Hjernen min har kopla ut all fornuftig tankegong, den vil berre ha input av kjensler. Ein naturleg reaksjon på våren. Det hadde vore vel og bra det der, hadde det ikkje vore for at eg faktisk treng litt hjerneaktivitet rett før eksamen. Eg har sagt det før, og eg seier det igjen - eg ser ut til å nedprioritere lesing i høve til andre aktivitetar. Dette er noko som vert karakterisert som ei skremande utvikling, men eg kunne ikkje brydd meg mindre. No. Me snakkast to dagar før eksamen.
I går var me og dansa på torgallmenningen. Det var berre så kjekt! Ut i regnet, dansa, lo, prata og kosa oss stort. På heimvegen song me høgt og vent. Utruleg kor mange gode, gamle songar me kom på!
Karina og Aslak kom så klart bort for å kose, og det enda med at Aslak knuste meg i TP. Eit nederlag som nok kjem til å henge ved meg ei stund. Eg skal ha hemn! HA!
Rett før eg skulle leggje meg, tikka det inn ein melding på mobilen min. Det er kanskje den finaste meldinga eg har fått, for der sto det så mykje fint at eg vart heilt rørt. Den har eg spart på. Det var ingen ringare enn Solbjørg som nok hadde falt for mine smekre tonar på veg heim frå Isdansen. Er det noko som er betre enn fine ord frå folk du bryr deg om? Det trur eg ikkje. I dag fekk eg enno fleire fine ord, både frå den eine og den andre, så eg vert berre gladare og gladare. Det er vår, eg er glad i folk og folk seier dei er glade i meg og eksamen ligg som eit vagt minne lengst innerst, øverst i hylla i langtidsminnet mitt. Eg byrjer å få ei aning om kvifor me er til :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Heihei solstråle!
Så fint at du er så blid og glad om dagen! :) En reser på å skrive er du også! Neida du, bare stå på -det er flere med deg som har tankene alle andre steder enn eksamen... Men det går nok bra til sist.. :p
Å! No vart eg enno blidare Vibeke! Dette var koseleg :) Og eksamen skal me klare, sjølvsagt. Alt går. Eg las nesten all norskpensumet mitt på ein dag her, så litt lesing vert det sjølv om ein tenkjer på andre ting. Hehe. Lukke til med eksamen! Når skal du i elden?
Legg inn en kommentar