lørdag 17. mars 2007

Post

Det låg post å venta på meg då eg kom heim frå tur! Eg elskar å få post - då veit de det!

Herning, hest og heisann!

Sist onsdag reiste me ein gjeng på tur til Herning, DK, for å sjå på hingstekåring i dansk varmblod. Då me skulle reise, viste det seg at me ikkje hadde alle bilettane, så det var lettare kaotisk ei stund. Dette feira me med å kjøpe godteri på danskebåten og snakke med den blå guten som varta oss opp med å lukke dører då det var plagsom trekk, han oppdaterte oss om ting som me ikkje visste og sist men ikkje minst så kunne han fortelje oss kor me var parkert på båten. Elles brukte me tida på høglytt gruble akkurat når dei andre passasjerane prøvde å sjå på TV. Dei fleste la seg tidleg for å vere opplagt til morgondagen, men Tone og Irmelinn var klare for å bli kjent med nye folk.
Elin sette seg opplagt bak rattet etter å ha sjekka olja på ferja. Alle mannfolka rundt var særs imponerte. Det skulle vise seg at me kom til å få bruk for denne jenta sine mekaniske dugleikar seinare på turen. Til Herning kom me i ein fart, og endeleg kom me oss inn til hestelukta. Her traska me flittig mellom messe og kåring. Det vart svidd av mykje pengar på hesteutstyr, her nevner eg mellom anna hodelagkjøp a'la Erika, ridestøvelkjøp gjort av Hilde (med pruting!) og diverse andre nyttegjenstandar me hadde meir (eller mindre) bruk for. Denne helga fekk me oppleve Andreas Helgstrand clinic (det var heilt fantastisk!!), gallashow med for mykje sprang, hingstekåring, grand prix dressur, heltane i aksjon, me såg ein stram tyskar som ikkje var tysk (burberryskjerf og sleik medan han varmar opp liksom?!), køyreoppvising osv, osv...
Utanomhestelege ting: den mongolske restauranten der me hadde ein utruleg god laurdagsmiddag, me hadde fantastisk god frukost på vandrarheimen, me blei litt lurte då me plutseleg hadde investert i eit internasjonalt vandrarheimkort, me gløymte å sjekka inn (høner på tur fekk me høyre om den), og ja. Det skjedde så mykje at eg ikkje gidd å fortelje om alt. De får kose dykk med nokre bilete istaden. Takk for turen jenter!!


På danskebåten

Andreas Helgstrand på Matinè

torsdag 15. mars 2007

Det skjer visst ting

No har det skjedd ganske mykje på kort tid. Eg skal oppdatere dykk så snart eg er ferdig med oppgåvene mine. Stikkord for blogginnlegg i nær framtid:

  • Herning, hest og heisann!
  • Post
  • Trening og swingkafe
  • Tirsdagskosekveld
  • Swingtrening og klatring
  • Iskveld
  • Utruleg bra norsktime
  • Badetur
  • Oppgåveangst

No må de vente i spenning... Takk!

mandag 5. mars 2007

Kjærleiksfråsegna

Eg er glad! Så veit de det, kjære vener. Eg er glad i dykk!

søndag 4. mars 2007

Den største gleda ein kan ha...

Eg er for augneblinken ein liten tur heimom hjå familien. Litle-Jesper skal nemleg døypast i helga og dette skal sjølvsagt feirast.

I dag har eg faktisk vore på Svortland og kjøpt dåpspresang og kjøpt "ingrediensar" til eit kort. Dette har eg òg laga. Heilt sjølv! Eg byrjer å bli ein helt på kort. Det aktar eg å gjere til ein god tradisjon. Eg er rimeleg nøgd med meg sjølv når eg har laga eit kort som folk blir glad for. Eg har gått i meg sjølv og tenkt litt på kva det finaste og kjekkaste eg kan få frå nokon er. Då kom eg fram til at noko som vedkommande har lagt litt omtanke ned i, som til dømes eit kort eller ein presang det er ein tanke bak, DET er noko eg verkeleg set pris på. Berre det at nokon hugsar på noko ein har sagt eller gjort, at nokon fortel meg om nokon av mine positive sider eller berre gjer meg ein fortjent eller ufortjent klem - det gjer meg verkeleg glad. Sidan eg er sikker på at mine tankar kan tilpassast dei aller fleste (med mindre du har ingen kjensler!), håpar eg og trur at mine kreative påfunn kan glede litt.

Elles så har eg vore hjå Monica (kalenderpiken :P) på Stoffbua (!) og funne meg litt husmormoro. Eg trur eg byrjer å finne mine kreative og praktiske dimensjonar, så eg har investert i enno fleire strikkepinnar og nokre nøster med alpakkaull. I fylgje Sara så er alpakkaull den beste ullen som fins. Dette vonar eg å få oppleve. I tillegg så fann eg meg ein utruleg søt kjole som eg har tenkt å sy. Type 50-tals med skikkeleg heftig svingskjørt med tyllfyll (oo, smak på det ordet!) og halterneckstropper. Det vert så bra! Gler meg til dei får inn mønsteret. Då skal eg jammen meg sy. Det blir moro!

Seinare på dagen vart det sosialisering med Litle-Jesper og Monica. Fyrst heime på Stølo før me forflytta oss til Kastet. Litt morosamt då Monica skulle inn og handle litt mat medan eg satt i bilen med småen. Han likar nemleg ikkje at bilen står i ro. Det er det same som vill hyling i baksetet. Så eg køyrde rundt, eg... Att og fram på Svortland, rundt og rundt på ein parkeringsplass. Eg er viss på at nokon byrja å lure på meg, men det var i grunn berre litt løye :) Vel fremme i rorbua drypte det både arveklede og lån av dansesko og dansemusikk. Eg er no bra heldig eg ja!

Eg må nesten fortelje litt om gårsdagen sidan eg er så godt i gong her. Då hadde me besøk av Frode, Elisabeth og Vebjørn. Så då fekk eg kosa litt med den babyen òg. Eg likar å vere tante. Eg får halde dei medan dei søv og er søte og snille. Og så får eg ta mange bilete av dei. Og så får eg gje dei frå meg når dei skrik. Eg er ei god tante, er eg ikkje? Vebjørn var no så god - han har forresten bevist at han skal bli musikar og lysteknikar og har visst allereie hatt omvisning i studioet til Frode.



Vebjørn er trøytt!



Tre generasjonar Jesper

lørdag 24. februar 2007

Hendige jenter og namnekonkurranse

Soleis. Då har eg og Katrine montert kommoden eg kjøpte på Ikea i går. Takk for haiken Hilde Marie! Eg fekk pakken inn til slutt. Det gjorde seg med litt hjelp. Den var overraskande tung. De veit, eg er jo ingen svekling ;) Så tung, det var den altså.


1. Ramma blir skrudd i saman. Eg og Katrine kosar oss med det.
(Legg merke til julesokken som framleis heng i bakgrunnen)


2. Bank, bank. Dette blir bra. Skuffemontering. Full konsentrasjon.




3. Det endelege produktet. Særs vakkert.


Om dette ikkje var nok, så har me i tillegg satt opp akvariumet mitt. No skal det godgjere seg ei stund før me skaffar oss innhald. Sidan me ikkje har råd til det, så vurderar me å krevje fisk, planter eller evt. pusling av minst 5 brikker i puslespelet vårt (som har tendensar til å aldri bli ferdig) av kosekvelddeltakarar. Forslaget vart, til fordel for dei trufaste kosekameratane våre, forkasta.

Toalettestetikk

Dei har mykje rart på Ikea i grunn. Eg har dekorert badet vårt òg no. Utruleg kjekt å ha noko å kike på medan ein set på do. Vona er at den lever i ein månad. Namneforslag er Potteplanten Lotte og Krølle. Har de andre forslag? Det vert premiering av beste namn og sjølvsagt får de æra av at dassplanta blir heitande dette... Heng dykk på folkens! Vinnaren vert bestemt i det Ineneske fellesutval og kan avgjerda kan ikkje ankast.

Oppdatering fylgjer...

Takk!

torsdag 22. februar 2007

Bollebaking

I dag har eg og Kristin baka boller. Dei vart særs vellykka. Medan me baka, strikka me. Og så sladra me. Og laga fine, pyntelege kort me skal gje bort i gåve. Noko seier meg at me held på å bli vaksne. Det er jo litt fint òg. Ein ting eg tykte var litt merkeleg, var at sjølv om eg bydde til bollar på MSN, så kom det ingen. Kva er det med dykk?!


Varme bollar rett frå omnen.