I går var det endeleg tid for haustballet, ei hending som eg trur dei fleste i dansegjengen min har gleda seg til i eit år no. På førehand hadde me skaffa oss kjolar, hatt håroppsettingsprøvedag og tromma i hop nokre kavalerar. Alt var lagt til rette for at dette skulle bli ein fantastisk kveld.
Eg sto opp tidleg, for eg skulle til Stine for å setje opp hår og ete graut. Eg vart rimeleg sint på håret til Stine, men det vart faktisk ganske fint når eg hadde kjefta på det ei stund. (Eg tullar ikkje altså.) Me åt litt svidd semulegrynsgraut og kosa oss masse med førebuinga.
Eg måtte stikke frå selskapet for å øve til swingshowet me skulle ha på kvelden. Eg var faktisk borte på hotellet i tide, men det var ikkje alle andre, så det vart vel heller lite trening. - Jaja, tenkte me. - Så lenge me har det kjekt, så vert det bra uansett. Det ville i alle høve vise seg når me skulle gjennomføre det.
Kjolane vart kasta på i ein fart og Siri teipa dei fast der det var naudsynt. Det var Lill-Ann sin teip og ho vart med den ein reddande, snartenkt engel. Stemninga var på topp på jentedo. Me fekk høyre om Wenche sitt verste mareritt då ho skulle gifte seg, me fekk sjå ei supersexy Susanne og me skremte nok vekk alle dei normale gjestene på hotellet. Dette var nemleg eit heilt vanleg toalett som me drista oss til å nytte som garderobe. Altså heilt normalt for oss BSI-jenter.
Etter kvart kom kavalerane til gards, mange av dei med blomar, og dei kunne geleide oss standsmessig inn i kongesalen for ein herleg middag. Her vart det rekecoctail til forrett, lammelår med fløytegratinerte poteter og så karamellpudding til dessert. Nam. Me fekk innføring i etikette og fekk høyre gode talar. Ingrid hadde herrenes tale og den var framifrå! Likeeins må eg skryte av trenartalen til Cecilie. Kort, konsis og morosam ;)
Då me endeleg fekk danse, trur eg at eg så vidt satt nedpå resten av kvelden. Det var så kjekt! Bandet spela, folk dansa og glisa som tilbakeståande sjimpansar. For eit vakkert bilete. Treng eg seie meir?
Både salsa og swing hadde show for kvelden, og salsaen var fyrst ute. Dei hadde ein knallbra rueda som var særs underhaldande. Så var det oss, då. Ein kan trygt seie at me ikkje hadde roen på det som skulle skje, men moro var det! Me kosa oss og gjorde det ganske bra, faktisk. Det er så utruleg kjekt å få respons på publikum at me girar oss heilt opp og vert gode. Eller, me føler me vert det i alle fall, og det er jo det som er viktig for at det skal sjå ut som om me kosar oss :) Kanon!
Ja, no er det eit år til neste gong, og eg gler meg allereie! Kveldar som dette går så altfor fort. Prinsesser i ballkjolar, nye folk, gentlemen, god mat, gode vener og mykje dans. Me har det så bra. Takk for ein fantastisk kveld.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
8 kommentarer:
herregud, for ein UFATTELEG fin kjole! :)
For ein utruleg nydeleg kjole, Kristine!! Vart reint avundsjuk eg no! Kor har du funne den? *kremt* :oP
Ebay baby! :D Og takk, takk!
Ka kommentar så blei sletta?!?! *nysgjerrig*
Det var berre eg som tok vekk ein av kommentarane, sidan eg ved ein feil la ut to like kommentarar.
Ey! Flott kjole, Kristine, men eg e sikker på at du har kjøpt minst tre nye sia sist du oppdaterte bloggen. Eg e jo innpå her kvar dag for å lese nåke nytt;(
Kan ikkje skuffa lesarane mine (ikkje i meir enn tre månadar i alle høve), så no har eg blogga att! Og kven treng å kjøpe kjole..!?
Legg inn en kommentar