På lørdag var eg som kjent på avsluttingsfest med BSI, og det tok like mykje av som eg hadde håpa. Me dansa som nokre galningar og hadde det umåteleg kjekt. Og gjett om eg ikkje slo til og vann dansekonkurransen i lag med ein salsafyr?! Premien var gavekort hos fysioterapeut, noko som var heilt genialt. Det tok like mykje av då eg skreiv ei lita oppsummering av kvelden. Les: Til midt-natt i Bjørgvin by.
Dagen etter var eg tidleg oppe for å reise til Bømlo. Eg skulle i barnedåp til Vebjørn, i tillegg så hadde dei spurt meg om å vere fadder, noko som eg syns var veldig stas. Eg skal passe godt på han :)
Det vart mykje mat, kaker og kos heile dagen. Eg likar tantepliktene mine.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar