onsdag 21. februar 2007

Gratulerer med dagen!

Gratulerer med dagen, Harald. Du er heilt konge.

Fishy

Dagens produkt:
Ser du kva det er?

Denne vene og høgst lite naudsynte figuren vart laga ute på Sotra i dag. Eit samarbeidsprosjekt mellom Kristin og Kristine som må seiast å vere ganske vellykka.


Poetiske linjer kjem seinare...

No, til dømes:

Så grøn og blank
og rett og vrang
Fantastisk handarbeid
om eg får seie

Eit lite konstruktivt
men sjarmerande produkt
Blei laga av studentar
som var leie

Enno mindre nytte gjer
dette vesle diktet her
Utruleg dårleg laga:
betre kan eg greie!

(Men det tek me seinare)

tirsdag 20. februar 2007

Morosam oppdaging!

Så utrulig genialt! I dag fann eg heimesida til dansegruppa eg var med i for fleire år sidan. Denne laga eg på vidaregåande. Morosamt. Skriven på dialekt og med litt grell design. Eg hadde gløymt heile sida, eg. Gode minner. Det byrjer å bli nokre år sidan no... Godt er det at eg fekk teke opp att dansen då eg kom til Bergen! No kan de kose dykk med den gode, gamle sida som me alle hadde gløymt at eksisterte - trykk berre her. Kanskje ser eg attende på denne bloggen om nokre år og flirer?

Så grusomt!

(Red anm; dette er kostyme altså, ikkje min tidlegare stil.)

søndag 18. februar 2007

Bli-kjent, kunst og bursdag

For ei fin helg! På fredag var det bli-kjent-fest med BSI Dans, på lørdag var det kunst med Mia, møte med Britt-Sofi og bursdagsfeiring for Magnar og Susanne. I dag er det eigentrening. Fantastisk!

Fredag var kjempekoslig. Me dansa heile kvelden, kun avbrutt av nokre vasspausar. Ein skal jo ikkje svime av av væsketap heller :0) Morosam historie: Eg og Aslak kosa oss stort med tullesalsa, me laga vår eigen dans sidan me ikkje har peiling. Då me kom tilbake til jentene ved bordet, kunne dei fortelje at nabobordet hadde vore veldig imponerte over salsaen vår. Dei trudde at me var skikkelig flinke. Konge! Me hadde det i alle fall veldig morosamt. "Referatet" mitt frå kvelden finn du her. Eg fekk dansa med mange flinke folk og eg trur faktisk eg lærte meg noko nytt òg. Takk for kvelden folkens!


Danseklare Kristine


Lørdagen var veldig fin. Kulturelle Kristine synte seg då ho samtykka til å gå på kunstutstilling med Mia på formiddagen. Det var ei ny oppleving, men det var interessant. Blir kanskje ikkje så ofte no heller då men... Etterpå gjekk me på kafè og åt nokre vannvittig søte solbollar som me skylte ned med ein vassen kakao. Så bar det til Dolly Dimples der me møtte Britt-Sofi og Sara. Kanonkoseleg! Så godt å klemme litt på Sophie att! Me kjøpte ein slags kjøttbollepizza som ikkje heilt fall i smak og så prata me om alt og ingenting. Turen gjekk heimatt for meg, og eg rakk akkurat å ta ein dusj før me gjekk oss vill på veg opp til Susanne. Med kake under armen. Me fann no fram til slutt og det synte seg at det var fleire enn oss som hadde tenkt på å ta med kake, så det vart ein skikkeleg kakefest! Me åt, prata, åt og dansa heile kvelden. Så no veit me kva folk driv med og kva kaker dei likar. Det er ikkje fritt for at eg lærte nokre nye moves den dagen heller. Og så fekk eg repetert kva ein variabel er. Nesten som om eg gler meg til å byrje med matte sidan eg er så tragisk i det. På veg heim måtte Maud trå til og forklare kebabhungrige forbipasserande at ho ikkje budde i Bergen. :)

Elisabeth og Astrid i bursdag

I dag skal eg danse att. Jippi!

onsdag 14. februar 2007

Vondt i beina

No sit eg her med vondt i beina. Men det er så verdt det! Har nett komen heim frå swingtrening, og det er jo berre heilt genialt. Eg dansar og kosar meg noko heilt enormt for tida. Dansen gjev meg så mykje ekstra energi som eg så sårt treng og likar! Det andre partiet i dag var konge, då det var neste likevekt med jenter og gutar. Det likar eg!

I går var det Grey's i stova vår. Mia, Karina og Aslak tok turen. Og no er sesongen slutt! Ånai! Det er så typisk at den sluttar sånn som den gjorde. Æsj. Men me opprettheld tradisjonen med tirsdagskos, berre at no blir det Frustrerte fruer istaden. Me treng ei unnskulding for å ete godteri midt i veka.

onsdag 7. februar 2007

Tydeleg vaksen

Eg har hatt ein skikkeleg dårleg mattetime i dag. Hurra! Er matematikk mi sterke side? Neppe. Og i morgon skal det vere matematikkens dag, men eg vonar og trur det blir gøy :) Kongeopplegg!

Elles så har eg dansa så klart. Det er heilt vakkert kor kjekt det er! Fleire nye turar og greier. Eg må berre rekke eigentreninga på søndag! Då skal eg lære enno meir. Basta.

Eg gler meg til helga! Då skal eg heim og helse på tantebarn og sjølvsagt resten av familien. På lørdag er det ungdommens kulturmønstring der eg skal sitje i juryen. Det blir knas! Lurer på kva "ungdommane" har kokt i hop dette året. Ungdommane ja. No har me jo blitt vaksne, tydeleg vaksne. Sant Isabel og Kristin?

tirsdag 6. februar 2007

Lenge sidan sist

No er det lenge sidan eg har vore aktiv her inne. Fyrst og fremst ynskjer eg å skulde på praksis, dernest på det stygge vèret. Praksis tar mykje tid og vèret er alltid greit å skulde på sidan det alltid regnar her.

I det siste har eg hatt eit skikkeleg sosialt liv. Det nokon vil kalle for normal sosial omgong kanskje, men eit unnatak for meg. Treigingen.

På torsdag var eg hos Øystein borte på Gyldenpris, og der fekk eg jo òg sjå igjen Karis, Hanne, Jane og Ole. Ekstremt koseleg. I tillegg fekk eg innblikk i ein malawibiotop OG sjå fôringsroboten til Øystein. Eg må innrømma at den var ein nedtur, men det var eg jo blitt førespegla, så eg kan ikkje nett klage. Eg fekk ny iver i akvarieprosjektet. Me må berre ha ei hylle først. Jupp. Og då skal du hjelpe meg Øystein. Så det så!

På fredag bar det også over puddingen der eg og Stine vitja Nelkeen (i nabohuset til Øystein!) Her var det ekstremt mange pskykologistudentar, så det var litt skremande, men me klara oss fint. Eg møtte faktisk ei jente frå Eid der! Og ei som hadde gått på folkehøgskule med Øyvind, som i tillegg var bestevenninne med søskenbornet til ei frå Bømlo. Ei lita verd! Men Elisabeth har framleis stor latter, så me klarar oss!

I helga hadde eg det fint og sosialt att. (Ikkje det at eg ikkje har det fint vanlegvis, men dette var ekstra fint.) På fredag var eg med Maria til Bontveit (eller Almeland då for dei som skal vere pirkete,) og der ridde me på tur. Skikkelig sosialt og koslig. Og eg fekk ri i cowboysal og følte meg som ein skikkeleg hick. That's the stuff! På ein tinker!

På kveldstid bar det til Fyllingsdalen på besøk til Mia og Steinar. Og det var berre heilt fantastisk! Kanongod mat, kanongodt selskap og kanonmykje latter. Me fekk omvisning, dei hadde fyrt i omnen for oss, eg fekk snoke i biblioteket, me fekk prate med Gus og ete brownies. Treng eg seie meir?

Eg og Mia i ein ekstremkos

Søndag: Eg var Glade Kristine på MSN, for det er eg sanneleg. På dagen var eg og Blakken på fjelltur der me både hoppa, klatra og prøvde racergiret hans. Og sanneleg kom det nokre glytt av sol! Og det er alltid like morosamt å stinke hest på bussen heim ;) Så kom tida for å røre litt (meir) på lekamen og dette gjorde eg så klart på eigentrening på dans. Eg byrja med standard og latin klokka 17.45 der eg og Elisabeth tok heilt av på sambavrikkingtrening. Så var det swingtrening som var kjempegøy. Eg fekk danse med så flinke folk! Då er jo eg lykkeleg veit de. Takk for tålmodet - trur det er slik ein lærer fortast. Som om ikkje dette var nok så var eg att på folkedans. Mest på grunn av vèret kanskje (det lyna og regna og hagla og you name it), men eg fekk då danse litt vals og halling (?). Morosamt!

Frå fjelltur med hest og sol!

Eg har det bra! Takk.