tirsdag 27. mars 2007

Framleis vår i lufta


I dag sov eg lenge. Så leste eg ut ei bok. Og det var ikkje ei kva-som-helst-bok - det var pensumlitteratur. Utruleg herleg. Så rydda eg og gjorde eller viktige ting eg måtte komma på for å unngå å lese.

Eg, Rune, Rebekka og Ingrid (med følge av ein skokk sunnhordlendingar) tok likegodt middagen i Nordnesparken i dag. Me grilla og kosa oss. Eg og Rebekka runda av heile den vakre stunda med ein aldri så liten sightseeing på veg heim frå Nordnes. Der møtte me faktisk Ragnhild på tur òg :)

Rune et pølse!



Vel heime vart det til at eg tørka støvet av gitaren heilt til Karina og Aslak kom på besøk. Då sette me oss på soltaket. Det var ikkje særleg varmt, men me såg sola, så det var bra nok. Eg og Aslak hadde ein fin samtale om morfologi, fonetikk, syntaks og semantikk - ja, i grunn ein fin samtale om grammatikk. Djupt.

Eg parkerte meg i senga då dei gjekk att. Der låg framleis gitaren, så eg pirka litt på den. Det var moro å finne att grepa og den rustne stemma mi. Det heile var kanskje litt surt då eg hadde litt problemer med stemminga og generelt sett stemma. Jaja.

Kvelden vart avrunda med kosekveld. Mia, Steinar, Aslak og Karina tok turen i kveld òg. Det er så koseleg at!

søndag 25. mars 2007

Våren er her!

Eg har ei gladmelding til dykk: Våren er her!

I alle fall kjente eg den godt på kroppen i dag. Eg og Elisabeth var på Fløien på tur. Me gjekk sjølvsagt opp. Det var varmt og fint. Einaste problemet er at min venstre fot har begynt å skapa seg. Så nedoverbakkane var ganske vonde. For ikkje å snakke om dei påfylgjande timane med dans eg bedreiv etter at eg og Katrine åt middag på soltaket. Me sola oss òg. Og så høyrde me på musikk. Å! Verda er så fin i sol!

Elisabeth på Fløien



Elles: Fredag: Dansekveld på Hildemors. Eit lite samandrag av kvelden. Laurdag: I bursdagsfest til Nelkeen. Det var kjempegøy! Og så fekk me dansa. Jippi! Det er så kjekt med swinggutar.

lørdag 17. mars 2007

Oppgåveangst og Rock'n Rolf

Eg hadde tre innleveringar på fredag. Det forklarar vel situasjonen? Ikkje at eg hadde hatt så lita tid på meg, men eg var jo i danmark ein tur. Heh. Slik går det. Men ferdig - det blei eg altså!

På kvelden var eg på swingkveld på Rock'n Rolf. 50-talsparty! Synd at eg ikkje har sydd kjolen min enno. Etter litt kledestress kom eg meg endeleg avgarde, og Elisabeth hadde kapra plass til meg i bilen til Per Sindre. Smashing! Kvelden var veldig vellykka! Eg trur eg faktisk har blitt swingjente no. Det er jo så utruleg gøy! Eg skreiv litt om det her.

Stupedamo!

Torsdagen byrja med ein ekstremt bra norsktime. Eg hadde aldri trudd at eg ville like ordoppbygging og slikt, men det er ganske moro. Og forståeleg. Men eg fekk, som Isabel, vondt i hjarta mitt då me kunne bøye potet som hankjønn. Ein potet - poteten - potetar - potetane. Verda står ikkje til påske.

På kvelden var me på badetur på Vannkanten i lag med ein heil gjeng, dei aller fleste kjente eg ikkje, men kjekt var det likevel. Eg kjende presset då både Elisabeth og Stine "ikkje ville gå utan at eg gjekk," så bading vart det sjølv om eg eigentleg burde skrive oppgåve.

Badeturen gav meirsmak. Då eg hadde vasskrekk i mine yngra dagar, heng pinglinga litt att, men etter litt press frå Elisabeth kasta eg meg uti nokre sklier. Eller silebanar som det heiter på Bømlamål. Det vart sannsynlegvis "treigast i dag"-rekord sjølv om eg sklei det fortaste eg kunne, men eg var no nøgd likevel. Etterkvart vart eg lokka inn i "superbowl" der eg nesten mista badebuksa. Eg sa meg nøgd med å ta den berre ein gong ;) Elles så trena me på spektakulære løft i ekte "dirtydancingstil." Armane mine var dog litt for pinglete til å halde ein gut, så eg slengte likegodt stakkaren på trynet i vatnet. Elisabeth fekk gjennomgå då eg snudde ho opp ned under vatn. Det må nemnast at ho visste kva som skulle skje. Høgdepunktet med denne kvelden over og under vatn, var at Elisabeth, pedagogen, lærte meg å stupe! Kanskje litt flaut å vere 21 og ikkje kunne stupe, men det var den vasskrekken då... Uansett - eg byrja med å sitje på kanten, og slutta meg å stupe frå ein halv meter høg kant. RESPEKT!

Swingtrening og klatring - så iskveld

Onsdag var ein fin dag. På swingen hadde me først klatring på kvarandre. Det tok dei faktisk bilete av - sjå kor gøy det var! Så lærte me mellom anna turen "vippedisso" som var umåteleg morosam. Eg klarte å løfta ein gut! I tillegg så fekk eg meg dansepartnar til Snøhetta. Så no skal me faktisk gjere det. Eg berre kviskrar mottoet mitt inni meg kvar gong eg er i tvil (densomaldrigjernokodumterikkjesåkloksomhansjølvtrurdensomaldrigjernokodumterikkjesåkloksomhansjølvtrurdensomaldrigjernokodumterikkjesåkloksomhansjølvtrur)

Etterpå var det iskveld heime hjå oss! Det var verkeleg kjekt. Då kunne ein helse på mellom anna Susanne Sebra, Magnar Moskus, Henrik Hund, Marianne Maurslukar, Solbjørg Sursild osb. Blodsukkeret gjekk no opp att etter hard trening :)






Marianne, Renate og Ragnhild


Katrine og Stine

Tirsdagskosekveld

Tradisjonen tru vart det tirsdagskosekveld hjå Liens og Sæverud på tirsdag òg. Det var så koseleg at! I tillegg til stamgjestene Mia, Karina og Aslak, hadde Steinar teke turen òg. Det var populært, og me vonar han kjem fleire gongar (høyrer du!)

Kvelden besto av godteri, tv og massasje. Oppskrifta på ein fin kveld?

Trening og swingkafè

På måndag - direkte frå danmarkstur - var det trening og så swingkafè. Kongegøy! Då hadde eg sakna å danse ei heil veke (nesten), så det var godt å røre litt på seg att. Sjølv om eg framleis var på danskebåten og sjølv om augo mine streika på veg heim (eg var ein smule trøytt ja!) hadde eg ein knakandes fin kveld. Fekk til og med dansa til "live" boogiemusikk. Eg er veldig med på neste swingkafè! Her står det om kvelden.