lørdag 30. desember 2006

Bowling og anna tidtrøyte

I går var eg, Reidun, svensken og Sigbjørn på StorD og bowla. Genialt. Lenge sio sist. Tatt i betraktning at eg generelt sett er håplaus på denne aktiviteten, må eg seie meg nøgd med å knuse til med nøyaktig 100 poeng i fyrste runde. Svensken stakkar, han satsa på 50. Men han leika tydelegvis berre med oss, og knuste oss med sine 130 poeng i andre runde. Då gadd ikkje eg meir. Siggi synte seg å vere ein habil spelar, men då han byrja å brife med venstehandsspeling skar det seg. Fredrik hevda at Reidun ville klart seg betre uten renner, noko som me andre støtta fullt ut. Ho skulda derimot på at kulene hadde feil farge.

Reidun, bowlinggudinna

Svensken prøver å bevise scoren (Det var 130 ja)

Etterpå gjekk me på dolly og skulle kjøpe pizza. Der likte dei tydelegvis ikkje å få kundar, dei ville mykje heller stå og prate på kjøkenet. Får håpe dei løyste nokre verdsproblem. Underteikna ba om å at dei tilsette vaska bordet før me jafsa innpå ein "sult" og ein "holiday," då kom nørden, bordvaskaren/ryddaren (som ikkje var overveldande dyktig i arbeidet sitt) og spraya eit kraftig vaskemiddel på bordet/dipen til nachosen og tørka deretter over med ein serviett. Stilig. Svensken meinte at "nu får vi lite cancer med" og blondie kasta seg framleis ivrig over dipen. High on dollydetergant tydelegvis.

For å avslutte soga; ma var både innom Kjell (shell) på heiane for å leite etter oransje wonderbaum. Det hadde dei ikkje. Så måtte me på sightseeing på ICA maxi. Eg meinte at svensken burde føle seg heime der - på ICA, ved olw ostbågarna og med ABBA i høgtalarane. Stakkaren var meir redd for at Reidun skulle sjå at det var tilbud på ostepop der ho kom i ein lett jogg frå håravdelinga med krølltanga ho kjøpte for Sigbjørn sine pengar. ("Jag hatar ostbågande" eller noko liknande) På ICA maxi møtte me også kjentsfolk. Hilde Marie og tysnesingen hennar skulle ha tacoingrediensar for å pleie ein sjuk storebror. Verda er sanneleg ikkje stor. Vel ute av butikken med "nu är det kalas, inget bekymmer, inget mas" i øyro, cruisa opelen avgarde til Sagvågen av alle ting. Dette for å gjere eit nytt forsøk på å skaffe seg wonderbaum i den allereie velduftande bilden. Siggi fann ikkje nokon "gode" duftgraner, så då gjekk Reidun med han inn og fortalte han at han skulle like dei dei hadde. Siggi kom ut med to nye dufttre med knalske fargar og sterke dunstar. Herlig.

Det var gårsdagen. Eg har visst eit behov for å uttrykke meg i dag kjenner eg. Kva har eg gjort i dag? Fint lite. Jo, eg var litt grei med ho mor, så eg rydda og vaska huset medag eg høyrde på Irene si "absolute ballroom" julepresangplate. (Altså; det var syster mi som fekk denne cden. Lite visste gjevaren at den skulle komme til nytte!) Litt midi-feeling, men ok. Det får gå.

Ein nokså vindfull dag på Bømlo i dag, men eg tok no turen opp til gampen. Lufte han i vinden. Han var meir grå enn gul i dag, så det blei vel meir børsting enn ridning er eg redd. Stappa no køyrebittet eg har fått låna i kjeften hans, og tenkte eg skulle teste det. Så då gjekk me, med ein sko i manko og ut i stormen. Pussig nok var Nickoen litt sprek i dag, så eg fekk faktisk litt Monifaxfeeling på veg heim. Artig. Eg kjende ingen forskjell med kimblewicken. Jaja. Fekk postkandaren min i posten i dag (Haha - postkandaren i POSTEN! Trøytt no ja.), så me får prøve lykka på det.

Har det ikkje skjedd meir i dag? For eit kjedelig liv. Eg skuldar på jula. Kanskje skulle eg ha tørka støv av dei berømte KRL-bøkene òg? Me det tar me litt på sikt.

I spelaren no: Melody Club med Covergirl. Jeey!

Ooh! Eg har tenkt òg! Kanskje me skulle tatt ein aldri så liten sosial samankomst hos casa Liens og Sæverud snart? Hadde vore skoy! Meld di interessa med ein aldri så liten kommentar (så får eg sett om det er andre enn meg som set her og glor også)

No er det natta her. Vareteljing i morgon.

Takk!

1 kommentar:

Eva sa...

No kjem eg og les bloggen din, mwuahaha.

*vinke* Godt Nyttår! :)