søndag 4. november 2007

Haustball og prinsesser

I går var det endeleg tid for haustballet, ei hending som eg trur dei fleste i dansegjengen min har gleda seg til i eit år no. På førehand hadde me skaffa oss kjolar, hatt håroppsettingsprøvedag og tromma i hop nokre kavalerar. Alt var lagt til rette for at dette skulle bli ein fantastisk kveld.

Eg sto opp tidleg, for eg skulle til Stine for å setje opp hår og ete graut. Eg vart rimeleg sint på håret til Stine, men det vart faktisk ganske fint når eg hadde kjefta på det ei stund. (Eg tullar ikkje altså.) Me åt litt svidd semulegrynsgraut og kosa oss masse med førebuinga.

Her held eg på å ordne håret til Stine. Argh!

Eg måtte stikke frå selskapet for å øve til swingshowet me skulle ha på kvelden. Eg var faktisk borte på hotellet i tide, men det var ikkje alle andre, så det vart vel heller lite trening. - Jaja, tenkte me. - Så lenge me har det kjekt, så vert det bra uansett. Det ville i alle høve vise seg når me skulle gjennomføre det.

Me ventar på å få øve til showet...

Kjolane vart kasta på i ein fart og Siri teipa dei fast der det var naudsynt. Det var Lill-Ann sin teip og ho vart med den ein reddande, snartenkt engel. Stemninga var på topp på jentedo. Me fekk høyre om Wenche sitt verste mareritt då ho skulle gifte seg, me fekk sjå ei supersexy Susanne og me skremte nok vekk alle dei normale gjestene på hotellet. Dette var nemleg eit heilt vanleg toalett som me drista oss til å nytte som garderobe. Altså heilt normalt for oss BSI-jenter.

Eg og Elisabeth i kjolane våre. Foto: Vidar Lund

Etter kvart kom kavalerane til gards, mange av dei med blomar, og dei kunne geleide oss standsmessig inn i kongesalen for ein herleg middag. Her vart det rekecoctail til forrett, lammelår med fløytegratinerte poteter og så karamellpudding til dessert. Nam. Me fekk innføring i etikette og fekk høyre gode talar. Ingrid hadde herrenes tale og den var framifrå! Likeeins må eg skryte av trenartalen til Cecilie. Kort, konsis og morosam ;)

Cecilie held tale. Foto: Vidar Lund

Då me endeleg fekk danse, trur eg at eg så vidt satt nedpå resten av kvelden. Det var så kjekt! Bandet spela, folk dansa og glisa som tilbakeståande sjimpansar. For eit vakkert bilete. Treng eg seie meir?

Eg og Daniel dansar. Sjå den fine kjolen!

Både salsa og swing hadde show for kvelden, og salsaen var fyrst ute. Dei hadde ein knallbra rueda som var særs underhaldande. Så var det oss, då. Ein kan trygt seie at me ikkje hadde roen på det som skulle skje, men moro var det! Me kosa oss og gjorde det ganske bra, faktisk. Det er så utruleg kjekt å få respons på publikum at me girar oss heilt opp og vert gode. Eller, me føler me vert det i alle fall, og det er jo det som er viktig for at det skal sjå ut som om me kosar oss :) Kanon!

Swingshow. Her frå swingruedaen. Kanongøy!

Ja, no er det eit år til neste gong, og eg gler meg allereie! Kveldar som dette går så altfor fort. Prinsesser i ballkjolar, nye folk, gentlemen, god mat, gode vener og mykje dans. Me har det så bra. Takk for ein fantastisk kveld.

Håret mitt sto framleis rett opp etter at eg hadde teke ut alle spennene :)

mandag 29. oktober 2007

Dansesko

Ja, og så har eg bestilt nye dansesko i dag. (Sorry Elisabeth...)

Då kan eg og Renate danse mykje "hyttetur," ein tur me laga då klokka var om lag 2 ei natt. Det var nok den friske lufta på Mjølfjell som førte til det kreative utfallet. Ta ein kikk på videoen:



Hyttetur på eigentrening: Eg og Renate dansar, Jan filmar.

Sakna meg?

Det har gått "år og dag" (i alle høve det siste) sidan sist, men no får de endeleg litt påfyll. "Den som ventar på noko godt" veit du...

Tida har gått så altfor fort i det siste. Eg kava meg halvt i hel ein periode, men no har eg fått trappa litt ned på aktivitetar slik at eg kan leve litt. Ergo danse mykje og få tid til skulen. Det har blitt både dansefestar, breiddesamling, hyttetur, kurs og konkurransetreningar - ja, og eg har fått meg dansepartner! Me dansar i mot den 6. runden i Vestlandsserien der me skal ha det fantastisk kjekt :)

For augeblinken er eg i praksis i to herlege sjetteklassar, noko som eg trivs godt med. Og utviklingsoppgåva er det faktisk god utvikling på.

I helga var det Halloweenfest i "the haunted mansion" i Nygårdsgaten. Cecilie, Ceci, Torkil og Lill-Ann hadde tromma saman ein god gjeng med ymse kostymar. Det gjorde seg.

Til helga er det haustball! Eg gler meg som ein unge! Eg, Karina, Marie, Stine, Ragnhild og Marianne skal møtast hjå Stine for oppstasingsvorspiel. Det vert morosamt. Kjolane våre er så fine og me skal vere prinsesser alle saman! :)

Eg legg ved eit bilete frå hytteturen med BSI Dans:

Juhuu! Bokstaveleg talt heilt på topp.

mandag 13. august 2007

Diverse som skjer

Bømlo baud på nye utfordringar denne veka. På tysdag var eg nemleg og skar høvene på nokre hestar. Det hadde eg ikkje gjort på ei stund, men det var morosamt, det. Og blytungt.

På onsdag reiste eg til Katrine i Haugesund. Me kosa oss med godteri og andre usunne saker før me møtte Vidar og Renate for å regjere på Sildajazzen. Det gjorde me med god stil, og eg må seie - eg vart kjempeimponert over Katrine! Ho har aldri dansa boogie før, men tok både grunnsteg og ein 4-5 turar på omlag 10 minuttar! Så me dansa og hadde ein fin kveld i Haugesund. Det heile vart avrunda med The Jive Aces som tok heilt av og spela særs dansbar musikk. Å, som eg kosa meg!

Nostalgi på ein vegg i Haugesund

Me inviterte oss sjølve til å sjå babyen til Eva Helen torsdag kveld. Eg og Monica tok turen til Sele for å sjå ei nydeleg, lita jente. Julie Alice synte at ho var ei kvikk og aktiv jente allereie, ho kan nemleg snu seg på stellebordet - og ho er berre to veker gamal.

Eva Helen og Julie Alice

Fredag var hestedag att. Ponniane fekk sko og eg hadde med heile bølingen av jentungar på tur etterpå. Det var koseleg. Diverre viste det seg at Nicko hadde vondt i beina, så det vart ein kort tur. Det ordna seg heldigvis når han fekk seg litt havre ;)

På laurdag reiste eg til Bergen. Her var det fadderkickoff og me var "heile" fire frå klassen som møtte. Me fekk gratis pizza. Je! Etter dette tok eg imot ny leigebuar. Velkommen til oss, Line!

Sundag stod eg tidleg opp og jogga (evt. kraup) lett opp Stoltzen for så å sjå skoddetaket på Sandviksfjellet. Turen ned att gjekk ned mot Skredderdiket. I Sandviken var det ei som hadde kræsja, så eg fekk forvetne meg litt på slike spanande ting også.

Mamma og pappa kom då eg var heime att. Dei hadde med sjenerande mange gåver til meg: nemleg nye fjellsko, pustande regnbukse, ei tynn turbukse, to fjellbukser, ein fleecepolo og ei fjelljakke. Dei hadde tydlegvis brukt ferien sin på å kjøpe turutstyr til meg. Eg er sjølvsagt veldig glad for alle gåvene, men føler meg kanskje littegrann bortskjemt..? Dei er så snille! Etter lunsj på Deli DeLuca vart det kaffi og oreokake i stova vår med heile bølingen, altså; Mamma, pappa, meg, Katrine, pappa-Bjørn, Line, Marius og pappaen til Line.

På ettermiddagen vart eg invitert til å henge med Solbjørg og Stian, og me skulle innta Bergen Kino. Det viste seg at dette var ein dobbeldate, noko som var særs koseleg. Eg fekk juice, sjokolade og chilinøtter av Stian, og daten til Solbjørg fekk smågodt og sjokolade. Me såg, passande nok, ein fantastisk film med namnet "The fantastic 4." Den handla om "The destroyer who feeds on planets, both thermical and bilological" og hjelparen hans, ein fyr på surfebrett. Heldigvis gjekk det bra med jorda, og superheltane, to av dei fantastiske fire, fekk endeleg gifte seg. Flaks. Eg vil kanskje ikkje rå dykk til å sjå denne filmen.

Ettermiddagen gjekk med til å danse. Så klart! Det var moro. Så fekk Solbjørg kvelds og oreokake hjå meg, noko som sjølvsagt var veldig populært.

tirsdag 7. august 2007

Vakre Sunnhordland

Då eg sat på kystbussen på veg heim til Bømlo i dag, fekk eg sjå ein fantastisk himmel over Tysnes. Eg sat med ven musikk i øyro og vart ganske så fredfull med dette synet. Live poesi rett og slett! Synd at det ikkje kjem skikkeleg fram på eit bilete teke gjennom eit bussvindauge.

Brot i skydekket.

Strålar ned over jorda...


Kosehelg i Bergen

I helga reiste eg til Bergen for å rydde og gjere plass til dei nye investeringane mine, samt for å sende mange ting heim. Eigentleg så reiste eg fordi eg ville danse :)

Eg hadde min siste dag i sommarjobben på fredag, og ville då feira med ein tur på Scotsman. Eg klarte akkurat å komme meg fram, pakke kjapt ut og lage ein pizza før Magnar kom til den lenge førespegla middagen (som eg trur eg lova i juni.) Pizzaen var kjempegod, og eg fekk skryt. Jess! Då det nerma seg Scotsmantid dressa eg meg opp i kjole og lånte han den kule mafiahatten min. Såleis var me klare for heftig swing! Me var så mange, noko som gleda meg enormt - eg nemner i fleng: Tormod, Wenche, Ina, Daniel, Per-Sindre, Henrik, Renate ect. Kvelden baud på både heftige moves, mange smil og ein heltemodig Tormod (hehe). Me haldt det gåande til klokka nerma seg halv 3, noko som eg trur er ny rekord.

Laurdag vart den store ryddedagen. Eg sto opp i 10-tida for så å kjøpe lyspærer og andre ting som har mangla i månadsvis og nytta dagen til å rydde, sortere og dekorere. På kvelden fekk eg besøk av Elisabeth og me kosa oss med ein morosam film til levande ljos.

Frukost laurdag morgon

På sundagen sto eg faktisk òg tidleg opp for å rydde. Då eg var ferdig, jogga eg lett ut til Sandviken for å sjå den nye bustaden og dei nye kjolane til Elisabeth. Etter å ha mora meg med at ho er nøydd til å gå gjennom badet for å komme til rommet sitt, tvinga eg ho til å vere med på å lage middag. Makaroni med tomatsuppe og rundstykker.. Nam.

Mamma og pappa stakk ein tur innom meg med klede og andre ting før eg gjekk på dans. Dei ville ikkje vere med på dans, så dei reiste kjapt vidare til Voss. Fru Sæverud takka diverre nei til danseinvitasjon til Myrtveiten si fortviling. Heldigvis fekk han ein, om ikkje fleire, trøystedansar med dottera hennar. Forresten laga me ein tur, eller, eg berre gjorde som eg fekk beskjed om, men eg fekk kreds for den eg òg. Tormod lærte meg ein morosam "spark-ut-med-foten-tur" og eg fekk danse blues med Daniel. Etter 4,5 timar med dans og kake, gav me oss og labba heim.

Måndag shoppa eg med Elisabeth, og me gjekk til Nordnes for å grille med Makalani med fleire. Etter 1,5 time med venting, kom endeleg Solbjørg, så då vart det grilling :) Perfekt grilling, god prat, Makalanibading og ballspel høyrde med. Eg la raskt frå meg tanken på å reise heimatt denne kvelden, då ting tar tid :) Solbjørg foreslo film, noko som fall i smak blant dei tilstadeverande. Eg, Stian og Magnar hamna på videosjappa for å velge, noko som ikkje var det lettaste prosjektet. Til slutt enda me med ein Jackie Chan-film som visstnok alltid er safe. Det var den, så me lo oss igjennom sprø kampscenar og Solbjørg si browniessuppe heime hjå "Tante Liven." Kvelden vart avslutta med mannekengoppvising då kugutkostymet til Magnar måtte visast fram med stor innleving. Fantastisk. Og det er MINE chaps! :O)

Solbjørg hoppa i havet på Nordnes

Cowboy med heftige chaps

fredag 27. juli 2007

Lesestoff

Det regnar i dag. Difor har eg funne meg eit tema det passar å irritere seg over i innevèr. Det har seg nemlig slik at det jobbar mange sosiale konsulentar på kulturhuset på Bømlo. Nettopp. Sosial konsulentar og ikkje sosialkonsulentar. Eg vert opprørt og ein smule irritabel når eg ser slikt. Og HALLO! I eit kommunalt bygg! Det neste eg får er vel eit skilt det står "rein haldar" på. Det er rett og slett grysjeleg! (Ja, det er faktisk eit ord som skildrar både seg sjølv og slike evneveike orddelingsfeil opp og ned tusen gongar.)

Eg må nemne eit uttrykk òg: "ein heil del." Kva er så ein heil del? Ein heil del problem. I alle dagar. Ein heil del, ein god del og kvasomhelst del: det er for søren ikkje brøk me snakkar om. Eit tåpeleg uttrykk som er hjarteleg omfamna av Bømlo-nytt. Usj. Og medan eg pratar om Bømlo-nytt, så må eg le høgt og rått: det er greit at det er agurktid, men å bruke ei heil side i avisa på å skrive om at julenissen er observert sovande i kjellaren på Amfisenteret på Stord er jo rett og slett latterleg! Sitat:

"(...) Under ein tur på Amfisenteret på Leirvik kjem underteikna tilfeldigvis forbi ein kjendis som ligg og slumrar i kjellaren. Det er sjølvaste Julenissen som ligg i djup søvn i ein diger kasse med julepynt. Oppi kassa sit også alven, den vesle hjelparen til Julenissen. Etter travle tider med utdeling av presangar og snop i desember, og ein vår med førebuingar til jul, ser det ut til at Julenissen har teke turen frå Nordpolen til Stord for å få litt fred frå alt kjas og mas. Ein litt motvillig alv fortel at nissen gjerne tek seg ein lang og god lur på denne tida av året, for å lade opp til ei travel førjulstid og juletid. (...)"

Jaha - to fargebilete av ein plastnisse oppå ein kasse med julepynt og ein tekst om INGENTING. Det er greit at dette er ei lokalavis, men dette er jo beyond idiotisk. Når journalisten i tillegg klarar å røpe at han har vore på handelslekkasje til Stord og skriv om ein julenisse han fann der, altså, på STORD, kan ein byrje å lure på opplegget. Har Bømlalappen ein hemmeleg agenda om å propagandere samanslåing av Bømlo og Stord til ein kommune? Er journalisten kjøpt og betalt av næringslivet på Stord for å oppmuntre til handelslekkasje over bruene? Har julerushet og kjøpepresset starta rekordtidleg i år?

Nei, eg seier som Brynjar Stautland i eit vers av Bømlasongen: "Kver onsdag og fredag føle adle seg snytt, for at di betala abbonementet på Bømlanytt. For der står jo bere da so skjedde i går, og da vett me jo frå før for rykto dei går."