Livet har nesten vore for godt til å vere sant for tida. Det har vore prega av sol, dans, gode vener og elles bra ingrediensar for ein fin kvardag. Så no var det på tide noko slikt skjedde. Neida, eg er i grunn ingen pessimist, men du må vere einig i at det ofte er slik..?
No lurar du kanskje på kva som skjedde, og svaret, det skal du få her. Det har seg nemleg slik at me var på Scotsman i går for å trene litt. Tidleg på kvelden var det ikkje så mange på dansegolvet, så me kunne hoppe litt og slikt. Det var vel allereie i den 2. dansen det fatale skjedde, me hoppa litt, og eg hoppa rett i ein fyr slik at eg kom i ubalanse og trødde over. Rett og slett eit overtåkk med sats. Glimrande. Då eg ikkje tykte det var så altfor gale etter ei kvil, svinsa eg meg ut på dansegolvet att. Så det vart dansing på meg resten av kvelden, om enn noko forsiktig. I dag tidleg vakna eg av at eg hadde vondt i foten. Klokka var vel 6 eller noko tenker eg. Eg låg ganske urørleg ein times tid i vona om at det ikkje var sant, men fekk smertefullt erfare noko anna då eg måtte stå opp. Fontena kom på og mamma måtte kontaktast. Stakkar, ho trudde vel at eg var døden nær eller noko. Det er godt at eg er så heldig å bu med Katrine, for ho steppa inn og ringte både legevakt og drosje slik at ei stakkars jente (meg) kunne få den hjelpa ho trengte.
Forresten så var det ei veldig hyggeleg, ung, legedame som behandla meg. Ho spøka, lo og kunne fortelje kva som var gale omtrent før eg hadde sagt kor eg hadde vondt. Det viste seg at ho var tidlegare medlem av BSI Dans, så ho forsto godt at eg hadde vore ute for eit overtråkk/-hopp. Uansett. Det kunne ta fleire veker før det var bra att, risikoen for nye overtråkk var store i alle fall eit år framover, eg måtte teipe beinet før eg dansa og no i byrjinga fekk eg ikkje lov til å gjere noko anna enn å sitje med beinet høgt og halde meg i ro. Så det vert visst litt lesing i påska. Snufs... Eg som ville ut og gå og elles finne på morosame ting. Æsj! Er det ikkje typisk?
Foten min. Ao!