Det har forsåvidt ikkje skjedd så mykje spanande i det siste. Jaja, i helga skjedde det faktisk meir enn berre lesing då. Eg var med syster mi på dressurstemne. Der gjorde ho det retteleg godt, og me var alle nøgde. Litt angst fekk eg då eg innsåg at det hadde vore altfor lite lesing, så eg reiste attende til byn laurdag kveld. Svinga likegodt innom Scotsman for å svinge meg litt sidan klokka var 24 og lokalet stappa med dansarar. Kanon!
Sundag hadde eg og Rebekka ein særs effektiv kollokvie. Me gjekk i gjennom alt pensum så nær som idèhistorien. Eg fekk melding av ho i dag om at ho hadde gjort det greit på eksamen. Eg er litt avvondsjuk på at folk har fått ferie no kjenner eg.
Dagen i dag har gått i lesing og førebuing av framlegget eg skal ha. Eg har altfor mykje stoff, men anar ikkje kva for vinkling eg skal ha eller nokonting. Det vil vel vise seg i desperat lesing kvelden før, ja... Neida, skal nok få dette i boks.
Nei, no syns eg synd på meg sjølv. Det bør du gjere òg. Eg gler meg til ferie...!
mandag 16. juni 2008
mandag 9. juni 2008
Helgeeskapadar
Denne helga var spesielt fin, for me har gjort så mykje kjekt! Det heile byrja med at eg og Torkil gjekk i parken fredag kveld. Eg prøvde å lesa, me prata med Stian og me såg på flaskeinnsamlarane. Midt inni det heile, kom praten inn på klatring. Torkil har tidlegare lova meg at han skulle ta meg med å klatre, så eg spurde han når det skulle skje. Før eg visste ordet av det, hadde han avtala tur i lag med ein gjeng. På laurdag skulle Kristine henge i ein bergvegg.
Laurdag kom, og me skulle møte dei andre i 11-tida. Eg og Torkil gjekk fyrst på Ute og kjøpte nytt tau og nye klatresko til Torkil. Det var ein dyr affære, men det skulle vise seg å verte verdt det. Tida for møting kom og gjekk, og me sulla rundt i byn. Halv 1 kom Steffen og Lin til Puddefjordsbrua, og me kunne endeleg snurre avgarde. Turen gjekk til Øygarden og Uteveggen. Tida matcha godt, for me traff Makalani, Magnar, Daniel og Sigve på parkeringsplassen. Makalani hadde kjøpt seg ein bøttegrill som ho var strålande nøgd med, blå og fin. Det ho ikkje hadde kjøpt var tennvæske og fyrstikker, men etter at Magnar hadde stoppa ein bil for å spørja om veg og lengd til næraste butikk/bensinstasjon, fòr Makalani og Daniel avgarde dei tre minutta det tok.

Vel nede i veggen, byrja tankane å kverne. Eg var ikkje viss på om dette var ein sport for meg. Torkil opna sterkt ved å lede den fyrste veggen, noko som var halsbrekkande spør du meg. Heldigvis hadde han roen, faktisk var det ingen som døydde denne dagen. Eg var nest sist til å prøve meg. Opp kom eg, men så kom problemet - det hadde ikkje slått oss at det var skummelt å hoppe ned att. "Eg vil ikkje, stopp, uæææ!" Dette var meg, going down. Eg kom meg ned til slutt, sjølv om Magnar snakka om å dette med hovudet fyrst og så vidare. For ein gjeng! Det er lov å vere litt skeptisk fyrste gongen ;)

Me klatra og koste oss, etter kvart vart eg litt meir sikker òg. Det hjalp at eg fekk setje meg i selen eit par gongar og trena på å komme ned. Greit å gjere det på 2 meters høgd og ikkje 14 slik som sist. I løpet av dagen kom denne jenta seg opp både 4-, 4 og 4+, noko ho måtte seie seg særs nøgd med. Dei andre var litt meir røynde, så dei klatra likegodt 6-arruter og 5-arruter. Stilig!
Me haldt på heile dagen, og var ikkje heime før i 9-tida på kvelden. Då hadde me allereie sagt ja til å gå Vidden by night saman med Makalani & co. Jada. Galne som me er.
Etter litt mat og "eg-veit-ikkje-kva-eg-skal-ha-med-meg-pakking," vandra me avgarde til bussen. Hanne var i byn og kom for å helse på meg, noko som var aldeles fortreffeleg koseleg. Det var så lenge sidan!
Vel oppe ved Montana, fann me no ein sti. Me gjekk sakte opp slik at ABB skulle ta oss att. Han var nemleg i fjøyfjellstunellen då me byrja oppstiging. Dette var kanskje den minst anstrengande turen eg har hatt til Ulriken. Me tok bilete, me song, me høyrde på nerdehumor og me gjekk på kryss og tvers. Det var godt tima, for ABBen tok oss att nett under masta, og me kunne nyte utsikten frå Ulriken. Magnar tok vare på augneblinkane ved å fotografere.
Klokka 2 gjekk me frå Ulriken. Me møtte likegodt ein heil symjeklubb, og kunne konstatere at det var fleire enn oss som hadde denne ideen. Me gjekk og me gjekk og me gjekk. Eg vart søvnigare og søvnigare, og beina ville ikkje samarbeide heilt. Eg har bestemt meg for å kjøpe meg nokre gode joggesko, for å seie det sånn... Kl. 04.30 såg me soloppgongen med ein varde i ryggen. Nokre meter bortanfor, sat det ein anna gjeng som gjekk tur på nattestid. Det var fredeleg og vent, dog litt kaldt. Det hjalp på å kome i aktivitet igjen. Turen gjekk radig, men det skulle vise seg å vere verre når me skulle ned frå Rundemanen. Turen ned til byn gjekk ufatteleg seint, og var ufatteleg vondt. Kneet mitt hadde fått nok, og sa tydeleg i frå. Beina mine protesterte mot dårlege sko. Det var ikkje ein behageleg tur, men me beit tenna saman. Heile vegen tenkte eg på kor fint det hadde vore å trent kondisjon for maraton (med hest) der oppe på nydelege, gruslagde vegar. Kanskje ein vakker dag..? Eg har i alle høve lyst til å ta Vidden med hest ein gong. Genialt!

Rundemanen frå Ulriksida av Vidden. Foto: Magnar

Me kom oss ned, og Deli De Luca serverte oss frukost. Etterpå bar det rett til køys. Klokka var 8 på morgonen, og eg skulle sove godt, det var sikkert. Det gjorde eg, og kom meg ikkje opp før i 4-tida. Resten av dagen var me øydelagde. Me såg film og slaura før eg hjalp Torkil med romrydding. Kan tru det vart fint!
Dagen enda med at eg, Katrine og Ragnhild satt på kjøkenet og åt vassmelon og sladra. Det var artig. I dag er det spelekveld. Jippi!

Gjengen på tur. Grilling med bøttegrill. Foto: Magnar

Meg i bergveggen. Foto: Magnar

Me ventar på Andreas. Her er det photoshoot på veg opp Ulriken. Foto: Magnar
Klokka 2 gjekk me frå Ulriken. Me møtte likegodt ein heil symjeklubb, og kunne konstatere at det var fleire enn oss som hadde denne ideen. Me gjekk og me gjekk og me gjekk. Eg vart søvnigare og søvnigare, og beina ville ikkje samarbeide heilt. Eg har bestemt meg for å kjøpe meg nokre gode joggesko, for å seie det sånn... Kl. 04.30 såg me soloppgongen med ein varde i ryggen. Nokre meter bortanfor, sat det ein anna gjeng som gjekk tur på nattestid. Det var fredeleg og vent, dog litt kaldt. Det hjalp på å kome i aktivitet igjen. Turen gjekk radig, men det skulle vise seg å vere verre når me skulle ned frå Rundemanen. Turen ned til byn gjekk ufatteleg seint, og var ufatteleg vondt. Kneet mitt hadde fått nok, og sa tydeleg i frå. Beina mine protesterte mot dårlege sko. Det var ikkje ein behageleg tur, men me beit tenna saman. Heile vegen tenkte eg på kor fint det hadde vore å trent kondisjon for maraton (med hest) der oppe på nydelege, gruslagde vegar. Kanskje ein vakker dag..? Eg har i alle høve lyst til å ta Vidden med hest ein gong. Genialt!
Rundemanen frå Ulriksida av Vidden. Foto: Magnar
Nydeleg soloppgong klokka omlag 04.30... Foto: Magnar
Eg og Torkil ved foten av Rundemanen. Litt trøytte. Foto: Magnar
Me kom oss ned, og Deli De Luca serverte oss frukost. Etterpå bar det rett til køys. Klokka var 8 på morgonen, og eg skulle sove godt, det var sikkert. Det gjorde eg, og kom meg ikkje opp før i 4-tida. Resten av dagen var me øydelagde. Me såg film og slaura før eg hjalp Torkil med romrydding. Kan tru det vart fint!
Dagen enda med at eg, Katrine og Ragnhild satt på kjøkenet og åt vassmelon og sladra. Det var artig. I dag er det spelekveld. Jippi!
søndag 20. april 2008
Snøhetta Cup
No har me nettopp komt tilbake frå Snøhetta Cup på Dombås, og sjølv om eg er trøytt, er eg ganske så nøgd! Dette var verkeleg ei kjekk helg med mange gode vener!
Det vert ny klubbrekord i deltakande par, og me utklassa NTNUI i heiing, noko som var fantastisk sidan dei slo oss i alt anna. Hehe. Eigen innsats er det ingenting å seie på, me dansa berre betre og betre for kvar runde, og hamna i B-klassen! Jippi! Kjekt å sjå på, og heie på, mange gode dansarar frå heile Norge. Paret som vann juniorklassen hadde ei runde ut av denne verda, og det var så inspirerande å sjå på. A-klasse i BW og Lindy var absolutte høgdepunkt tilskodarmessig, men ingenting slår kjensla av å vere nøgd med det ein har gjort sjølv. Det faktum at Jørgen Sandnes gav oss callback til finalen i B-klassen gjorde helga absolutt fullkommen - jee! Kort sagt: ein knallbra tur! Kjem nok attende med eit lite referat på BSI Dans sine sider om ikkje så lenge...

søndag 16. mars 2008
Påskeferie
No har eg teke påskeferie, og har sjølvsagt då reist heim til Bømlo. På onsdag leverte eg inn det som (forhåpentlegvis) er den siste oppgåva eg må skrive før eksamen, så no går det kanskje an å få lært seg litt matematikk. Det bør eg nemleg kunne sånn mai-ish, slik at eg står på munnleg eksamen. Fekk forresten nettopp vite at me skal ha peadgogikkeksamen den siste moglege veka i juni. Jippi. Me måtte jo nesten få ein burn etter den herleg, lange sommarferien me fekk i fjor.
Eg er som sagt heime på Bømlo, og har brukt det meste av tida på å slappe av. Sove. Slappe av. Leike med tantebarn. Slappe av. Ete mamma sin fantastiske mat. Sjå film. Og sove. Eg likar verkeleg å ha ferie. I morgon trur eg nok at eg kjem til å røre litt meir på meg. No byrjar det nesten å bli keisamt!
Og så kan eg ikkje heilt skjule at eg saknar kjærasten min. Det er nestan litt merkeleg, for eg plar skjeldan sakne folk. Heldigvis kjem han på besøk seinare i påska. Eg gler meg.

tirsdag 4. mars 2008
Matematiske problem
Dagane går fort. No er me allereie i mars månad!
Mine krumspring har for det meste føregått i å skulke unna å arbeide med dei to oppgåvene eg burde ha skreve på. Den eine er faktisk levert, men den andre kjem vel til å bli gjenstand for unnasluntring i nokre dagar til. SO - skal eg få meg eit liv (det har eg i grunn allereie, men eg kan jo no ha godt samvit, for all del) og lære meg matematikk fram mot munnleg eksamen i mai. Jippi! Eg gler meg sånn! Heldigvis har me no fått oss ein ny lærar som er heilt genial - han haustar stor respekt fordi han er imot den teite matteoppgåva me skriv på no (i tillegg til at han er dyktig.) Kvifor i alle dagar skal me fordjupe oss i noko som er utanfor pensum og me høgst sannsynleg aldri kjem til å få bruk for når me eigentleg treng tida til å lære oss det me SKAL lære? Ja, dette var eit retorisk spørsmål.
Forresten så har eg blitt forkjøla. Snufs. Snørr. Æsj.
Ha ein fin dag!

onsdag 6. februar 2008
Konsert
Må berre fortelje om den fantastisk fine dagen eg hadde i går. Dansing er i seg sjølv morosamt, men etterpå gjekk eg, Torkil og Ceci på konsert. Madam Felle diska opp med Heine Totland og Gisle Børge Styve. Det var fantastisk! Dei var så morsame at me lo oss igjennom store delar av programmet.
Høgdepunkt:
Høgdepunkt:
- Då dei fortalte om den gongen rett etter krigen då dei sette opp cabaretar på grensa til tysktalande Polen. Heine Totland (med tysk aksent), Gisle Böge und Jon frå Hemsedal. Jon ditcha dei og reiste til London (trykk på o'ane), der han la på seg nokre kilo og skifta namn til Elton Jon (framleis trykk på o'ane). Dei song songen som han hadde stole og omsett til engelsk, nemleg die Grentzesang! Halve på engelsk og halve på tysk. Holy Moses seie berre eg.
- Då Gisle Børge trampa i sund pedalen på pianoet. Og påfylgjande vitsing.
- Den sveitte dressen
- "Happy as I am"
- Gisle Børge sin song om vindauget på rommet sitt. Som han ikkje kunne sjå. (I like my windows clean)
- Bohemian Rapsody med utan pedal og mykje "førestilling inni hovudet."
- Manamanam dadatiduda (Sesam stasjon el. muppet show)
fredag 1. februar 2008
Altfor slapp!
Då var endeleg dagen for blogging her att. Eg fekk litt dårleg samvit då ein viss Nordneskonge kommenterte mi manglande tilstadevering i bloggen. Så no skal eg oppdatere litt.
Dagane har gått fort, nesten for fort. Kristine kan no endre relationshipstatus på facebook, ho har teke opp ein ny hobby, ho har stressa og ho har jobba med både skule- og danseting.
I dag tenkte eg at eg skulle fortelje litt om den nye tidtrøyta mi, slik at dei som vart frykteleg nyfikne på relationshipstatus vert enno meir nyfikne.
Eg sydde som kjent ein kjole til 17. mai, noko som vart stor suksess. Eg har tenkt å vidareføre desse nye kunnskapane, og lage litt custom made klede etter kvart, mykje grunna den fantastiske julegåva eg fekk hjå mamma og pappa til jul. (Red. anm: symaskin) Resultatet har til no vore varierande. Det fyrste prosjektet vart eit skjørt, noko som såg særs lovande ut før eg fann ut at det vart for lite til meg. Eg tok fatt på oppgåva med å skøyte på meir stoff og tenkte som så at det var på denne måten eg lærte. Då det likevel viste seg at skjørtet nok hadde passa, vart kanten oppe ein stor blubb. Denne sydde eg saman på eit vis, men framleis ser det ikkje bra ut. Mission failed. Eg kan bruke det med ein long topp i alle høve.
Neste prosjekt vart årets (les: fjorårets forseinka) julegåve til mi amerikanske venninne, Jenna. Sjølv om mamma (og andre) lo av meg grunna for vanskeleg stoffval, vart resultatet slettes ikkje verst. Kanskje vart eg så innbitt av å prove alle feil? Eg har i allefall sydd ein kjole i brun taft med brodade av gull og brunt. Den er stroppelaus og har snøring i ryggen. Og den er sabla fin!
Eg legg ut bilete av den, men dette er før eg fekk snøringa i bak. Ha litt tålmod med meg, så får du kanskje sjå korleis den ser ut der òg. Det er nemleg den finaste delen av den :)

Abonner på:
Innlegg (Atom)