lørdag 26. mai 2007

Ferie no?

Tenke seg til. No er eg ferdig med eksamenane mine. Det vil seie at eg har fri, ja, reint bortsett frå at eg skal jobbe. No kan eg gjere kva eg vil, eg kan sove lenge om morgonen, og eg kan leike meg. Eg har berre eit problem - eg har ingen å leike med! Alle har jo eksamen eller har reist heim! Sukk. Eg skal ikkje stikke under ein stol at eg er glad likevel då :)

No skal eg skrive referat frå 17. mai, 19. mai og truleg og swingkafè og undergruppekosing i parken. Dette er friviljug jobbing, så eg er ganske nøgd med det :O)

Gje ein lyd viss du vil leike med meg - eg er lett med!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Eg vil leike! Men ikkje enda, sukk. Sambuaren din ;)

Unknown sa...

Eg jobbar riktignok på dagtid no for tida, så då går jo dagane framover i vekedagane.

Men, tips frå meg: I helgene kan eg lett sove fjorten timar, så det anbefalast i alle fall!:)