde lyst til. Tida gjekk i allefall fort, og etterpå gjekk eg og syskena Myrtveit og spelte gitar og åt kvelds utanfor Johanneskyrkja. Sommartid. Eg likar det.

lørdag 26. mai 2007

Ferie no?

Tenke seg til. No er eg ferdig med eksamenane mine. Det vil seie at eg har fri, ja, reint bortsett frå at eg skal jobbe. No kan eg gjere kva eg vil, eg kan sove lenge om morgonen, og eg kan leike meg. Eg har berre eit problem - eg har ingen å leike med! Alle har jo eksamen eller har reist heim! Sukk. Eg skal ikkje stikke under ein stol at eg er glad likevel då :)

No skal eg skrive referat frå 17. mai, 19. mai og truleg og swingkafè og undergruppekosing i parken. Dette er friviljug jobbing, så eg er ganske nøgd med det :O)

Gje ein lyd viss du vil leike med meg - eg er lett med!

lørdag 12. mai 2007

Heime åleine

Nokre vil seie at det er einsamt å vere heime åleine. Eg er heime åleine i helga, og det er faktisk ganske bra. Å vere åleine er ikkje det same som å vere einsam. No kan eg synge høgt og uforstyrra! Eg kan sitje med musikken på bånn tyning i stova (noko som ikkje seier så mykje om kor høgt det er, fordi anlegget er verkeleg dårleg) medan eg et fruktcocktail rett frå blikkboksen. Eg kan bruke ein time på badet, eg kan rote utan å få dårleg samvit, eg kan spele gitar, snakke i telefonen og drite i lesinga fordi eg har "kvalitetstid." No er vel kvalitetstid noko som ein vanlegvis knyttar til forhold mellom to personar og eventuelt familie, men når ein ikkje har dei tidlegare nemnte, må ein improvisere. Å leggje nytt innhald i uttrykk for å uttrykke innhaldet i tilveret er ikkje dumt. (Fantastisk setning!)

Som tidlegare nemnt, er eg midt i eksamensperioden min for augneblinken. Eg skal lese mykje og godt. Det har eg gjort i dag, innimellom all kvalitetstida og sovinga. Ja, for eg sovna over norskboka mi i dag. Heldigvis vakna eg då stolen byrja å reise bakover. Litt vondt hadde eg nok i armar og andre kroppsdelar etter påkjenninga, men det gjer seg å sove litt. For å gå tilbake til lesinga, så har det for det meste gått i norsk og all den norske grammatikken eg skal kunne handtere. Det går i å finne semantiske, morfologiske og syntaktiske forklaringar på kvifor eit ord høyrer til i ein spesiell ordklasse. Dette må tydelegvis puggast, då eg enno ikkje har fått heilt inn kva som er kva i den nye ordklasseinndelinga. Determinativ - eg skal utforske deg! Og så tykkjer eg det er særs spanande med leddstillingsanalyse og feltskjema. Snork.

Forresten så tykkjer eg at ordet "determinativ" høyres ganske så spanande ut. For å ta i bruk morfologikunnskapane mine, kunne eg ha spurt meg sjølv om dette kjem frå det engelske ordet to determine (og slik vere kvalifisert som eit lånord og eit importord sidan det har blitt eit norsk framandord.) To determine tyder å "bestemme" eller på som ein på god nynorsk vil kalle det; å avgjere. Determinativ er kanskje då bestemmarord eller avgjerdsord? Det er nesten som om eg må sjekke opp i det! Om dette er rett, er det mogleg at det kjem eit triumferande innlegg her i nær framtid.

God natt til alle mine lesarar - eg er glad i dykk!

onsdag 9. mai 2007

I symbiose med våren

Hjernen min har kopla ut all fornuftig tankegong, den vil berre ha input av kjensler. Ein naturleg reaksjon på våren. Det hadde vore vel og bra det der, hadde det ikkje vore for at eg faktisk treng litt hjerneaktivitet rett før eksamen. Eg har sagt det før, og eg seier det igjen - eg ser ut til å nedprioritere lesing i høve til andre aktivitetar. Dette er noko som vert karakterisert som ei skremande utvikling, men eg kunne ikkje brydd meg mindre. No. Me snakkast to dagar før eksamen.

I går var me og dansa på torgallmenningen. Det var berre så kjekt! Ut i regnet, dansa, lo, prata og kosa oss stort. På heimvegen song me høgt og vent. Utruleg kor mange gode, gamle songar me kom på!

Karina og Aslak kom så klart bort for å kose, og det enda med at Aslak knuste meg i TP. Eit nederlag som nok kjem til å henge ved meg ei stund. Eg skal ha hemn! HA!

Rett før eg skulle leggje meg, tikka det inn ein melding på mobilen min. Det er kanskje den finaste meldinga eg har fått, for der sto det så mykje fint at eg vart heilt rørt. Den har eg spart på. Det var ingen ringare enn Solbjørg som nok hadde falt for mine smekre tonar på veg heim frå Isdansen. Er det noko som er betre enn fine ord frå folk du bryr deg om? Det trur eg ikkje. I dag fekk eg enno fleire fine ord, både frå den eine og den andre, så eg vert berre gladare og gladare. Det er vår, eg er glad i folk og folk seier dei er glade i meg og eksamen ligg som eit vagt minne lengst innerst, øverst i hylla i langtidsminnet mitt. Eg byrjer å få ei aning om kvifor me er til :)

fredag 4. mai 2007

Utekos og eksamen

Nokon vil hevde at denne overskrifta er noko sjølvmotseiande, og det stemmer nok. Dei siste dagane har eg prioritert utekos med gitar, song, spel, dans, leikar og turning (!) framfor eksamen. Ein kan spørje seg kor lurt dette er, men når sola varmar Bergen by og ein har bruk for solkrem og solbriller utandørs er det lite å tvile på. Ut skal ein, og lite lesing vert det. Elles har me vore på Scotsman og dansa og hatt det knas. Eg likar våren. Eg tykkjer det er særs lite smart å leggje eksamenstida til når folk kjem i sommarstemning.


Sommarstemning og utekos

Eg har faktisk hatt min fyrste eksamen no. Den leverte eg i dag. Så vert det spanande å sjå korleis det går. Det var ei såkalla mappeinnlevering, og eg har stressa meg i hel for å få korta ned på omfanget av ho. Kva er dette med absolutt maks sidetal? Lite gunstig. Og veldig irriterande. Jaja, eg stryk no ikkje, oppgåva er jo ikkje dårleg heller.

O! Eg fekk forresten ein kommentar på at eg var fin på håret i dag, noko som eg tykte var morosamt. Er det slik det er å ha ein god hårdag?

No skal eg lese til pedagogikk- og norskeksamen. Det vert nok spanande. Aller helst vil eg sove. Det hadde vore noko det...