lørdag 12. mai 2007

Heime åleine

Nokre vil seie at det er einsamt å vere heime åleine. Eg er heime åleine i helga, og det er faktisk ganske bra. Å vere åleine er ikkje det same som å vere einsam. No kan eg synge høgt og uforstyrra! Eg kan sitje med musikken på bånn tyning i stova (noko som ikkje seier så mykje om kor høgt det er, fordi anlegget er verkeleg dårleg) medan eg et fruktcocktail rett frå blikkboksen. Eg kan bruke ein time på badet, eg kan rote utan å få dårleg samvit, eg kan spele gitar, snakke i telefonen og drite i lesinga fordi eg har "kvalitetstid." No er vel kvalitetstid noko som ein vanlegvis knyttar til forhold mellom to personar og eventuelt familie, men når ein ikkje har dei tidlegare nemnte, må ein improvisere. Å leggje nytt innhald i uttrykk for å uttrykke innhaldet i tilveret er ikkje dumt. (Fantastisk setning!)

Som tidlegare nemnt, er eg midt i eksamensperioden min for augneblinken. Eg skal lese mykje og godt. Det har eg gjort i dag, innimellom all kvalitetstida og sovinga. Ja, for eg sovna over norskboka mi i dag. Heldigvis vakna eg då stolen byrja å reise bakover. Litt vondt hadde eg nok i armar og andre kroppsdelar etter påkjenninga, men det gjer seg å sove litt. For å gå tilbake til lesinga, så har det for det meste gått i norsk og all den norske grammatikken eg skal kunne handtere. Det går i å finne semantiske, morfologiske og syntaktiske forklaringar på kvifor eit ord høyrer til i ein spesiell ordklasse. Dette må tydelegvis puggast, då eg enno ikkje har fått heilt inn kva som er kva i den nye ordklasseinndelinga. Determinativ - eg skal utforske deg! Og så tykkjer eg det er særs spanande med leddstillingsanalyse og feltskjema. Snork.

Forresten så tykkjer eg at ordet "determinativ" høyres ganske så spanande ut. For å ta i bruk morfologikunnskapane mine, kunne eg ha spurt meg sjølv om dette kjem frå det engelske ordet to determine (og slik vere kvalifisert som eit lånord og eit importord sidan det har blitt eit norsk framandord.) To determine tyder å "bestemme" eller på som ein på god nynorsk vil kalle det; å avgjere. Determinativ er kanskje då bestemmarord eller avgjerdsord? Det er nesten som om eg må sjekke opp i det! Om dette er rett, er det mogleg at det kjem eit triumferande innlegg her i nær framtid.

God natt til alle mine lesarar - eg er glad i dykk!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Spiste du opp fruktcocktailen uden meg?!? Nesten litt fornærma, men d e bra du kose dg :) Skjønne du prøve å se d positiva me at du kje kan reisa på den hestetingen så du har så veldig lyst å dra på, d e bra for dg! :P hehe (okei, nå har eg våre veldig flink, både lest og kommentert, flinke meg :) :P) Gla i deg :)

Kristine sa...

Du er så flink! Sorry med fruktcocktailen, eg fant ut at den måtte møte sin lagnad før den vart dårleg :)Eg skal gjere det godt att. Me har tid til meir fruktcocktail veit du ;) Låv ju!!

Anonym sa...

Hmm.. Jeg synes forklaringen din virker svært logisk ;) Kan også trøste deg med at jeg må lære meg mye det samme som deg -på engelsk! Juhuuu! ;)Nei, nå skal jeg krype til køys bli og fornøyd etter en fin kveld med sosialt dansesamvær -og et ustabilt internett som på mirakuløst vis kom tilbake! Klem