Eg og Torkil er no på sommarferie, og til no har me vore i vakre Sogn og Fjordane. Her kjem ei lita oppsummering frå det me har gjort på dei siste dagane.
Torsdag: Etter "eg-anar-ikkje-kva-eg-skal-ha-med-meg-pakking" vimsa me oss på ein buss til Eikanger. Her vart me møtt av mor, syster, Edd og Bob. Kvelden gjekk med til småprat, klargjering av bil, besøk hos Torkil sine besteforeldre og stabling i bilen. Me fekk dytta inn bagasje til alle familiemedlemmene, samt ei og ei halv madrass, slik at me kunne campe.
Fredag morgon sto me opp TIDLEG! For å nå actionen på Mo, måtte me reise i halv 7-tida. Me kom oss kjapt til Førde, og hadde god tid til maratonen skulle starte. Me såg på, sprang frå hinder til hinder, og heia det beste me kunne. Maraton er så kjekt! Heldigvis gjekk alt bra, til trass for at det var ei som velta. Heldigvis var hesten hennar så grei at han berre skritta roleg vidare med vogna på halv åtte! Fjordhestar er fantastiske! Litt snoping vart det òg, i fjordhestshoppen. Er no lukkeleg eigar av ein kul fjordhestjakke. Me var også ein tur til Førde, noko som vart ei våt oppleving. Grillfest på Mo på ettermiddagen, med premieutdeling og koselege folk. På kvelden vart me invitert på fest i Førde. Me møtte sjølvsagt Mari på NM, og ho ville ha oss med ut. Me kom for å bli med, det var høg fjortisfaktor, men då me skulle inn på "Træskeverket" viste det seg at det kosta pengar, så det gadd me ikkje, trøytte som me var. Sov i bilen på parkeringsplassen på Mo. Fint det!

Ina, Atle og Balder i vatnet på maratonen
Annifrid og Prinsen gir bånn pinne i hinder 1
Laurdag morgon åt me frukost medan me prata med mellom anna Hanne. Koseleg å sjå folk att! Laurdagen hadde både knøttecup og presisjon, så det skjedde no litt rundt oss. I 11-tida reiste me til Eid, for eg hadde nemleg ringt Jostein dagen før. Han lova oss lån av ponniar til ein fjelltur

Torkil klappar ein kalv framfor Huldefossen på Mo

Me køyrer langs Jølstravatnet på veg til Eid. Vakkert!
Fjellturen var knallfin. Det tok vel omlag 2 timar å få sala på då det var både opplæring og samansetting av utstyr til begge hestar. Her var det berre å setje saman slikt som passa. Alt var for stort, for lite eller liknande. Me kom oss ut til slutt. Me tok markavegen over hyttene, og då Vesleprinsen fann ut at han ikkje kom nokon veg med etinga si (i alle høve ikkje alltid), kom han etter meg og Monifax. Me rei heilt til Fossane, knalltur. Tok det roleg med mange pausar sidan hestane var i "ferieform," og leia dei faktisk det siste stykket. Bra for rumpene våre. På veg ned syns Monifax det meste var skummelt, men han var no grei. Prinsen oppførte seg eksemplarisk, og Torkil var veldig flink med han. Vel heime fekk dei kvelds og ein liten dusj. Det gjorde me òg. Kristin ga oss lov til å bruke dusj og det me måtte trenge. Eg følte meg som heime, det var godt.

Stell må til før me fer på tur. Torkil og Vesleprinsen på senteret
Monifax og Vesleprinsen helsar på kvarandre.
Turisten Torkil på sin stolte ganger
Beitepause... Det var jo ein lang tur...

På veg ned att. Det er så nydeleg her!
Sundag fekk Monifax og Timmy kome ut og ete gras medan me åt frukost, litt bortskjemte må dei jo få bli. Kristin anbefala Måløydagane, og som sagt så gjort. Me reiste til Måløy. Her handla me bursdagspresang og bryllaupspresang, me bowla, var på tivoli og me åt på ein koseleg kafè. Etter det reiste me til Refviksanden. Her vart me litt fornerma, sidan dei tok 20 kr. i parkeringsavgift, så me reiste vidare til Kråkenes. På vegen var me innom Kvalheim, Kristin og Line sin originale heimplass. På Kråkenes var det vindmøller! Me gjekk også ein tur utom fyret og speida utover Stadt. Vilt og forblåst! Konge plass. Me tok ein "snarveg" over lyngheia tilbake til bilen og såg nydeleg natur. Forstår godt når folk protesterar på kraftliner i landskapet. Me køyrde opp svingane frå Kråkenes, og parkerte på ein rasteplass med utsikt nedover. Her grilla me. Grillen var tydlegvis frå i fjor, for me brukte ganske lang tid, og mange fyrstikker, for å få fyr på den. Fyr vart det, og me kunne kose oss med grillbein og salat. Det regna, men me rygga berre bilen bort til grillen og hadde opp bakluka. Røyka ut alle tinga våre, men også smikka (knotten)! Reiste attende til Eid, og budde ved senteret.
Frukostbeiting
Mette og følet hennar, ei nydeleg raudblakk hoppe
Bowling i Måløy!

Den fyrste vindmølleparken i Norge!

Kråkenes fyr! Vææ!
Hello!

*Jogg, jogg*
Utsikt

Grillings i regnvèr
På veg attende til Nordfjordeid
Måndag vakna me av ivrige rideleirelevar, så det var berre å kome seg opp. Me åt frukost i kantina medan me prata med Kristin, Line og Siri. Jostein kom også no, så han helste fint på "odelsguten." Me fekk ei omvising i dei nye kontora og fekk nytta det nye badet deira til ein dusj. Steinar dukka no opp for å prate litt, noko som var særs koseleg. Han lukta på å kjøpe seg føl - noko må ein kar gjere på. Me reiste deretter vidare til Stryn. Tenkte oss ein tur innom Innvik for å kjøpe bryllaupspresang til Jenna og Matt. Det vart turjakker til dei begge, ein fin presang. Så gjekk turen til Stryn att og opp på fjellet. Me skulle gå opp på Gryta og få utsikt over heile bygda. Diverre var det tjukk skodd og isnande regn, så noko utsikt vart det ikkje. Var ute eit par timar og vart kliss gjennomblaute - eg vart i alle høve det. Eg trudde at oljeklede frå Helly Hansen skulle halde regnet ute, men det gjorde det tydlegvis ikkje... Hmf! Etter eit skift i bilen, ringde me Jostein. Han tilbaud oss ei hytte når me var på Eid. Det ville me jo takke ja til. Etter ein pizzamiddag fòr me avgarde til Ullsheim og Vonheim. Me møtte Josten i full sykkelhabitt. Han forklarte oss vegen til hytta, og lova å kome innom seinare. Og for ei hytte! Den var diger! Det viste seg at Jostein driv eit hyttesenter, og han lånte oss ei av dei. "Den står no ledig. De kan vere her viss de vil." Og OM me ville! Det var deilig å kome seg inn i ei skikkeleg seng og til dusj og moglegheit til å tørke kleda våre. Det var faktisk også badstu her, så me skulle no få varmen, ja. Som takk for gjestfridom, hadde me kjøpt ei flaske raudvin til han, noko eg var glad for då me såg kva han lånte oss. Herlighet så snill! Eg fekk streng beskjed om å ringe neste gong eg var i området, noko som eg sjølvsagt kjem til å gjere.

Vepsen me møtte i Stryn


No set me i bilen, det er tysdag og me skal køyre langt. Det var godt med ei natt i ei skikkeleg seng med skikkeleg sengety og frukost ved eit bord. I dag går turen over Strynefjellet til Lom. Etter det tar me av mot Fagernes og køyrer Valdresflya. Me køyrer til me ikkje gidd lenger, så me veit ikkje om me kjem fram til hytta i dag. Det betyr heller ingenting, så me tar det som det kjem. Me får nyte turen og utsikten. I dag er det i alle høve nydeleg Vèr! Etter nokre dagar med regn, gjer det godt for sjela, ja.
På veg frå Stryn. No gjekk det vidare over Strynefjellet
*Resten av ferien kjem i ny blogg...
2 kommentarer:
Så koselig! Må innrømma at eg kje har lest siste innlegg ennå, men eg har sitt på di fine bildene :=) :P
Klokkå e ti øve fira så eg tørde kje legga meg ud på alt for lange artikler i og me at eg må holla meg vågen i fira timer t (e på jobb :P)
Glede meg t å lesa d når eg e opplagt, virke som om dåkkår har hatt d konge jaffal
E.
Blir så glad av å se på/ lese det innlegget her! =)Fine bilder, fin tekst, fine folk!
Legg inn en kommentar