søndag 31. desember 2006

Ein gut!

Klokka akkurat over 20:00 fekk me beskjed om at Monica og Jesper fekk ein liten gut! Han er 3370 gram og 49 cm og heilt perfekt. Gratulerer til dei nybakte foreldrene :D

No er det action!


Eg vakna til mamma si entusiastiske stemme i dag. Monica og Jesper var på veg til sjukehuset. Så no er det ein liten junior på veg! I heile dag har me venta på telefon frå dei, men småen har det visst ikkje travelt.


I dag er det fint vèr på øya, så eg tok nokre bilete av Siggjo på veg til Moster. Og så blei det nokre hestebilder så klart då eg leika instruktør. Gøy!


Så set eg her og tenkjer - kva skal eg love meg sjølv for det neste året? Eg kan forsåvidt gjere som pappa kvart år: nyttårsforsettet hans er at han ikkje skal ha nyttårsforsett. Men i år tenkte eg faktisk at eg skulle utfordre meg sjølv litt meir. Så her kjem det, sjølv om eg ikkje kom på noko fantasifullt.


1. Eg skal lære meg dei store lykkjeskriftbokstavane.

2. Eg skal kome i betre form.

3. *Open for forslag*


Til slutt mine kjære lesarar:


Eg vil ynskje dykk eit strålande fint nyttår!

Siggjo i dag

lørdag 30. desember 2006

Leike seg...

Leika meg litt med å redigere litt. Morosamt... Tykte biletet vart litt kult :) No fere eg til Kristin!

Satelitten Kristine




Nokre ord om arbeid

Å arbeide i ferien. Høyres fornuftig ut. Tjene pengar medan ein har ferie. Men hei, stopp litt der no. Eg ynskjer å presisere at: pengar er ikkje alt! Det er vel på tide å røpe at eg har vore på jobb i dag. Forsåvidt ein grei jobb i seg sjølv, men i dag var det T-dagen! Teljedagen. No har eg telt og telt og no har eg ikkje fleire fingrar att. Det er vel skremande nok at eg i løpet av dagen har lært meg alle rammenummer utanboks, men det faktum at eg har snust inn uante kilo med støv (ja, sorry mor, det er støv på butikken din når ein dreg fram alle mulige gamle og skranglete ting frå forrige århundre) og bokstaveleg tala muligens fått støv på hjernen burde få raude varsellampar til å blinke og sirener til å hyle. Greit nok, eg hadde jo ein 'irene som hyla litt. Skodde no. Sliten no. Sove no?

Og så lurer du kanskje på - kva i alle dagar er det som motiverar denne jenta til å setje seg ned ved ein datamaskin og klage si naud for verda etterpå? Folkens, her får de svaret. Eg bryr meg om dykk. Søk tilflukt under ei varm dyne (evt. i ein kald kjellar i lag med skinnet til daude kyr for dei som liker det) når du er heime på ferie. Det er avslappande og deilig, og sjølv om du heilt sikkert ikkje har fortjent det, så kan du sikkert kome på mange gode argument for å overbevise deg sjølv viss du prøver.

Hah! Forresten. Var hos optikaren hin dagen. Og synet mitt var stabilt enno. Ikkje så interessant kanskje, men det beste var forklaringa på det. "Det er på grunn av at du er ei så aktiv jente. Og så mistenkar eg at du les for lite." HAHA! Genialt.

Bowling og anna tidtrøyte

I går var eg, Reidun, svensken og Sigbjørn på StorD og bowla. Genialt. Lenge sio sist. Tatt i betraktning at eg generelt sett er håplaus på denne aktiviteten, må eg seie meg nøgd med å knuse til med nøyaktig 100 poeng i fyrste runde. Svensken stakkar, han satsa på 50. Men han leika tydelegvis berre med oss, og knuste oss med sine 130 poeng i andre runde. Då gadd ikkje eg meir. Siggi synte seg å vere ein habil spelar, men då han byrja å brife med venstehandsspeling skar det seg. Fredrik hevda at Reidun ville klart seg betre uten renner, noko som me andre støtta fullt ut. Ho skulda derimot på at kulene hadde feil farge.

Reidun, bowlinggudinna

Svensken prøver å bevise scoren (Det var 130 ja)

Etterpå gjekk me på dolly og skulle kjøpe pizza. Der likte dei tydelegvis ikkje å få kundar, dei ville mykje heller stå og prate på kjøkenet. Får håpe dei løyste nokre verdsproblem. Underteikna ba om å at dei tilsette vaska bordet før me jafsa innpå ein "sult" og ein "holiday," då kom nørden, bordvaskaren/ryddaren (som ikkje var overveldande dyktig i arbeidet sitt) og spraya eit kraftig vaskemiddel på bordet/dipen til nachosen og tørka deretter over med ein serviett. Stilig. Svensken meinte at "nu får vi lite cancer med" og blondie kasta seg framleis ivrig over dipen. High on dollydetergant tydelegvis.

For å avslutte soga; ma var både innom Kjell (shell) på heiane for å leite etter oransje wonderbaum. Det hadde dei ikkje. Så måtte me på sightseeing på ICA maxi. Eg meinte at svensken burde føle seg heime der - på ICA, ved olw ostbågarna og med ABBA i høgtalarane. Stakkaren var meir redd for at Reidun skulle sjå at det var tilbud på ostepop der ho kom i ein lett jogg frå håravdelinga med krølltanga ho kjøpte for Sigbjørn sine pengar. ("Jag hatar ostbågande" eller noko liknande) På ICA maxi møtte me også kjentsfolk. Hilde Marie og tysnesingen hennar skulle ha tacoingrediensar for å pleie ein sjuk storebror. Verda er sanneleg ikkje stor. Vel ute av butikken med "nu är det kalas, inget bekymmer, inget mas" i øyro, cruisa opelen avgarde til Sagvågen av alle ting. Dette for å gjere eit nytt forsøk på å skaffe seg wonderbaum i den allereie velduftande bilden. Siggi fann ikkje nokon "gode" duftgraner, så då gjekk Reidun med han inn og fortalte han at han skulle like dei dei hadde. Siggi kom ut med to nye dufttre med knalske fargar og sterke dunstar. Herlig.

Det var gårsdagen. Eg har visst eit behov for å uttrykke meg i dag kjenner eg. Kva har eg gjort i dag? Fint lite. Jo, eg var litt grei med ho mor, så eg rydda og vaska huset medag eg høyrde på Irene si "absolute ballroom" julepresangplate. (Altså; det var syster mi som fekk denne cden. Lite visste gjevaren at den skulle komme til nytte!) Litt midi-feeling, men ok. Det får gå.

Ein nokså vindfull dag på Bømlo i dag, men eg tok no turen opp til gampen. Lufte han i vinden. Han var meir grå enn gul i dag, så det blei vel meir børsting enn ridning er eg redd. Stappa no køyrebittet eg har fått låna i kjeften hans, og tenkte eg skulle teste det. Så då gjekk me, med ein sko i manko og ut i stormen. Pussig nok var Nickoen litt sprek i dag, så eg fekk faktisk litt Monifaxfeeling på veg heim. Artig. Eg kjende ingen forskjell med kimblewicken. Jaja. Fekk postkandaren min i posten i dag (Haha - postkandaren i POSTEN! Trøytt no ja.), så me får prøve lykka på det.

Har det ikkje skjedd meir i dag? For eit kjedelig liv. Eg skuldar på jula. Kanskje skulle eg ha tørka støv av dei berømte KRL-bøkene òg? Me det tar me litt på sikt.

I spelaren no: Melody Club med Covergirl. Jeey!

Ooh! Eg har tenkt òg! Kanskje me skulle tatt ein aldri så liten sosial samankomst hos casa Liens og Sæverud snart? Hadde vore skoy! Meld di interessa med ein aldri så liten kommentar (så får eg sett om det er andre enn meg som set her og glor også)

No er det natta her. Vareteljing i morgon.

Takk!

torsdag 28. desember 2006

Dagens


Har endeleg sendt pakken til Jenna avgarde til amerika. Berre litt for seint liksom.


Eg les for augneblinken til forprøven eg skal ha i januar. I KRL. 60% stryk. Jippi. Kjekt på lærarskulen ja! Så no går det i likningar og under og gode greier.


Me held på å finne ut kvar Nicko kjem frå. Kanskje. Har fått tak i namnet på oppdrettaren i dag, og har lagt ut ei lita etterlysing på fjordhestforumet. Hadde vore knas å finne ut av opphavet. Legg ved eit lite bilete av gampen eg :) Som me forresten har køyrt ute i trafikken no! Blir bra køyreponni han.


Takk!

Av kamelslekt?

Eg - ein bloggar?

Ja, no blei det visst slik. Eg, Kristine, har offisielt blitt ein bloggar. Kor lenge dette vil halde veit vel berre fuglane, men eg gjer herved eit forsøk på å starte opp.


*Tum da dum*


Eg erklære herved dinna bloggen for opna. Her vil du etterkvart finne meiningslaus info om min kvardag og finne ut litt om kva eg meiner om diverse uinteressante fenomen og hendingar i verda.


Takk!

Tøffingen Oliver