torsdag 5. april 2007

Påskeferie

No er eg heime på Bømlo på ferie. Det går for det meste i å sitje i sofaen med beina på bordet og i å henge med tantebarn m/familie (les: for det meste Monica.) Foten er faktisk betre, så eg satsar på å kunne danse att når eg kjem tilbake til Bergen. Eg må berre få teken på teiping sånn at eg ser skikkeleg atletisk ut. Idrettsskade. Ganske kult.

I dag har eg lekt ride/køyrelærar for ein gjeng, noko som var morosamt. Nicko var så flink i dressuren i dag, eg var heilt imponert. No, derimot, er eg heilt ramponert etter ein looooong dag med trøing rundt i grusen. Eg ser fram til å leggje meg på sofaen og blunde litt.

Forresten så har Steinar bursdag i dag. Sidan eg veit at han er ein av mine trufaste lesarar, vert han heidra med ei høgvørdeg helsing her. Grautlera! (Eller gratulera.) Både med dagen og med heidringa. =)

Ingen kommentarer: