Viser innlegg med etiketten humor. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten humor. Vis alle innlegg

søndag 23. mai 2010

Den pessimistiske og den optimistiske

Har du høyrt historia om dei to ulike brørne? Denne er ein vits som er ganske universell, du finn den i mange ulike kulturar (og versjonar), og eg tykkjer den er fantastisk! Her gjenfortalt etter minnet.

Det var ein gong ein mann. Han hadde to tvillingsøner. Den eine var veldig pessimistisk og såg negativt på alt. Den andre var stikk motsatt: han såg positivt på alt som hende han.

Det nerma seg bursdagen til dei to gutane, og faren sytte for overraskingar. Den pessimistiske sonen sitt rom fylte han med alt du kan tenkje deg av gåver og leiker. Her var alt ein kunne ynskje seg. Rommet til den optimistiske sonen fylte han med hestemøkk.

Faren gjekk fyrst til sin pessimistiske son. Han okka og bar seg. Leikene var feil farge, venene kom til å bli misunnelege og han hadde vel eigentleg ynskja seg noko heilt anna. Faren gjekk då vidare til den andre sonen sin. Han fann han i full gang med å skyfle møkk. Han gravde så møkkaspruten sto og var voldsomt ivrig. Faren spurte han kva i alle dagar han dreiv med. Sonen svara entusiastisk:

- Jo, eg tenkte at sidan det er så mykje hestemøkk her, så MÅ det jo gøyme seg ein ponni ein eller annan stad!