tirsdag 8. juli 2008

Ferietur til Nordfjord

Logg frå sommarferien, skriven 1. juli:

Eg og Torkil er no på sommarferie, og til no har me vore i vakre Sogn og Fjordane. Her kjem ei lita oppsummering frå det me har gjort på dei siste dagane.

Torsdag: Etter "eg-anar-ikkje-kva-eg-skal-ha-med-meg-pakking" vimsa me oss på ein buss til Eikanger. Her vart me møtt av mor, syster, Edd og Bob. Kvelden gjekk med til småprat, klargjering av bil, besøk hos Torkil sine besteforeldre og stabling i bilen. Me fekk dytta inn bagasje til alle familiemedlemmene, samt ei og ei halv madrass, slik at me kunne campe.

Fredag morgon sto me opp TIDLEG! For å nå actionen på Mo, måtte me reise i halv 7-tida. Me kom oss kjapt til Førde, og hadde god tid til maratonen skulle starte. Me såg på, sprang frå hinder til hinder, og heia det beste me kunne. Maraton er så kjekt! Heldigvis gjekk alt bra, til trass for at det var ei som velta. Heldigvis var hesten hennar så grei at han berre skritta roleg vidare med vogna på halv åtte! Fjordhestar er fantastiske! Litt snoping vart det òg, i fjordhestshoppen. Er no lukkeleg eigar av ein kul fjordhestjakke. Me var også ein tur til Førde, noko som vart ei våt oppleving. Grillfest på Mo på ettermiddagen, med premieutdeling og koselege folk. På kvelden vart me invitert på fest i Førde. Me møtte sjølvsagt Mari på NM, og ho ville ha oss med ut. Me kom for å bli med, det var høg fjortisfaktor, men då me skulle inn på "Træskeverket" viste det seg at det kosta pengar, så det gadd me ikkje, trøytte som me var. Sov i bilen på parkeringsplassen på Mo. Fint det!



Ina, Atle og Balder i vatnet på maratonen

Annifrid og Prinsen gir bånn pinne i hinder 1

Laurdag morgon åt me frukost medan me prata med mellom anna Hanne. Koseleg å sjå folk att! Laurdagen hadde både knøttecup og presisjon, så det skjedde no litt rundt oss. I 11-tida reiste me til Eid, for eg hadde nemleg ringt Jostein dagen før. Han lova oss lån av ponniar til ein fjelltur



Torkil klappar ein kalv framfor Huldefossen på Mo



Me køyrer langs Jølstravatnet på veg til Eid. Vakkert!



Fjellturen var knallfin. Det tok vel omlag 2 timar å få sala på då det var både opplæring og samansetting av utstyr til begge hestar. Her var det berre å setje saman slikt som passa. Alt var for stort, for lite eller liknande. Me kom oss ut til slutt. Me tok markavegen over hyttene, og då Vesleprinsen fann ut at han ikkje kom nokon veg med etinga si (i alle høve ikkje alltid), kom han etter meg og Monifax. Me rei heilt til Fossane, knalltur. Tok det roleg med mange pausar sidan hestane var i "ferieform," og leia dei faktisk det siste stykket. Bra for rumpene våre. På veg ned syns Monifax det meste var skummelt, men han var no grei. Prinsen oppførte seg eksemplarisk, og Torkil var veldig flink med han. Vel heime fekk dei kvelds og ein liten dusj. Det gjorde me òg. Kristin ga oss lov til å bruke dusj og det me måtte trenge. Eg følte meg som heime, det var godt.



Stell må til før me fer på tur. Torkil og Vesleprinsen på senteret

Monifax og Vesleprinsen helsar på kvarandre.

Turisten Torkil på sin stolte ganger

Beitepause... Det var jo ein lang tur...


På veg ned att. Det er så nydeleg her!

Sundag fekk Monifax og Timmy kome ut og ete gras medan me åt frukost, litt bortskjemte må dei jo få bli. Kristin anbefala Måløydagane, og som sagt så gjort. Me reiste til Måløy. Her handla me bursdagspresang og bryllaupspresang, me bowla, var på tivoli og me åt på ein koseleg kafè. Etter det reiste me til Refviksanden. Her vart me litt fornerma, sidan dei tok 20 kr. i parkeringsavgift, så me reiste vidare til Kråkenes. På vegen var me innom Kvalheim, Kristin og Line sin originale heimplass. På Kråkenes var det vindmøller! Me gjekk også ein tur utom fyret og speida utover Stadt. Vilt og forblåst! Konge plass. Me tok ein "snarveg" over lyngheia tilbake til bilen og såg nydeleg natur. Forstår godt når folk protesterar på kraftliner i landskapet. Me køyrde opp svingane frå Kråkenes, og parkerte på ein rasteplass med utsikt nedover. Her grilla me. Grillen var tydlegvis frå i fjor, for me brukte ganske lang tid, og mange fyrstikker, for å få fyr på den. Fyr vart det, og me kunne kose oss med grillbein og salat. Det regna, men me rygga berre bilen bort til grillen og hadde opp bakluka. Røyka ut alle tinga våre, men også smikka (knotten)! Reiste attende til Eid, og budde ved senteret.

Frukostbeiting


Mette og følet hennar, ei nydeleg raudblakk hoppe


Bowling i Måløy!


Den fyrste vindmølleparken i Norge!

Kråkenes fyr! Vææ!

Hello!

*Jogg, jogg*

Utsikt

Grillings i regnvèr

På veg attende til Nordfjordeid


Måndag vakna me av ivrige rideleirelevar, så det var berre å kome seg opp. Me åt frukost i kantina medan me prata med Kristin, Line og Siri. Jostein kom også no, så han helste fint på "odelsguten." Me fekk ei omvising i dei nye kontora og fekk nytta det nye badet deira til ein dusj. Steinar dukka no opp for å prate litt, noko som var særs koseleg. Han lukta på å kjøpe seg føl - noko må ein kar gjere på. Me reiste deretter vidare til Stryn. Tenkte oss ein tur innom Innvik for å kjøpe bryllaupspresang til Jenna og Matt. Det vart turjakker til dei begge, ein fin presang. Så gjekk turen til Stryn att og opp på fjellet. Me skulle gå opp på Gryta og få utsikt over heile bygda. Diverre var det tjukk skodd og isnande regn, så noko utsikt vart det ikkje. Var ute eit par timar og vart kliss gjennomblaute - eg vart i alle høve det. Eg trudde at oljeklede frå Helly Hansen skulle halde regnet ute, men det gjorde det tydlegvis ikkje... Hmf! Etter eit skift i bilen, ringde me Jostein. Han tilbaud oss ei hytte når me var på Eid. Det ville me jo takke ja til. Etter ein pizzamiddag fòr me avgarde til Ullsheim og Vonheim. Me møtte Josten i full sykkelhabitt. Han forklarte oss vegen til hytta, og lova å kome innom seinare. Og for ei hytte! Den var diger! Det viste seg at Jostein driv eit hyttesenter, og han lånte oss ei av dei. "Den står no ledig. De kan vere her viss de vil." Og OM me ville! Det var deilig å kome seg inn i ei skikkeleg seng og til dusj og moglegheit til å tørke kleda våre. Det var faktisk også badstu her, så me skulle no få varmen, ja. Som takk for gjestfridom, hadde me kjøpt ei flaske raudvin til han, noko eg var glad for då me såg kva han lånte oss. Herlighet så snill! Eg fekk streng beskjed om å ringe neste gong eg var i området, noko som eg sjølvsagt kjem til å gjere.


Vepsen me møtte i Stryn


Våt fjelltur til Gryta


Endeleg tørre i luksushytte. Godt med mat på bord!

No set me i bilen, det er tysdag og me skal køyre langt. Det var godt med ei natt i ei skikkeleg seng med skikkeleg sengety og frukost ved eit bord. I dag går turen over Strynefjellet til Lom. Etter det tar me av mot Fagernes og køyrer Valdresflya. Me køyrer til me ikkje gidd lenger, så me veit ikkje om me kjem fram til hytta i dag. Det betyr heller ingenting, så me tar det som det kjem. Me får nyte turen og utsikten. I dag er det i alle høve nydeleg Vèr! Etter nokre dagar med regn, gjer det godt for sjela, ja.


På veg frå Stryn. No gjekk det vidare over Strynefjellet



*Resten av ferien kjem i ny blogg...

mandag 16. juni 2008

Eksamenslesing

Det har forsåvidt ikkje skjedd så mykje spanande i det siste. Jaja, i helga skjedde det faktisk meir enn berre lesing då. Eg var med syster mi på dressurstemne. Der gjorde ho det retteleg godt, og me var alle nøgde. Litt angst fekk eg då eg innsåg at det hadde vore altfor lite lesing, så eg reiste attende til byn laurdag kveld. Svinga likegodt innom Scotsman for å svinge meg litt sidan klokka var 24 og lokalet stappa med dansarar. Kanon!

Sundag hadde eg og Rebekka ein særs effektiv kollokvie. Me gjekk i gjennom alt pensum så nær som idèhistorien. Eg fekk melding av ho i dag om at ho hadde gjort det greit på eksamen. Eg er litt avvondsjuk på at folk har fått ferie no kjenner eg.

Dagen i dag har gått i lesing og førebuing av framlegget eg skal ha. Eg har altfor mykje stoff, men anar ikkje kva for vinkling eg skal ha eller nokonting. Det vil vel vise seg i desperat lesing kvelden før, ja... Neida, skal nok få dette i boks.

Nei, no syns eg synd på meg sjølv. Det bør du gjere òg. Eg gler meg til ferie...!

mandag 9. juni 2008

Helgeeskapadar

Denne helga var spesielt fin, for me har gjort så mykje kjekt! Det heile byrja med at eg og Torkil gjekk i parken fredag kveld. Eg prøvde å lesa, me prata med Stian og me såg på flaskeinnsamlarane. Midt inni det heile, kom praten inn på klatring. Torkil har tidlegare lova meg at han skulle ta meg med å klatre, så eg spurde han når det skulle skje. Før eg visste ordet av det, hadde han avtala tur i lag med ein gjeng. På laurdag skulle Kristine henge i ein bergvegg.

Laurdag kom, og me skulle møte dei andre i 11-tida. Eg og Torkil gjekk fyrst på Ute og kjøpte nytt tau og nye klatresko til Torkil. Det var ein dyr affære, men det skulle vise seg å verte verdt det. Tida for møting kom og gjekk, og me sulla rundt i byn. Halv 1 kom Steffen og Lin til Puddefjordsbrua, og me kunne endeleg snurre avgarde. Turen gjekk til Øygarden og Uteveggen. Tida matcha godt, for me traff Makalani, Magnar, Daniel og Sigve på parkeringsplassen. Makalani hadde kjøpt seg ein bøttegrill som ho var strålande nøgd med, blå og fin. Det ho ikkje hadde kjøpt var tennvæske og fyrstikker, men etter at Magnar hadde stoppa ein bil for å spørja om veg og lengd til næraste butikk/bensinstasjon, fòr Makalani og Daniel avgarde dei tre minutta det tok.



Gjengen på tur. Grilling med bøttegrill. Foto: Magnar

Vel nede i veggen, byrja tankane å kverne. Eg var ikkje viss på om dette var ein sport for meg. Torkil opna sterkt ved å lede den fyrste veggen, noko som var halsbrekkande spør du meg. Heldigvis hadde han roen, faktisk var det ingen som døydde denne dagen. Eg var nest sist til å prøve meg. Opp kom eg, men så kom problemet - det hadde ikkje slått oss at det var skummelt å hoppe ned att. "Eg vil ikkje, stopp, uæææ!" Dette var meg, going down. Eg kom meg ned til slutt, sjølv om Magnar snakka om å dette med hovudet fyrst og så vidare. For ein gjeng! Det er lov å vere litt skeptisk fyrste gongen ;)


Meg i bergveggen. Foto: Magnar

Me klatra og koste oss, etter kvart vart eg litt meir sikker òg. Det hjalp at eg fekk setje meg i selen eit par gongar og trena på å komme ned. Greit å gjere det på 2 meters høgd og ikkje 14 slik som sist. I løpet av dagen kom denne jenta seg opp både 4-, 4 og 4+, noko ho måtte seie seg særs nøgd med. Dei andre var litt meir røynde, så dei klatra likegodt 6-arruter og 5-arruter. Stilig!

Me haldt på heile dagen, og var ikkje heime før i 9-tida på kvelden. Då hadde me allereie sagt ja til å gå Vidden by night saman med Makalani & co. Jada. Galne som me er.

Etter litt mat og "eg-veit-ikkje-kva-eg-skal-ha-med-meg-pakking," vandra me avgarde til bussen. Hanne var i byn og kom for å helse på meg, noko som var aldeles fortreffeleg koseleg. Det var så lenge sidan!

Vel oppe ved Montana, fann me no ein sti. Me gjekk sakte opp slik at ABB skulle ta oss att. Han var nemleg i fjøyfjellstunellen då me byrja oppstiging. Dette var kanskje den minst anstrengande turen eg har hatt til Ulriken. Me tok bilete, me song, me høyrde på nerdehumor og me gjekk på kryss og tvers. Det var godt tima, for ABBen tok oss att nett under masta, og me kunne nyte utsikten frå Ulriken. Magnar tok vare på augneblinkane ved å fotografere.



Me ventar på Andreas. Her er det photoshoot på veg opp Ulriken. Foto: Magnar

Klokka 2 gjekk me frå Ulriken. Me møtte likegodt ein heil symjeklubb, og kunne konstatere at det var fleire enn oss som hadde denne ideen. Me gjekk og me gjekk og me gjekk. Eg vart søvnigare og søvnigare, og beina ville ikkje samarbeide heilt. Eg har bestemt meg for å kjøpe meg nokre gode joggesko, for å seie det sånn... Kl. 04.30 såg me soloppgongen med ein varde i ryggen. Nokre meter bortanfor, sat det ein anna gjeng som gjekk tur på nattestid. Det var fredeleg og vent, dog litt kaldt. Det hjalp på å kome i aktivitet igjen. Turen gjekk radig, men det skulle vise seg å vere verre når me skulle ned frå Rundemanen. Turen ned til byn gjekk ufatteleg seint, og var ufatteleg vondt. Kneet mitt hadde fått nok, og sa tydeleg i frå. Beina mine protesterte mot dårlege sko. Det var ikkje ein behageleg tur, men me beit tenna saman. Heile vegen tenkte eg på kor fint det hadde vore å trent kondisjon for maraton (med hest) der oppe på nydelege, gruslagde vegar. Kanskje ein vakker dag..? Eg har i alle høve lyst til å ta Vidden med hest ein gong. Genialt!


Rundemanen frå Ulriksida av Vidden. Foto: Magnar


Nydeleg soloppgong klokka omlag 04.30... Foto: Magnar


Eg og Torkil ved foten av Rundemanen. Litt trøytte. Foto: Magnar

Me kom oss ned, og Deli De Luca serverte oss frukost. Etterpå bar det rett til køys. Klokka var 8 på morgonen, og eg skulle sove godt, det var sikkert. Det gjorde eg, og kom meg ikkje opp før i 4-tida. Resten av dagen var me øydelagde. Me såg film og slaura før eg hjalp Torkil med romrydding. Kan tru det vart fint!

Dagen enda med at eg, Katrine og Ragnhild satt på kjøkenet og åt vassmelon og sladra. Det var artig. I dag er det spelekveld. Jippi!

søndag 20. april 2008

Snøhetta Cup

No har me nettopp komt tilbake frå Snøhetta Cup på Dombås, og sjølv om eg er trøytt, er eg ganske så nøgd! Dette var verkeleg ei kjekk helg med mange gode vener!

Det vert ny klubbrekord i deltakande par, og me utklassa NTNUI i heiing, noko som var fantastisk sidan dei slo oss i alt anna. Hehe. Eigen innsats er det ingenting å seie på, me dansa berre betre og betre for kvar runde, og hamna i B-klassen! Jippi! Kjekt å sjå på, og heie på, mange gode dansarar frå heile Norge. Paret som vann juniorklassen hadde ei runde ut av denne verda, og det var så inspirerande å sjå på. A-klasse i BW og Lindy var absolutte høgdepunkt tilskodarmessig, men ingenting slår kjensla av å vere nøgd med det ein har gjort sjølv. Det faktum at Jørgen Sandnes gav oss callback til finalen i B-klassen gjorde helga absolutt fullkommen - jee! Kort sagt: ein knallbra tur! Kjem nok attende med eit lite referat på BSI Dans sine sider om ikkje så lenge...

søndag 16. mars 2008

Påskeferie

No har eg teke påskeferie, og har sjølvsagt då reist heim til Bømlo. På onsdag leverte eg inn det som (forhåpentlegvis) er den siste oppgåva eg må skrive før eksamen, så no går det kanskje an å få lært seg litt matematikk. Det bør eg nemleg kunne sånn mai-ish, slik at eg står på munnleg eksamen. Fekk forresten nettopp vite at me skal ha peadgogikkeksamen den siste moglege veka i juni. Jippi. Me måtte jo nesten få ein burn etter den herleg, lange sommarferien me fekk i fjor.

Eg er som sagt heime på Bømlo, og har brukt det meste av tida på å slappe av. Sove. Slappe av. Leike med tantebarn. Slappe av. Ete mamma sin fantastiske mat. Sjå film. Og sove. Eg likar verkeleg å ha ferie. I morgon trur eg nok at eg kjem til å røre litt meir på meg. No byrjar det nesten å bli keisamt!

Palmesundagstur med tantebarn og the works. Jesper på biletet

Og så kan eg ikkje heilt skjule at eg saknar kjærasten min. Det er nestan litt merkeleg, for eg plar skjeldan sakne folk. Heldigvis kjem han på besøk seinare i påska. Eg gler meg.

Eg og Torkil kjøpte smoothie på Fruktbar før eg reiste.

tirsdag 4. mars 2008

Matematiske problem

Dagane går fort. No er me allereie i mars månad!

Mine krumspring har for det meste føregått i å skulke unna å arbeide med dei to oppgåvene eg burde ha skreve på. Den eine er faktisk levert, men den andre kjem vel til å bli gjenstand for unnasluntring i nokre dagar til. SO - skal eg få meg eit liv (det har eg i grunn allereie, men eg kan jo no ha godt samvit, for all del) og lære meg matematikk fram mot munnleg eksamen i mai. Jippi! Eg gler meg sånn! Heldigvis har me no fått oss ein ny lærar som er heilt genial - han haustar stor respekt fordi han er imot den teite matteoppgåva me skriv på no (i tillegg til at han er dyktig.) Kvifor i alle dagar skal me fordjupe oss i noko som er utanfor pensum og me høgst sannsynleg aldri kjem til å få bruk for når me eigentleg treng tida til å lære oss det me SKAL lære? Ja, dette var eit retorisk spørsmål.

Forresten så har eg blitt forkjøla. Snufs. Snørr. Æsj.

Ha ein fin dag!

onsdag 6. februar 2008

Konsert

Må berre fortelje om den fantastisk fine dagen eg hadde i går. Dansing er i seg sjølv morosamt, men etterpå gjekk eg, Torkil og Ceci på konsert. Madam Felle diska opp med Heine Totland og Gisle Børge Styve. Det var fantastisk! Dei var så morsame at me lo oss igjennom store delar av programmet.

Syng so bra! Heine mmm'ar litt.

Høgdepunkt:
  • Då dei fortalte om den gongen rett etter krigen då dei sette opp cabaretar på grensa til tysktalande Polen. Heine Totland (med tysk aksent), Gisle Böge und Jon frå Hemsedal. Jon ditcha dei og reiste til London (trykk på o'ane), der han la på seg nokre kilo og skifta namn til Elton Jon (framleis trykk på o'ane). Dei song songen som han hadde stole og omsett til engelsk, nemleg die Grentzesang! Halve på engelsk og halve på tysk. Holy Moses seie berre eg.
  • Då Gisle Børge trampa i sund pedalen på pianoet. Og påfylgjande vitsing.
  • Den sveitte dressen
  • "Happy as I am"
  • Gisle Børge sin song om vindauget på rommet sitt. Som han ikkje kunne sjå. (I like my windows clean)
  • Bohemian Rapsody med utan pedal og mykje "førestilling inni hovudet."
  • Manamanam dadatiduda (Sesam stasjon el. muppet show)
(PS: Dei skal spele på Bømlo i dag. Heine Totland ringte Frodebror og spurte: "Har du eit piano?")