onsdag 6. juni 2007

Ei legendarisk helg

No er det sommar i Bergen, og flaks for meg - eg er her enno.

I helga var eg på swingkurs (boogie woogie) med nokre fantastisk flinke svenskar, nemleg Henric og Johanna. Fredagen gjekk mest i teknikk, noko som var nyttig. Veldig fint å lære litt teknikk. Rett etter kurset gjekk me på Scotsman og dansa frå oss. Sjølvsagt måtte det gå galt. Og sjølvsagt måtte det gå galt heilt tidleg på kvelden! Magnar hadde ein morosam tur, noko som var så morosamt at eg spant rett i golvet og eg klarte å vri kneet mitt. Ao. Så no har eg tatt både ankel og kne på mitt venstre bein. Fantastisk. Heldigvis lærte eg på Hence og Jojo at alt er guten sin feil. Uansett så hadde me ein triveleg kveld med mykje dans, kanskje ikkje så mykje for meg, men litt vart det no. Alt går :) Bortsett frå å sove om natta, noko som ikkje gjekk. Då eg fann ut at eg kanskje kunne ta meg litt smertestillande hjalp det jo :P

Laurdag skulle me på familiedag i parken, men der var det ingen familiar, så me åt frukost og sjonglerte i staden. Så bar det rett avgarde til Vågsallmenningen for å finne Daniel og haike ut til Rock'n Rolf. Eg hadde så klart støtta opp kneet så godt som det lot seg gjere, for eg lar meg ikkje stagge av litt smerte. Me lærte nye turar, og eg vart (er) heilt imponert over føringa og følginga til desse to svenskane! Wow!

Eg fekk sove litt før eg vart oppringt av Magnar som hadde lyst til å ete. Så eg tok med meg tacoingrediensar og svinsa ned i Veslehuset der me laga mat til Solbjørg. Ho vart kjempeglad. Og då vart me glade òg. Så spelte me litt gitar i parken og tok oss ein aldri så liten tur på Fløien. Kneet? Heng framleis på.

Etter nok ei svevnlaus natt var det hardt å gå på kurs, men me trente på føring og følging, og det var ein gut der som skraut over dei gode armane mine. Jee! Tenk det! Ein kan jo vakne av mindre. Eg kjem til å leve på det der i lengre tid kjenner eg.

Eg og Elisabeth tok oss ein is på veg heim, og då me kom til Sydneskleiven vart me inviterte på grilling. Solbjørg og Magnar kunne no fortelje oss om smell i universet sidan dei kom rett frå eit foredrag med Knut Jørgen Røed Ødegaard. Me grilla, eller, folk grilla medan eg sov litt på ein benk, og me kosa oss i det fantastisk flotte veret. Etterpå vart det til at me gjekk ein liten tur. Nordnes er flott om ein ser bort frå gugget i sjøen.

Den natta sov eg godt. Måndag fekk eg opplæring i BSI Dans sine nettsider og diverse andre ting som ein infoleiar skal vite. Tenk at eg vert infoleiar til hausten. Eg er jo så dum at eg seier ja til ting. Sånn kan det gå. Mat fekk eg òg. God kveldsmat med egg og bacon. André hadde hamstra bacon til 30 kr, noko som var særs gunstig. Etterpå lærte Magnar oss om korleis PCen til Ida fekk rett spenning i høve til kva dei bittesmå komponentane inni tålte. Ida lærte at den svarte boksen på ledningen til PCen ikkje er eit batteri, men ein trafo. Eg lærte at det var ekstremt lenge sidan eg hadde tenkt på slikt. Me lærte om vekselstraum og andre spanande ting. Eg datt litt av då Magnar skulle forklare kva han laga for fagprøven sin, men det var moro å høyre om dopplereffekt og tiltsensorar. Avansert for meg, men kanskje eg vert smart ein dag?

I går hadde eg min fyrste dag åleine på jobb. Det var hektisk, men det gjekk bra. Eg fekk tusen telefonar om ingenting, det var litt fortvilande sidan eg ikkje fekk gjort så mykje som eg hadde lyst til. Tida gjekk i allefall fort, og etterpå gjekk eg og syskena Myrtveit og spelte gitar og åt kvelds utanfor Johanneskyrkja. Sommartid. Eg likar det.

Ingen kommentarer: